KJØPTE DATABASE: I sommar kjøpte legemiddelfirmaet GalaxoSmithKline tilgang til 23andMe sin database med DNA-informasjon om fem millionar personar. Blant dei er det truleg fleire tusen nordmenn. Foto: Shutterstock / NTB Scanpix
KJØPTE DATABASE: I sommar kjøpte legemiddelfirmaet GalaxoSmithKline tilgang til 23andMe sin database med DNA-informasjon om fem millionar personar. Blant dei er det truleg fleire tusen nordmenn. Foto: Shutterstock / NTB ScanpixVis mer

Debatt: Gentesting

Dei solgte gentestane mine

Kva om legemiddelindustrien neste år vil dele DNA-et mitt med forsikringsbransjen, arbeidsgivarar eller datingselskap?

Meninger

Stadig fleire nordmenn tar gentestar på den private marknaden. Eg er ein av dei. Til arbeidet med boka «SPRUT – Historia om kroppsvæskene våre» sende eg i fjor sommar ein spyttprøve til selskapet med det ufarlege og nokså inviterande namnet 23andMe.

Målet mitt var å undersøke kva DNA-et mitt kan seie om meg. Svara gav meg ein del å tenke på, men ikkje på den måten eg hadde trudd. For nokre månader sidan selde nemleg 23andMe informasjonen om DNA-et til alle kundane sine vidare til eit legemiddelselskap. Kva gjer eg då?

FORFATTAR: Åsmund H. Eikenes.
FORFATTAR: Åsmund H. Eikenes. Vis mer

Svara på gentesten min kom etter tre veker. Hundre prosent europear og ingen store overraskingar. Resultata inneheldt også eit par genetiske fun-facts som gjeld for både meg og dei fleste andre Europearar:

1) Eg og Marie Antoinette har ein felles stamfar som levde for 18 000 år sidan.

2) Eg stammar frå ei kvinne som kryssa Raudehavet for om lag 60 000 år sidan.

Dei enkle svara er neppe verdt 1500 kroner. Men andre lovar at DNA-et mitt er som å sjå inn i krystallkula.

Korleis bør eg leve? Selskapa lovar detaljerte svar om måtar eg bør tilpasse treninga til mine genetiske eigenskapar, kva eg bør ete, korleis kroppen min bryt ned legemiddel, og kva narkotiske stoff eg kan bli avhengig av.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje alle er like seriøse, og nokre nyttar wow-faktoren i den høgteknologiske gentesten for å marknadsføre eit nokså standard spørjeskjema.

Selskapet Vinome tilbyr til dømes ein gentest for å finne ut kva vin eg likar best. Analysane skjer i samarbeid med ein av konkurrentane til 23andMe, kalla Helix, som utfører DNA-analysane og sel resultata vidare til selskapa som tolkar dei.

Vinome tilbyr persontilpassa årgangsvin. Den kvalifiserte gjettinga er basert på analyse av ni gen involverte i smak og lukt. Dei ber også om detaljert informasjon om kva eg synest om ost, koriander og rosenkål.

Truleg gir dei sjølvrapporterte smakspreferansane eit langt betre bilete av kva vin eg likar, enn dei ni utvalde gena.

BLODBANK: I 2010 var dette fryselageret av blod- og urinprøver utenfor Manchester, verdens største. Foto: Reuters / NTB Scanpix
BLODBANK: I 2010 var dette fryselageret av blod- og urinprøver utenfor Manchester, verdens største. Foto: Reuters / NTB Scanpix Vis mer

For selskapa som erstattar raudvin med legemiddel eller helsekost, vert konsekvensane av å ta resultata for god fisk mykje større. Konklusjonane er stort sett ikkje til å stole på, og selskapa som tilbyr «kosthaldsgenetikk » er blant dei som gir den minst pålitelege informasjonen.

Korleis held eg meg frisk? Anbefalingar om vitaminpiller og kosttilskot bryt i stor grad med vitskapleg einigheit. Det er ikkje tilstrekkeleg eller solid nok dokumentasjon enno til å bruke DNA-testar for å gi råd om kosthald og treningsregime. Feltet er i utvikling, men enn så lenge kan du spare pengane.

Det er nemleg grenser for presisjonen ein kan oppnå ved å analysere kroppsvæskene til ein person. Berre eit fåtal av gentestane gir klare koplingar mellom DNA-et og kvardagane våre. Dei aller fleste konklusjonane kjem i staden frå data om korrelasjon. Ting skjer samtidig, men vi veit ikkje alltid kvifor.

Korrelasjon er ikkje det same som kausalitet. Gentest av ein spyttprøve må difor lesast med store klyper salt. Er det då noko å vere redd for?

Kan DNA-et mitt gi svar om framtida? Gentesting for å avdekke risko for alvorlege arvelege sjukdomar er strengt regulert. I Noreg blir slike gentestar berre gjennomført med tett oppfølging frå helsevesenet.

Eg og andre nordmenn som kjøper ein gentest frå 23andMe får heller ikkje utan vidare tilgang til helserapporten som fortel om auka risiko for hjartefeil, diabetes, kreft og Alzheimers sjukdom. Kanskje er det like greitt.

Dei internasjonale selskapa opererer derimot utanom reglane. Eg står fritt til å selje mine data vidare til andre selskap. DNA har blitt big buisness.

DNA-resultata frå fleire millionar av kundar er ei gullgruve for ambisiøse forskingsprosjekt. Den svært store mengda data gjer det mogleg å oppdage nye samanhengar mellom genetikk og sjukdom.

I sommar kjøpte legemiddelfirmaet GalaxoSmithKline tilgang til 23andMe sin database med DNA-informasjon om 5 millionar personar. Blant dei er det truleg fleire tusen nordmenn. Prisen: 300 millionar dollar.

Eg valte å trekke meg frå forskingsprosjektet til 23andMe, og har nekta dei å inkludere mine data i forskingsprosjekta sine. Eg vil ikkje gi frå meg kontrollen over mine mest personeleg data til store, internasjonale selskap med økonomisk gevinst som hovudmål.

For er det greitt at legemiddelindustrien forskar på den svært personlege informasjonen om oss privatpersonar? Og kva om dei til neste år vil dele DNA-et mitt med forsikringsbransjen, arbeidsgivarar eller datingselskap?

Akkurat no tener amerikanske selskap store pengar på folk sine aller mest personlege data. Er det ein OK tilleggspris å betale for å spytte i ein tube som eigentleg berre kostar 1500 kroner?

Eg synest ikkje det.

Kronikken er basert på eit utdrag frå boka «SPRUT – Historia om kroppsvæskene våre» (Samlaget, 2018)