UVISSE: «Regjeringas budsjettkutt skapar uvisse», skriver artikkelforfatteren. Foto: John Terje Pedersen
UVISSE: «Regjeringas budsjettkutt skapar uvisse», skriver artikkelforfatteren. Foto: John Terje PedersenVis mer

Dei små forlaga er mest sårbare

Eit mangfald i utgivarleddet gir mangfald i litteraturen.

Meninger

Verken forlag, forfattarar eller lesarar eksisterer aleine i eit vakuum, uavhengige av kvarandre. Innkjøpsordninga er heller ikkje til for ei av desse gruppene, men skal vere til beste for samspelet dei i mellom. Ønskjer Noreg ein mangfaldig litteratur skrive på norsk, treng vi profesjonelle forfattarar som skriv han. Og vi treng forlag som gir ut og distribuerer, og bibliotek som synleggjer bøkene for potensielle lesarar.

Inntekta forfattarane får frå sal av bøker til innkjøpsordninga gir er eit føreseieleg minstehonorar per utgjeving i ein elles ofte ustabil forfattarøkonomi. Dette kan vere avgjerande for å kunne gå i gang med nye bøker. For forfattarar som ikkje sel i bøtter og spann, men som likevel gir viktige bidrag til språk og litteratur, kan royalty for sal til innkjøpsordninga utgjere ein vesentleg del av den totale inntekta for ei utgitt bok.

Det er dei små forlaga som er mest sårbare om dei ikkje lenger kan rekne med at kvalitetslitteraturen deira blir kjøpt inn gjennom innkjøpsordningane. Det er ikkje dei største skjønnlitterære forlaga som vil lide mest, slik mange ser ut til tru. Det er små kvalitetsforlag som til dømes Kolon, Samlaget og Flamme som vil merke kutt i innkjøpsordningane best. Innkjøpsordningane bidrar nemleg til at mindre forlag i Noreg ikkje berre gir ut bøker med bestselgjarpotensial. Vi finn forlag som med sin alternative utgivingsprofil utfordrar dei tre store. Ein konkurranse som ikkje handlar om pris, men kvalitet og innhald. Det er noko å merke seg for ei regjering som er opptatt av dynamikk og konkurranse i bokmarknaden. Eit mangfald i utgivarleddet gir mangfald i litteraturen.

Det er riktig med ein grundig gjennomgang og vidareutvikling av innkjøpsordningane. Men ein oppnår ikkje målsettingane for ordningane ved å kutte i budsjetta. Mindre budsjett gjer det vanskeleg å forbetre formidlinga ut til lesarane, det gjer det vanskeleg å legge til rette for at e-bøker også vidare skal inngå i ordningane. Forfattarforeininga håpar regjeringas budsjett for 2015 gir rom for å styrke formidlinga av bøkene, slik at fleire bøker når langt fleire lesarar. Regjeringas budsjettkutt skapar uvisse om vi framover klarer å oppretthalde eit litterært mangfald ved å sikre eit mangfald av utgivarar, uvisse om forfattarinntektene er meint å skulle gå ytterlegare ned og om regjeringa eigentleg ønskjer å oppnå det dei sjølve har sett seg som mål: føre ein litteraturpolitikk som tar særleg omsyn til forfattar og lesar.

Forfattarforeininga ønskjer gjennomgang og betring av innkjøpsordningane velkommen. Vi håpar budsjettet for 2015 gir rom for å gjere dei best muleg for lesar og litteratur.