Foto: NTB scanpix
Foto: NTB scanpixVis mer

Dei små ting

Ein støy som veks i styrke: Vi er! Nå!

Meninger

Så godt, så stille.
Her. Der vi er
Berre dagsens larm frå livet.
Berre dei små ting som hender
når dei hender

Slepp sjå lenge på det.
På skjermane.
Langt borte.
Bårande hav med opne små båtar.
Menneske går i land på ei strand langt borte.
Menneske med små byltar på ryggen.
Som endelaust kryssar grenser mellom land og liv.

Ser noko i augo deira.
Vil ikkje, kan ikkje sjå for godt etter.
Slepp kjenne smerta og gleda blanda i hop.
Over livet dei reiste frå.
Som vart eit
det som ein gong var.
Ei uro berande i seg.
Eit kva nå?

Dei små ting som hender
når dei hender

To bilete:
Ein familie på fire, held rundt kvarandre.
Rammar inn kvarandre i kaos.
Ei mor med eit lite barn på armen,
ein liten går ved sida.
Held hardt fast
med små fingrar i mors klede.
Går den lange vegen

Stirer litt for lenge på biletet.
Ser noko i mors augo.
Stilla er broten.
Dei mange andleta slepper ikkje taket.

Ein støy som veks i styrke:
Vi er! Nå!

Dei små ting som hender
når dei hender?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook