NESTE VEKE vedtek Venstre sitt valprogram for stortingsvalet. RV, SV, Sp og Ap er alt ferdige, og snart kjem dei andre partia etter. Dei fleste kjem til å gå til val med nokre av dei magraste språkpolitiske kapitla på mange tiår. Særleg tynne blir avsnitta om norsk språkpolitikk. Kvifor er ikkje partia på parti med språket?
Partiprogramma er eit uttrykk for partia si sjølvforståing av kva det vil seie å vere eit politisk parti, og kva som er politikkens emne. På denne arenaen, som gjerne uttrykkjer politikkens prestisje, har partia tradisjonelt gitt lite rom for kulturpolitikk. Viss norske partipolitikarar i dag tykkjer det er vanskeleg å nå fram med kulturpolitiske standpunkt, er det dårleg gjort å skulde på massemedia. Partia har i sine eigne program aldri gjort kulturpolitikk viktig.
HEILT FRAM TIL den tyske okkupasjonen var partiprogramma korte og svært avgrensa i emneval. I dette tidsrommet hadde norske parti generelt lite å melde om kulturpolitikk. Utanrikspolitikk, økonomisk politikk og næringspolitikk iblanda ein dæsj sosialpolitikk, det var helst det partia då gjekk til val på. Etter 1945 utvida dei det formelle politiske repertoaret sitt. No kom utdanning og ulike sosiale emne meir med, og programma este ut til tjukke bøker. Lenge var språkpolitikk likevel ein salderingspost.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.
Vi bryr oss om ditt personvern
Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.
Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger