STRID: Dei gamle rivalane i det norske sosialdemokratiet, Thorbjørn Jagland og Jens Stoltenberg, har i opphøgd utlendighet sannelig klart å løfta striden opp på eit høgare sivilisatorisk nivå.
STRID: Dei gamle rivalane i det norske sosialdemokratiet, Thorbjørn Jagland og Jens Stoltenberg, har i opphøgd utlendighet sannelig klart å løfta striden opp på eit høgare sivilisatorisk nivå.Vis mer

Den fiksjonelle politikk

Jagland veit kva som er smørsida av brødskiva og held forbilledlig orden på rollene sine.

Kommentar

DENNE VEKA rodde Olaf Tufte (40) inn til medalje i OL etter å ha dytta kjærasten til Therese Johaug ut av båten. Det er stort for oss som drar på årene.

Den russiske tsaren i bar overkropp, Vladimir Putin, har møtt sin kjære venn, den tyrkiske sultan Recep Tayyip Erdogan - også kjent som geitepular (sitat: Boris Johnson, britisk utanriksminister). Dei to deler mistrua til NATO, som nå er blitt den nye Warszawa-pakta, med den store kommunikatoren Jens Stoltenberg som opprustingssjef, løpegutt for Pentagon og framtidig kontingentinnkrevar for Donald Trump.

NATO/OTAN ringar inn Russland ved å paradera tanks langs grensene i Baltikum. Det er ikkje aggresjon, men bare snubletrådar, for bataljonane er ikkje permanente - bare kontinuerlig roterande. Dessverre er det slik at Katarina den store og andre grusomme tsarar har latt seg lura før av Potemkins kulissar.

Den mindre kommunikatoren, særlig på engelsk, Thorbjørn Jagland, skil skarpt mellom jobb og fritid, og mellom innanriks og utanriks. Når han er badegjest i Risør, er han meget bekymra for menneskerattane i det europeiske Lille-Asia; når han er på statsbesøk i Tyrkia, er han støttespelar for Erdogan sine utrenskingar i hemmelige nettverk av indre fiendar. Den mannen veit kva som er smørsida av brødskiva og held forbilledlig orden på rollene sine.

Der den dømmekraftige Jagland står attåt i den nye venskapen mellom Erdogan og Putin, ser Stoltenberg dommedagsteikn for den nord-atlantiske alliansen. Dei gamle rivalane i det norske sosialdemokratiet har i opphøgd utlendighet sannelig klart å løfta striden opp på eit høgare sivilisatorisk nivå.

DEI STATSBERANDE partia Høgre og Arbeiderpartiet vil stå fritt til å bruka statlig kraft i familie- og personalpolitikken når dei er i posisjon. Det er noe føydalt over slik maktutøving, så det er jo rimelig at sist gong Monica Mæland frå Arendal og Thorhild Widvey frå Torvastad møttest i privat lag utan å vera på ville vegar, var på det høgkulturelle baroniet i Rosendal :) klem.

Mye tyder elles på at den habile venskapen er usymmetrisk, som mellom Tuppen og Lillemor. Widvey framstår som meir venninne med Mæland enn omvendt. Men dei konkurrerer om å vera mest venninne med Erna Solberg.

Svigersonen frå Helvete som søkte heimly i den kongelige familie, er blitt gamal vin. Det er trist som faen at Ari Behn ikkje lét seg skapa om til engel, men med alle sine krumspring passar han jo mye betre i rolla som fallen engel ): klemz.

NESTE VEKA drar den politiske skravleklassen og kretsen rundt dei til Arendal. First House er ute, men andre profesjonelle og kommersielle hus er inne. Dei skal delta i eit spel som er sett i scene av den refuserte fylkesmannen Øystein Djupedal. SV nyttar vel høvet til å jakta på brunsneglar. Det heile har ein smak av fiksjonell virkelighet - litt som Pokémon Go.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook