DETALJSTYRT: Stortingspresident Olemic Thommessen taler under middag på Slottet, til kongens underholdning. I Grunnloven finnes mange kuriositeter som regulerer forholdet mellom konge og storting. «Grunnlova må som andre heilage skrifter lesast med kritiske historiebriller», skriver Andreas Hompland. (Foto: Berit Roald / NTB scanpix)
DETALJSTYRT: Stortingspresident Olemic Thommessen taler under middag på Slottet, til kongens underholdning. I Grunnloven finnes mange kuriositeter som regulerer forholdet mellom konge og storting. «Grunnlova må som andre heilage skrifter lesast med kritiske historiebriller», skriver Andreas Hompland. (Foto: Berit Roald / NTB scanpix)Vis mer

Dei komiske paragrafane

Sjøl om språket blir meir leselig og innbydande, er ikkje Grunnlova eit opplysande lærestykke i demokrati. 45 av dei 112 paragrafane handlar om den makteslause Kongen.

Meninger

SØNDAGSKOMMENTAREN: Kjærligheten er et sted å feste blikket. Og Grunnloven er et sted å stå.

Slik var kongens inngang og utgang i ein nyttårstale som var så vakker og verdig, elegant og empatisk at statsministeren hadde eit psykisk problem dagen derpå. Kongen siterte poeten Anne Grete Preus og lente seg tungt på Tor Bomann-Larsens sjette kongebiografi om Haakon den sjuande i juni og juli 1940. Boka er den mest utsøkte av Bomann så langt, og det seier mye. Det er ei bok til å bli forført av, og kongen og hans hus, hoff og skivande lakeiar har åpenbart studert verket inngåande, for nyttårstalen var full av lånte resonnement og referansar til Haakon VII som «bar Grunnloven i lommeformat på sitt bryst gjennom fem lange år».

Kongen gjorde ein tilslørande gest til sitt folk då han framheva at Haakon VII svarte nei til det tyske kravet om å gjera Quisling til statsminister. Bomanns store poeng er nei nummer to: Den utlendige kongens nei til å retta seg etter kravet frå Stortinget presidentskap og to tredels fleirtal frå alle parti om å abdisera for å skapa betre forhold til dei tyske okkupantane. Under press og med full ryggdekking frå landets leiande og beste menn frå rettsvesen, kyrkje, administrasjon, næringsliv og fagrørsle. Det låg også korta at dette med svensk mellomkomst kunne åpna for å gjera den tre og eit halv år gamle prins Harald til barnekonge og regent. Som sagapynt i det storgermanske riket.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det sto ikkje på viljen til å gje etter for dei som skulle halda hjula i gang her heime mens Tyskland sigra på alle frontar. Det var Terboven og Hitler sjøl som slo det parlamentariske taskenspelet over ende, redda heimeverande norske styresmakter frå vanære og sikra kongehusets og ære gjennom Haakons personlige kongemakt.

Kongen tjuvstarta og kuppa egentlig den breie og demokratiske grunnlovsfeiringa i nyttårstalen ved å inkarnera bestefaren og gjera Kongen til nasjonens skjold og konstitusjonens verje. For sjå: Alle ting blei nye etter 1905 og sanktifisert i 1940. Det er ei god fortelling. Den danske prinsen blei valt til konge av folket i ei plebisittisk folkerøysting. Han og hans engelske dronning lærte seg å leva med den evige sne. Sidan har det innskrenka kongedømmet gått i arv, og det har gått bra: Den stotrande Olav blei folkekonge på trikken; han vi har nå er ein grei kar i det empatiske monarkiet; og kronprinsen gjer seg godt som utagerande og personlig bistandsminister. Når tida er inne, vil han bli Konge av eiga nåde.

Men i eit 200 års perspektiv er der også ei anna soge om tilhøvet mellom konge og folkemakt. Det siste halvåret før 17. mai 1814 blei danske prins Christian Fredrik taktisk omvend frå kongelig einevelde til stortingsvald konge. Dei første 70 åra av unionen med Sverige var ein evig strid mellom folkets kårne og kongemaktas regjering og embetsmenn. Etter kvart utvikla det seg ny sedvane og statsrettslig praksis, men Grunnlova har stadig sterke og merkelige spor frå desse historiske kampane.

I nyttårstalen sa kongen: «Grunnloven må speile vår egen tid og virkelighet, ellers mister den sin relevans og sin verdi». Det har han rett i. Men det skjer ikkje gjennom ei reint språklig modernisering på tidsmessig bokmål og nynorsk som Stortinget nå arbeider med som jubileumsgåve til det norske folk. Det ligg føre forslag frå kyndige lingvistar og juristar, men det vil ikkje forundra om lysten til parlamentarisk språkkontroll vinn over konstitusjonell opptuktelse i komiteen. Då kan det blir mange «skjenelause køyregreier» og pinlige/pinefulle kompromiss.

Den muntre konstitusjonsvaktaren Martin Kolberg har som mål at alle som les Grunnlova, skal forstå det som står der. Då hadde det vel vore betre å setta oppdraget ut til ein barnebokforfattar i staden for å vedta ein tekst i grunnlovs form med 2/3 fleirtal i landets nasjonalforsamling.

Grunnlovsteksten som folkeopplysing er ein vakker, men fåfengd idé, same kor enkelt og dagligdags språket er. Ja, kanskje særlig då: Det kunne jo føra til at sakeslause folk tar det som står der på alvor som den fundamentale bruksanvisinga på kordan det norske systemet er skrudd saman og verkar i dag, med grunnleggande verdiar i prioritert rekkefølge.

Slik er det ikkje. Teksten har historiske røter og løyner lag på lag av skiftande relevans. Spora etter alderdommelige samfunnsforhold kan ikkje fjernast ved at språket gjennomgår ekstrem oppussing. Det kan tvert imot gje inntrykk av at anakronismane er relevante i dagens situasjon. Grunnlova må som andre heilage skrifter lesast med kritiske historiebriller.

Kong Harald framstår som Grunnlovas høge beskyttar, men Kongen som institusjon og person er også Grunnlovas store problem. Det er mange merkverdigheter i paragrafane 3 til 48 «Om den udøvende Magt, om kongen og den kongelige Familie og om Religionen». Dei er ikkje språklige, men substansielle, sjøl om Kongen av og til skal lesast som Regjeringa.

Alt i § 4 heiter det, og heretter bruker eg Graverforslaget som har modernisert bort dei store Bokstavane i Substantiv: «Kongens person er hellig; han kan ikke lastes eller anklages». Det er jaggu noe å by nye landsmenn og innfødde med veksande respekt for sakral og religiøs hellighet. Og der er meir: Etter § 34 er det kongen sjøl som bestemmer over titlar for dei som har arverett til krona, for eksempel Märtha Louise som er prinsesse og ikkje fru Behn. Dermed er ho også heva over allmenne borgarlige lovar og reglar, for som det heiter i § 37: «De kongelige prinsesser og prinser skal for sine personer ikke svare for andre enn kongen eller den han setter til dommer over dem.» Momsugreie, muting, nasking, råkjøring eller lovstridig utagering er ei sak for kongelig skjennepreike. Til gjengjeld er dei underlagt arrangerte ekteskap i § 36: «En prinsesse eller prins med arverett til Norges må ikke gifte seg uten kongens tillatelse». Gjer dei det, mistar dei retten til Norges trone for seg og sine etterkomarar.

Alle innbyggere i riket har etter den relativt nye §16 rett til fri religionsutøvelse, men det gjeld ikkje kongen. Etter personlig påtrykk fekk han behalda § 4: «Kongen skal alltid bekjenne seg til den evangelisk-lutherske religion». Ettersom statsoverhodet ikkje lenger er statskyrkjas overhode, må vel medlemskap i Den Evangelisk Lutherske Frikirke kunna passera. Men Gud er heile tida med på den sivile stats grunnlovslass, for alle som skal bestiga Rikets trone, må avlegga eid til Stortinget om å regjera i samsvar med konstitusjonen, «så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitende!» (Ropeteiknet er ikkje mitt.) Men det skal Grunnlova ha: Kravet om å styra etter Bibelen, etter «Hans hellige Ord», blei oppheva i 1908. Då forsvann også § 12 med krav om «Kroning og Salving i Trondhjems Domkirke», men tradisjonen lever vidare som signing og pilegrimsgang, med eller utan lysfontener.

Vi stoppar der. Om du sjøl slår opp i Grunnlova, i gamal eller ny språkdrakt, kan du fornøya deg med at dei som er tilsett ved hoffet, ikkje har lov til å fagorganisera seg (§24), kva som skal skje når Kongen er ute av riket utan å vera «i felt» (§41), kordan umyndige kongar skal oppsedast (§47), eller kva som skal skje «når kongestammen er utdødd» (§48).

Are Kalvø si velsigna kortfatta, nye grunnlov i seks punkt etter folkets innspel på nett og fjernsyn, har i grunnen løyst Stortingets problem. Der lyder punkt 3: «Norge må gjerne ha ein kongefamilie, så lenge både folket og familien sjølv vil det, men kongefamilien må også få sleppe den dagen familien eller folket har fått nok. Etter det bør jobben som dronning eller konge gå på omgang mellom folket. Ein gong i året blir det trekt ein ny konge eller dronning, som skal ha tittelen Dronge. Dronga har ikkje makt, og skal oppføre seg som folk.»

Dette må både moderate monarkistar og ikkje-revolusjonære republikanarar kunna slutta seg til som eit pragmatisk kompromiss. For i dette landet er vel folk flest ikkje så langt frå det eg går ut frå er denne avisas standpunkt: På demokratisk grunnlag prinsipielt mot arvelig monarki, men for kongen.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook