Dei som kan travet

La afghanske teppe og armband for gudmødrer fara. Det finnest meir tvilsame og illeluktande band i dei frynsete kanalane mellom politikk, idrett, PR-bransjen, næringsliv og organisasjonar.

IVAR EGEBERG: Ein vandrepokal i grenselandet mellom idrett og politikk og antakelig norgesmester i å manøvrera som hestehandlar i korporative kanalar. Foto: Jacques Hvistedahl.


Foto: Jacques Hvistendahl / Dagbladet
IVAR EGEBERG: Ein vandrepokal i grenselandet mellom idrett og politikk og antakelig norgesmester i å manøvrera som hestehandlar i korporative kanalar. Foto: Jacques Hvistedahl. Foto: Jacques Hvistendahl / DagbladetVis mer

IVAR EGEBERG er eit namn som går att i dei siste tiårs meir eller mindre fordekte og avslørte koplingar mellom idrett, organisasjonsliv og politikk. Der det har vore kutta svingar og drive gjørmebryting mellom to eller fleire, har Ivar Egeberg vore midt iblant dei, men kome relativt rein ut av det. Han er ein vandrepokal i grenselandet mellom idrett og politikk, og han er antakelig norgesmester i å manøvrera som hestehandlar i korporative kanalar. Han prøver å gjera kampsport til lagspel. Om det hadde funnest ein Egebergs ærespris i allmenn allsidighet, hadde han vore sjølskriven.

NOE KRIMINELT har ingen fått på Egeberg, og han kan heller ikkje skuldast for å drive triksing og miksing for eiga vinnings skuld. Det er noe fordektig, men ikkje noe forbrytarsk over han. Mannen har borgarånd. Han tar på seg å vera ryddegutt og sikra økonomien, men har ein hang til kreativ uryddighet, raske svingar og ureint trav i den gode saks teneste. Det hender at dei fantasifulle koplingane og den kreative bokføringa tar overhand. Det gjorde det i Idrettsforbundet, og det gjorde det i Senterpartiet, for det var Egeberg som formidla fordekte kraftpengar til den slunkne partikassa etter Felleskjøpets mellomkomst. Bare underlig at ikkje Nord-Trøndelag Energi var med i den energiske givargruppa.

Egeberg gjer seg best på bakromma og bak lukkede dører, også som ordførar og varaordførar i Sørum, for han er ingen karismatisk veljarmagnet. Han er ein dedikert arbeidsmaur. Nå er han også tilbake som arbeidande styreleiar i Bislett Alliansen som han var med og skipa i 1985 og har drive opp i den gyldne liga.

IVAR EGEBERG (Idrottslaget i Bondeungdomslaget - BUL) er ikkje bare idrettsadministrator, han er også aktiv idrettsmann, og han er meget uthaldande. Han vann NM på 25 kilometer landevegsløp i Kvitseid i 1979 på tida 1,18,13. Dagen etter møtte han Arne Kvalheim på Karl Johan: «Gratulerer med NM i langsomtløping», sa Kvalheim.

Same år blei han nummer to i maraton-NM. I rapportane frå løpet heiter det: «Meldingene kom ute fra løypa. To mann hadde dradd fra, Ivar Egeberg og Jan Fjærestad. Det var ikke vanskelig å gjette hvem som måtte dra. Det var Egeberg. Han er en skikkelig sliter. Ivar og Jan ble meldt på inngang på Marienlyst og så skulle de løpe en knapp runde til mål. Jan venta til siste langsida med å løpe fra Egeberg, som selvsagt skar tenner. Egeberg hadde overhodet ikke spurt, mens Jan faktisk var ganske spurtsterk.» Året etter blei Egeberg nummer ni i New York maraton på 2,21,43.

Og han held ut. UKI-karusellen som blir arrangert av Ullensaker-Kisa på Romerike er hans arena, og der spring han for Blaker IL. I 2008 hadde han 2,35,9 på 800 meter og i 2009 5,17,7 på 1500 meter og 11,59 på 3000 meter. Det er framleis ikkje kort og mellomlangt som er hans disiplinar; han er best i lange og seige løp. I 2009 sykla han den store styrkeprøven frå Trondheim til Oslo på 16,10 og blei nummer to i sin aldersklasse.

