HØYRER IKKJE TIL: Den som har vore mykje i skog og mark og drive jakt på alt vilt, spesielt småvilt, må tydeleg sjå at ulven ikkje høyrer til her, skriv innsendaren. Foto: NTB Scanpix
HØYRER IKKJE TIL: Den som har vore mykje i skog og mark og drive jakt på alt vilt, spesielt småvilt, må tydeleg sjå at ulven ikkje høyrer til her, skriv innsendaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Ulv

Dei som styrer tar feil om ulven

103 år gamle Olav Ettestad minner om de lange, historiske linjene rundt ulvens eksistens i Norge.

Meninger

Det har vore mykje bråk om ulven i det siste og meir vil det bli, om ikkje dette blir retta på.

Dei som styrer her i landet har tatt feil om ulven me no har.

Ulven har ikkje vore norsk vilt som alltid har vore her. Ulven har bare med lang tids mellomrom komen som ei bylje eller som enkelte streifdyr inn i landet frå Russland, gjennom Finland og Sverige. Så har den vore her i kortare eller lengre tid, til alt matviltet har vorte eten opp. Då har vinteren blitt for hard.

I Stortinget for 80-90 år sidan, hadde dei fleste drive mykje jakt og hadde god kjennskap til alt vilt, og dei visste at ulven var eit stort rovdyr som av og til kom seg inn i landet.

Alt vilt me har, viser tydeleg at dei har forma seg etter den naturen me har, gjennom lang, lang tid.

Ulven viser tydeleg at den har levd i ein heilt annan natur. Den har difor fått kraftige bein for å gå lange strekninger og god luktesans for å finne bytte på lange avstander. Den som har vore mykje i skog og mark og drive jakt på alt vilt, spesielt småvilt, må tydeleg sjå at ulven ikkje høyrer til her.

Stortinget i dag har lite greie på vårt vilt i skogen, og få går på jakt. Som ein stortingsmann skreiv for ei tid sidan: «Ulv må me ha her i landet, den har alltid holdt til i våre skoger.» Det er vel det dei fleste på Stortinget trur, og difor innførte og freda dei ulven.

Ulven er ikkje noko verneverdig dyr. Det finnes ikkje noko større rovdyr som det er meire av, i den nordlige halvkule, enn ulv. Det er og ein masse ulv i Europa, utanom Russland. Me kan ikkje frede den ulven som me bare har hatt av og til. I Norge har me ikkje nokon høveleg plass til den. Den må leve saman med folk og husdyr. Det er ei altfor stor plage for mange mennesker og det må snart dei fleste forstå at slik kan me ikkje ha det.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.