Deliriumsfantasier som hører hjemme på Galehospitalerne

Les Helge Torvunds nye leksjon om Sigbjørn Obstfelder.

(Dagbladet.no): Medan han budde i Amerika og teikna bruer i Milwaukee i 1891, vart Sigbjørn Obstfelder meir og meir oppteken av musikk. Han spela fiolin og komponerte, og vart så intenst engasjert i dette at det gjekk over til å verta del av eit problem for han.

«Alt blir til musikk»

På båtturen attende til Noreg fekk han eit psykisk samanbrot og vart innlagd då han kom til Kristiania. Då var han 25 år, og i ein kortare periode schizofren. Han teikna ikkje meir bruer, men musikkinteressa var ein følgjesvenn heile livet, og sette sitt preg på det han skreiv. Ofte nytta han uttrykk frå musikken for å klargjera stemninga i eit dikt.

«Jeg synes alt blir til musikk, jeg synes alt, hvad jeg skriver, former sig til rytmer. Og jeg får mer og mer frykten for, at det jeg skriver står på grænsen af litteratur, og at mit felt egentlig burde være den musikalske composition». (Brev fra Sigbjørn Obstfelder, 1966, s. 224.)

Han såg på musikken som noko av det finaste som fanst: «Jeg tænker, dette bølgende, bævrende, skjælvende, kyssende, vuggende, som musikken kan gjengi, ikke skulde betviles, jeg tænker at det er noget af det vakreste, som musikken stæller med, som det er noget af det vakreste i tilværelsen» (frå Dagbok. Milwaukee, 1891.)

Og for oss som les dikta hans og får ta del i dei musikalske skiftingane der, vert desse ståande som ei slags bru mellom litteraturen og musikken. Eller er det eigentleg på dette bruspennet poesien alltid har sitt liv?

I desember 1893 kom samlinga «Digte» ut. Den fekk god omtale av fleire kritikarar, men det var også ein kritikar som slakta boka til dei grader at det må ha vore temmeleg tungt å lesa for ein mann med Obstfelder sin bakgrunn. Bokmeldaren i Aftenposten skreiv nemleg «at større Nonsens, end denne Bog inneholder, er aldrig bliven udgivet på Prent i vort Land. Diktene minner mest av alt om ««Deliriumsfantasier» som hører hjemme på «Galehospitalerne».»

At han samanlikna diktaren med åndelege sveklingar og nervøse sinnsjuke kan ikkje ha gjort saken betre for Sigbjørn Obstfelder.

«Jeg mistede alt»

«Jeg mistede alt»

Ja også min forstand. 

- Og da jeg havde misted alt,

da jeg nøgen, ranet lå,

  da var det først,

  at liv begyndte,

skriv han i «I frk. M.H.\'s album». Og det som Obstfelder gjorde meir enn mange andre på den tida, var å stilla seg naken og open. Dette var han klar over og førebudd på: «Således ved jeg nu godt, at mine digte vil blive karakteriserede som naive, barnslige o.s.v.»

«Jeg er nervøs»

I omgang med andre menneske kunne Obstfelder vera blyg og nervøs. Ikkje minst i møtet med kvinner. Hjå Obstfelder er det lett å sjå bakgrunnen for dette i farens pietistiske haldningar. Gong på gong skildrar han ein sterk erotisk trong som piskar han opp i ekstase eller inn i mørk einsemd. Ei dragning mot sanselege og lystfulle erfaringar stoppar opp med setningar som: «Jeg er rædd for at synde,» eller «Nei! Jeg kan ikke!»

Slik skriv han i novelletta «Liv»:

«Boulevarderne gjør mig syg. De bugnede bryster, de hævede hoder, dragterne, som gynger på lækre, smidige hofter, smilene, alt dette, som skriger: kys, lev, nyd, damer, løftet på kjælne herrehænder ind i lokkende mørke vogne, lyd av kys bag portièrer, lyd av dusdrikken i dårlig vin, saftige håndtryk af logrende venner å det blir så kvalmt! En taus, forstenet gråt snører mig struben, over at menneskeglæden er en skjøge, som fylder hele atmosfæren med sin billige parfumes stank.»

Dette er Obstfelder slik me vanlegvis vert presentert for han, i eit framhald av farens univers.

Men det finst ein annan, sterkare, villare og meir opprørsk Obstfelder og, slik diktet «Orkan» nedanfor viser.

Nokre av dikta viser tydeleg vesentlege sider ved hans måte å vera og skriva på. Her er eit par av dei aller mest kjente:

REGN

(Impromptu)

En er en, og to er to –

vi hopper i vand,

vi triller i sand.

Zik zak,

vi drypper på tag,

tik tak,

det regner i dag.

Regn, regn, regn, regn,

øsende regn,

pøsende regn,

regn, regn, regn, regn,

deilig og vådt

deilig og råt!

En er en, og to er to –

vi hopper i vand,

vi triller i sand.

Zik zak,

vi drypper på tag,

tik tak,

det regner i dag.


Her ser me den musikalske og leikande Obstfelder som gjennom rytmisk gjentaking og bruken av lydane i orda, skaper eit dikt som både høyrest ut som og handlar om regn, og samstundes kling som eit lite musikkstykke.