TIL Å VERA BEST i lange løp har Egeberg dei siste åra skifta jobb påfallande ofte. Han er utdanna sivilingeniør og bedriftsøkonom og begynte den idrettsorganisatoriske karrieren som generalsekretær i Det Norske Travselskap (1985-88). Så hadde han same jobb i Norges Fotballforbund (1988-95) og i Norges Idrettsforbund og Olympiske komité (1998-2004). Innimellom hadde han vore statssekretær i Kulturdepartementet for Senterpartiet då Anne Enger Lahnstein var statsråd. Ho tok seg av partiet og operaen, og han tok seg av idretten - til stor irritasjon for den mektige ekspedisjonssjef Hans B. Skaset.

KVAR VAR IVAR EGEBERG då Terje Bogen brakk staven og seinare gjekk dundrande konkurs med SponsorService? Han var generalsekretær i Idrettsforbundet og tok permisjon for å bygga opp sponsorselskapet onTarget. Ideen var at idretten sjøl burde ta hand om sponsormillionane og ikkje la private aktørar stikka av med dei.

OnTarget lånte store beløp av Idrettsforbundet, men dei kreative manøvrane gjekk dårlig. OnTarget kom aldri opp å stå. Egeberg og president Kran mista oversikten og det enda med store tap og økonomisk kaos. Kran trekte seg i vanære og Egeberg blei tvungen til å gå av frivillig. Kran fekk 10.000 i bot av idrettens eigen omdømme-domstol, men Egeberg blei frifunnen. Eit par år seinare vann han arbeidsrettssaka mot NIF så det suste og fekk 350.000 i oppreising og etterlønn.

FØR HAN BLEI generalsekretær i Senterpartiet (2006-09) hadde Egeberg drive privat konsulentarbeid og vore innom som daglig leiar av Nasjonalt senter for forebyggende helsearbeid. Nå er han gjenoppstanden som headhunta generalsekretær i Det Norske Travselskapet for å ta eit krafttak for travsporten, for som det heiter på DNTs heimesider: «Han har sitt hjerte i travet og travet i sitt hjerte. Han har inngående kjennskap til de politiske prosessene i Norge på toppnivå og evne til å få gjennom store og vanskelige saker. Han har et unikt kontaktnett på topp-planet i norsk samfunns- og organisasjonsliv. Som generalsekretær i et regjeringsparti har han vært helt sentral i det arbeid som nå gjøres for å bedre travsportens rammebetingelser. Han kan travet og kjenner livet i stallene og på banene».

KRAKE SØKER MAKE. Ivar Egeberg fann sine i lobbyen for OL til Tromsø. Generalsekretæren dytta på sine statsrådar. Han planla utspel saman med kollega Kolberg og fann seg på same lag som Arbeiderpartikoryfeane i Tromsø med Roger Ingebrigtsen i spissen. Raske Roger har bekledd mange posisjonar i Arbeiderpartiet lokalt og sentralt, i OL-organisasjonen og lokal partipresse, og nå er han statssekretær i Forsvarsdepartementet. Då han var statssekretær i Kulturdepartementet under Ellen Horn, sto han for kastraksjonen av Egebergs mektige fiende Hans B. Skaset.

Troms Kraft har vore drive som eit slags støttebruk og reservelag for Arbeiderpartiet i Tromsø og fylket. Dei same folka går att med skiftande hattar. Og der har dei møtt sin likemann i hattebyttaren Egeberg, før dei nå møter seg sjøl i døra til First House.

DEN TREDJE MANN som koplar og edderkopp i dette gjørmete energinettverket er Jan Erik Larsen, tidligare Statsministerens kontor mm. Han har følgt tidens krav og gått frå å informera om politikk til å profittera på informasjon. Han tok med seg den espirerande Bjarne Håkon Hanssen i fallet som public man. Dei gir råd til dei som byr høyest, og det er Høiby i First House. Larsen skryt uhemma av si påvirkningskraft for å kunna skriva faktura med griffel. Mailen til Arild Hausberg, ordførar i Tromsø med permisjon frå Troms Kraft, som DN har gjengitt, kastar eit grelt nordlys over fikseriet og ukulturen i Tromsøs regjerande parti, hvori opptatt redaktør Amundsen.

DRIT I TEPPER og armband. Det er andre band som er alvorlige. Når triksarane i Senterpartiet møter bosskulturen i Arbeiderpartiet og Kommuneforbundet, stinkar det hestehandel og tenestebytte lang veg. Då blir samvirkekulturen til samrøre. Det er som ein atterljod av då Åslaug Haga og Jan Davidsen var politisk intime på bakrommet med skjult mikrofon. Det kom valkampstøtte til Sentrerpartiet ut av det møtet, sjøl om Ivar Egeberg ikkje var med. Det luktar totalisator med ureint trav av denslags politisk sengekameraderi.