BLINDE NÅR DET PASSAR: Gerhard Heiberg irettesatte dei norske utøverane for å gå med sørgeband. Artikkelforfattar Øystein Runde set pris på raseriet mot arrangementet og systemet i Russland. Illustrasjon: Øystein Runde
BLINDE NÅR DET PASSAR: Gerhard Heiberg irettesatte dei norske utøverane for å gå med sørgeband. Artikkelforfattar Øystein Runde set pris på raseriet mot arrangementet og systemet i Russland. Illustrasjon: Øystein RundeVis mer

Deilig å sjå Heiberg naken

Dette er ikkje eit hatbrev til IOC, men eit kjærleiksbrev til det rasande norske folket.

Debattinnlegg

Påstand: IOC har overraskande lenge klart å glatte over at OL i Sotsji er ei menneskerettskatastrofe. Amnesty har stått i kroken og peikt på alt Russland gjer: Mot homofile. Mot journalistar som Anna Politkovskaya. Mot folk som er kritiske. Men det generelle raseriet over IOC sin mangel på etikk mangla ein nøkkel. Eit siste drops som skulle få godteposen til å revne.

Forresten, den setninga der, der eg sa namnet Anna Politkovskaya i ein Dagbladet-artikkel? Den gjer at eg berre kan gløyme å sleppe inn i Russland igjen. Og om eg slepper inn, så er det alltid ein liten sjanse for (påstår folk eg har spurt) at politiet finn våpen eller dop i bagasjen min, og svosj på besøk i russisk fengsel med meg. Russiske fengsel er ein stad der til dømes jentene frå Pussy Riot måtte vaginalundersøkast kvar dag i to veker.

I tillegg er det den stille aksepten: Aksepten av at «ukontrollerbare» ungdomsgjengar tilfeldigvis bankar opp fiendar av staten. Aksepten av at demonstrantar som les brev frå russiske fangar på gata, vert låst inne i timevis berre for å skremme dei. Aksepten av at tusenvis av menneske i Sotsji vart kasta ut av heimen sin utan erstatning. Aksepten av påstanden om at homofili er det same som pedofili. Akkurat dette siste vil eg ta litt tak i. For eg har møtt det i samtale med folk i Noreg også. Og det er ikkje sånn at Russland er ein annan planet enn Noreg. Eg har merka ein smak av denne tanken hos vaksne, tilsynelatande oppegåande folk. Trur du ikkje på det? Ok, forklar meg igjen kvifor homofile par ikkje får lov å adoptere born frå utlandet. Forklar meg kvifor ein barneheim i (fyll inn det landet du har mest fordommar mot her) er betre enn ei homoleilighet på Frogner. Det at «Lommemannen» klarte å komme seg ut av overgripar-adferd ved å akseptere at han er bifil, fungerte som vann på mølla for fyren eg prata med. Det var ikkje sånn at eg klarte å vinne den samtalen, men eg meiner jo det er bakvendt.

Mannen som kurerte Lommemannen, psykolog Thore Langfeldt, oppsummerte behandlinga av Lommemannen som «plankekjøring» i 2008, og Langfeldt kjem stadig tilbake til dei tre tinga som skaper overgriparar: «Relasjonsskader, traumer, seksuell isolasjon og skam». Om det er ein ting Russland tilbyr russarar som er fødd som homo, så er det relasjonsskader, traumer, seksuell isolasjon og skam. Sånn sett er Russland sikra mange unge menn og kvinner som tek livet av seg, og eit par overgriparar på kjøpet. Sånn sett vert Putin si kobling mellom overgrep og legning ein sjølvoppfyllande profeti. Men kva gjer vi for å akseptere at folk som ser ut som oss, lever som oss, lever under eit stadig meir autoritært styresett? Det er djupast sett ei smerte vi ikkje får gjort mykje med. Putin er ein populær og på svært mange måtar dyktig statsledar. Haldninga til homofili er nok til dels eit frieri til tradisjonelle krefter i landet, og dels ei personleg haldning som han ikkje klarer å forandre på. Mannleg homofili vart lovleg i Noreg i 1972, i Russland i 1993. Haldningar kan sitje i lenger enn lover.

Uansett, alt dette klarte vi i stor grad å fortrenge. Det var liksom OL. Fest er fest. Alle visste det, alle protesterte, men protestane hadde ikkje noko fokus. Kven skulle ein hate? Fordomsfulle gopniks som gjekk rundt i russiske gater? Statsledaren Putin som, okei, uansett kva han driv med, alltid kjennest litt kul ut, og som sjølv homoar må innrømme er litt kjekk? Vi mangla eit fokuspunkt. Og inni ei smørebu av glas, betalt for av Norsk Idrettsforbund (12 000 000 NOK), ei smørebu som vi måtte investere i om IOC skulle få lyst til å stikke sugesnabelen i norsk statskasse, sat Gerhard Heiberg. Og han fekk den fantastiske idéen å, frå glashuset, kaste stein på sørgande jenter.

I prinsippet er det ukoselig å sjå eit heilt land gjenge opp mot ein syttifireåring, men i praksis må det visst til. Dette er ikkje eit hatbrev til IOC, men eit kjærleiksbrev til det rasande norske folket. Sjeldan har vel kommentarfelt-Noreg vore meir samstemt. Og vakrare.