Dikta i «Digte» har mykje av slike rytmiske og klanglege verkemiddel, og Obstfelder nytta desse på ein frisk og ny måte, ofte med ein uvanleg oppsett av bokstavar og teikn i tillegg. Han gjentek ord som «regn,» «øsende» og «pøsende» og alt er med på å skape illusjonen av regnet som fell og fell.

Det neste diktet er av ein ganske annan karakter.

JEG SER

Jeg ser på den hvide himmel

jeg ser på de gråblå skyer,

jeg ser på den blodige sol.

Dette er altså verden.

Dette er altså klodernes hjem.

En regndråbe!

Jeg ser på de høie huse,

jeg ser på de tusende vinduer,

jeg ser på det fjerne kirketårn.

Dette er altså jorden.

Dette er altså menneskenes hjem.

De gråblå skyer samler sig. Solen blev borte.

Jeg ser på de velklædde herrer,

jeg ser på de smilende damer,

jeg ser på de ludende heste.

Hvor de gråblå skyer blir tunge.

Jeg ser, jeg ser …

Jeg er vist kommet på en feil klode!

Her er så underlig …


Dersom ein har sett portrett som Edvard Munch laga av Obstfelder, så føler ein at dette er Sigbjørn Obstfelder. Her har myten om den einsame og stirrande diktaren nedfelt seg.

«Her er så underlig ...» Og før me veit ordet av det, så tenkjer me at Obstfelder, han er underleg. Men Obstfelder var ikkje bare ein nervøs og framandgjort einstøing og religiøs grublar. Måten dikta er formulerte og sette opp på, viser ein svært medviten ordkunstnar, som ikkje bare skreiv spontant ned si undring, men arbeidde mykje med å få uttrykket nett slik han ville ha det.

Dette diktet vart også arbeidd fram gjennom fleire versjonar, og i ein versjon ein kan studera på Det Kongelige Bibliotek i København er faktisk den maskinskrivne sistelinja slik: «Alt er så rart og fremmed her.» Så har Obstfelder retta dette med penn, til «Her er så rart, så fremmed!» Før han altså enda opp med «Her er så underlig ...»

Diktet vart til same året som Munch laga sitt bilete «Skrik», i 1893.

Erotisk

Men det følgjande diktet er ikkje prega av nervøsitet og grubling. Her finn ein heller ikkje undring eller spørsmål. Det er eit skikkeleg ropeteikn-dikt! Det er likevel temmeleg typisk for Obstfelder. Men det at det bryt så sterkt med myten om han, har nok gjort at det ikkje har kome like sterkt fram i lyset:

ORKAN

Blæst, storm, orkan!

Nøgen vil jeg bade mig i din susen!

Hei! Se mine hvide arme!

Mit hår flyver, hei!

Leg med mitt hår, orkan!

Blæs!

Fold ud min sjæls brede vinger!

Min sjæl favner verden!

Uranos skjælver derinde!

Orkan! Orkan!

Jeg er nøgen!

Som du har jeg kastet mig i jordens vaiende græs!

Mine armer jubler mod rummet!

Verdensrummet!

Hei!

Kom!

Lad oss lege!

Styrte os i havet!

Kom, hvirvlende blade!

Kom, ravne, haier, sjøer!

Kom, rasende skyer!

Vi danser, vi danser!

Jeg og I!

Her er Obstfelder fylt av energi og livslyst, og det er fryd og styrke som strålar ut frå den friske teksten. Og me ser ei samkjensle med naturen som er langt, langt borte frå det framandgjorte storbymennesket med handa over ansiktet, bortgøymd i ein mørk krok av kafeen.

Men det er utvilsamt også sterke erotiske drag over denne teksten, og ein må undra seg om denne orkanen er der ute over havet og graset, eller om den er inne i mennesket som roper.

Og Obstfelder kan verkeleg gjenskapa intense naturopplevingar, han har eit inderleg forhold til lyset og til fargane. Her frå diktet «Dag»:

At bade sit hår i dette lyshav!

som vælder ind i græsset

og kysser støvet

så det springer frem i farvemylder.

At lugte denne fødende luft!

Som danser på min pande,

gynger på mine næsebor!


(Leksjonen er ein omarbeidd og sterkt forkorta versjon av Obstfelderportrettet «For det meste gikk jeg til fods» som Helge Torvund skreiv til Biblioteksentralens Forfattarhefte i 2002.)

SLIK MUNCH SÅ OBSTFELDER: Dei to hadde fleire krysningspunkt. Obstfelders mest kjente dikt, «Jeg ser», vart til same året som Munch laga «Skrik», i 1893. <a href="http://images.google.com/imgres?imgurl=http://www.iu.hio.no/~ulfu/historie/obstfelder/images/obstfelder2.gif&imgrefurl=http://www.iu.hio.no/~ulfu/historie/obstfelder/&h=194&w=163&sz=11&tbnid=jtuNEyKmknoJ:&tbnh=98&tbnw=82&hl=no&start=3&prev=/images%3Fq%3Dobstfelder%2BMunch%26svnum%3D10%26hl%3Dno%26lr%3D%26c2coff%3D1">Les også meir om Obstfelder</A>.