INGEN BØNN: En flyktning eskorteres av politi i den tyrkiske havnebyen Izmir, dit han kom med båt fra greske Lesbos som en del av returprogrammet EU har forhandlet fram med Tyrkia. Det skal hindre den farlige menneskesmuglingen i elendige farkoster på Egeerhavet.
INGEN BØNN: En flyktning eskorteres av politi i den tyrkiske havnebyen Izmir, dit han kom med båt fra greske Lesbos som en del av returprogrammet EU har forhandlet fram med Tyrkia. Det skal hindre den farlige menneskesmuglingen i elendige farkoster på Egeerhavet.Vis mer

Den farlege dugnaden

Etter fleire år i transitt i spesielt Tyrkia og Libanon, har mange flyktningar fått nok.

Meninger

Mange snakkar om behovet for ein ny flyktningpolitikk, og det vert jobba aktivt for å skrote dagens asylsystem. Det er dårleg nytt for dei med eit reelt beskyttelsesbehov, og det kan vere farleg for Europa.

Det er forståeleg at Europa ikkje ønskjer at porten til Europa skal stå open, men alternativet har ikkje vist seg å vere at flyktningane ikkje kjem. Dei har berre funne ein farlegare veg, der smuglarane profitterer. Det var denne vegen eg oppsøkte i påsken.

Eg ville sjå dette havstykket der så mange draumar har breista. Først vart dei knekt i møtet med bølgene, og så knust i møte med eit stengt Europa. Flyktningavtalen med EU vart satt i verk den helga eg var der, og strendene var tomme. Det var ikkje gravplassen utanfor Izmir. Ei rekkje nummererte graver markerte endestoppet for mange av flyktningane.

Det vert argumentert med at me må erstatte dagens system fordi det kjem så mange no, og fordi migrasjonen er ukontrollert. Då overser ein at tidlegare innstrammingar har bidratt mykje til at så mange reiser irregulært. Flyktningavtalen mellom Tyrkia og EU er ein del av demonteringa av dagens asylrett. Formålet er å erstatte den med reine kvoteordningar, der mottakarlanda bidrar på frivillig basis.

Mellom den tyrkiske byen Ayvalik og Lesbos går det i dag ei passasjerferje. Eg stod sjølv på kaien då den la ut i retning Lesbos i påsken. Det kostar 20 euro å krysse havet, og ein kan gjere det trygt, fleire gongar dagleg. For å krysse Egeerhavet for 20 euro krev me visum. Kryssar ein havet i ein liten båt, like ved ferja, så krev me ikkje visum. Menneskesmuglarane, derimot, krev gigantsummar.

Etter fleire år i transitt i spesielt Tyrkia og Libanon, har mange flyktningar fått nok. Det finst ingen veg til statsborgarskap i dei landa, og ein retur til Syria er fullstendig urealistisk. Mange kryssa havet i 2015 for å komme seg til Europa. Dei måtte flykte irregulært, fordi den lovlege vegen var stengt. Med på turen vart mange økonomiske migrantar, som gjorde vegen vanskelegare for dei som flykta krigen.

Visumreglane var den første innstramminga, og når flyktningane først kom over havet fulgte nye øydeleggjande tiltak fort etter. Når så asylsøkjarane kom seg gjennom heile Europa, opp til Tyskland, Sverige og Noreg, vart det mykje breiare tilslutning til at asyl berre skulle gjelde i det første trygge landet. For mange er dette eit Tyrkia som er på god veg ut i ein ny borgarkrig.

Norske turistar skyggar unna dei delane av Tyrkia som ikkje har sett uro til no, medan me skal sende folk tilbake til gatene i sør-aust, der gatekampar og bombeangrep er daglegdagse.

Resultatet av ein streng førstelandspolitikk er at det ikkje går an å søkje asyl i Noreg, om ein ikkje tar båten heilt frå tyrkiske til norske strender. Denne politikken legg ein uforholdsmessig stor bør på landa i sør, som grensar til krigssona. Byrdefordelinga - som absolutt ikkje fungerer godt under dagens system - vil med ein streng førstelandspolitikk vere avvikla.

Det er då dei nye ideane kjem: La Europa hente flyktningar sjølve, slik at folk slepp å utsetje seg for havet, men òg dei etterkvart skremmande mange piggtrådgjerda i Europa. Ideen har gode sider og ideen er langt frå ny. For det første liknar den veldig mykje på dagens ordning med kvoteflyktningar, og for det andre er reisa så farleg at gode alternativ må til.

Forslaget er likevel både farleg og dårleg. Det er dårleg fordi det ikkje finst grunn til å tru at Europa plutseleg skal tillate mange flyktningar innreise på regulære måtar. Noreg sitt svar i møte med fire millionar syriske flyktningar i nabolanda, var å ta imot 8000 over tre år. Viss ein trur at europeiske politikarar vil vedta store nok kvoter no, etter at terrorfrykta og høgreradikale har styrka seg, er det naivt.

EU sine spede forsøk på «resettlement» har til no berre bevist dette poenget. Berre om lag 800 syrarar blitt tatt inn til Europa etter ein lovnad i 2015 om å hente 22500 menneske. Det er ikkje akkurat teikn til god byrdefordeling her heller.

Det er farleg for de landa som får meir av byrden når det frivillige kvotesystemet ikkje klarar å hjelpe på situasjonen. Det er ikkje utenkjeleg at kurdiske Nord-Irak, Libanon og Tyrkia får store økonomiske problem framover, og alle desse opplever i dag ein ustabil poltitisk situasjon. At det ikkje er opptøyer mot flyktningane i Tyrkia er på mange måtar uforståeleg. Fleire byar har sett innbyggartalet blitt dobla, husleiga og matvareprisane har gått i taket og syrarar utan arbeidstillatelse - inkludert born - underbyr arbeidsledige tyrkarar.

I Noreg er me redd for berekrafta vår, men kvar er argumenta om Tyrkia sin berekraft i møte med migrasjonen? Kollapsar systemet der vil Storskog framstå som småtteri, men det er lett å gløyme når me no opplever rekordlåge asyltal i Noreg. I stadig større grad ønskjer me å vere ei øy i verda, og det er alt for få motstemmer.

Dagens asylsystem er langt frå godt nok, men det er ingen unnskyldning for å innføre eit minst like dårleg system, som i tillegg er meir utsatt for høgrepopulistiske straumingar. Me befinn oss midt i ei asyltåke no, der det stadig vekk vert lagt fram forslag til innstrammingar i eit kappløp mot bunnen. Det er godt mulig at det skaper fleire problem enn det løyser.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook