FLEIRE UNGE SLIT: Kvart år kjem nye forskingsrapportar som seier at fleire og fleire unge slit med psykiske vanskar. Eg veit eg ikkje er lærd innan psykologifaget, men om hobbypsykologen i meg får prøve å meine noko om kva dette botnar i, vil ho seie sjølvkjensla, skriv innsendaren. Foto: /Shutterstock NTB Scanpix
FLEIRE UNGE SLIT: Kvart år kjem nye forskingsrapportar som seier at fleire og fleire unge slit med psykiske vanskar. Eg veit eg ikkje er lærd innan psykologifaget, men om hobbypsykologen i meg får prøve å meine noko om kva dette botnar i, vil ho seie sjølvkjensla, skriv innsendaren. Foto: /Shutterstock NTB ScanpixVis mer

Debatt: Oppvekst

Dei unge syt for mykje

Dei unges sjølvkjensler verkar å ha gått seg heilt vill. Kvifor klarar ikkje foreldra å levere frå seg ungdommar som trur at dei er gode nok som dei er?

Meninger

Periodevis føler eg at mesteparten av det eg les og høyrer om ungdom, er at dei slit. Bloggarar med vinterdepresjon, ekstremt skule-og kroppspress og eit søk etter framtidig lykke som kanskje aldri kjem. Generasjon prestasjon, seier dei.

Rebekka Gåsland Håvik.
Rebekka Gåsland Håvik. Vis mer

Sjølv er eg ung i Noreg og meiner at livet mitt er heilt optimalt og så godt som stressfritt. Men så sjeldan les eg om det eg meiner, at eg vil påstå det er blitt på grensa til tabu å seie høgt at ein har det heilt topp.

Sjølvsagt finst det fleire som meg. Men innimellom får eg inntrykk av at unge i dag påstår det aldri har vore verre å vere ung. Eg les lesarinnlegg i aviser av ungdom som kjenner seg kvelt av press frå alle kantar, høyrer om unge som kjenner stress då det er for mange val å velje mellom og får kvart år ny forskingsrapport med nasjonale resultat frå Ungdata og NOVA som seier at fleire og fleire unge slit med psykiske vanskar.

Eg veit eg ikkje er lærd innan psykologifaget, men om hobbypsykologen i meg får prøve å meine noko om kva dette botnar i, vil ho seie sjølvkjensla. Altfor mange av dei unges sjølvkjensle verkar å ha gått seg heilt vill.

La meg få dette på det reine: Eg veit at dette ikkje gjeld alle. Mange har det slik som meg og både tenkjer og seier høgt at dei har det svært godt. Samstundes veit eg at ein del unge har gått i gjennom tøffe hendingar eg ikkje ein gong kan førestille meg. Det gjeld heller ikkje dei.

Dette er for dei ungdommane som ikkje har noko «å skylde på». Som har alt dei treng, men som likevel er med på å skape denne høge statistikken av ungdom som slit psykisk. Den ungdommen som eg, og kanskje andre, ser på og tenkjer: Kvifor i all verda er du så misfornøgd, når du har det så godt?

Det eg har lyst å seie til desse ungdommane, er: Skjerp deg! Lyft nasa litt høgare og sjå utover di eiga boble. Set pris på det du har og dei moglegheitene livet har gitt deg. Du har faktisk vunne i lotto berre ved å bli født akkurat her.

Samstundes meiner eg ikkje at det er lett å sjå det positive i ein kvar situasjon, men det må gå an å prøve litt hardare. Det skal gå an å ikkje miste positiviteten sjølv om livet bikkar i mot av og til.

For sjølv om det er vanskelegare å stå opp om morgonen no når det er mørkt og kaldt haustevêr, betyr ikkje det nødvendigvis at du slit med å møte livet. Om du kranglar med familien fleire gongar i løpet av ei veke, betyr ikkje det at du alltid har det vanskeleg. Det er heilt normalt. Det er slik livet er, og skal vere. Alt er ikkje berre solskin, men det betyr heller ikkje at du ikkje har det godt. Det handlar om å setje ting i perspektiv.

Når eg no la litt av skylda på mine med-unge, har eg utelatt den største syndebukken. Nemleg foreldra.

Eg meiner foreldregenerasjonen vår skal ha ein god del av skulda for ungdommens dårlege sjølvkjensle, då dei skulle hatt ansvaret for mykje av oppbygginga.

Kvifor klarar dykk ikkje å levere frå dykk ungdommar som trur på seg sjølve som gode nok som dei er? Unge som kan møte press frå ulike kantar i samfunnet og samstundes seie til seg sjølv at slik du ser ut er bra nok og det du er god på er godt nok. Etter det eg har lese og høyrt, har det vel aldri vore viktigare å sende dei unge ut med ei slik sjølvkjensle i ryggsekken.

Eg har forstått at det ikkje er enkelt å vere forelder. Spesielt ikkje når begge som regel er i arbeid. Det blir heller ikkje lettare om dykk må bruke mykje av tida på å halde «familie-fasaden».

Eg skjønar nemleg at det då ikkje alltid blir tid igjen til å bruke på å gje positiv merksemd til ungdommane dykkar for å styrke sjølvbiletet. Tid til å påverke deira verdisyn og vise kva som eigentleg er viktig i livet. Dette særleg når dykk må pynte og ordne til eit familieliv som ser fullkome ut ovanfor vener, kollegaer og kjente.

Då er det forståelig at det ikkje alltid er så mykje tid igjen til å ta dei samtalane dykk kanskje burde tatt. Og å kjøpe den veska eller den genseren ungdommen har ønska seg i ei halv veke, er jo ei lettare løysing på utfordringa då det både er tidsparande og fint for fasaden.

Igjen vil eg påpeike at eg veit at dette sjølvsagt ikkje gjeld alle, i vertfall ikkje i så stor grad.

Eg fortset... Om denne fasaden skal haldast oppe i mange heimar, vil eg bastant påstå at element frå dette levesettet vil smitte over på dei unge. Epla fell aldri særleg langt i frå stamma...

Det gjeld ikkje lenger å vere fornøgd med slik ein har det. Det blir eit evigvarande jag om å heile tida ha det betre. Vurdere seg sjølv opp mot andre. Ha finare klede, reise på finare feriar, pusse opp huset for sjette gong og snakke om alt som kan bli.

Kva med å snakke om det som er? Roe ned jaget, og berre vere akkurat der dykk er. Det er nemleg ikkje sikkert at den som posta det koselege haustbiletet du såg på Facebook frå den flotte hagen, faktisk tok seg tid til å setje seg ned for å hygge seg der. Det er ikkje sikkert at den naboen som la ut det idylliske familiemiddag-biletet med det flotte dekorerte bordet, faktisk spurte korleis dagen til ungdommane, som sat så fint og smilte, hadde vore.

Kva er det som eigentleg er viktig? Kva verdiar ynskjer dykk å overføre til dei unge?

No når det nærmar seg jul, ynskjer eg meg ein ting mest av alt. Tid med familien der me legg bort telefonar, finn fram brettspela og et julebakst me har baka i saman. Og eg trur ikkje eg er åleine om det. Eg skal til og med prøve å setje pris på det medan eg er der. For eg veit eg vil gjere det i ettertid.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen! Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukas viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag.