Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Den kristne arv og nazismen (2)

MED LEIARARTIKKELEN

«Overspent» (3/12) har Dagbladet levert ein sterk kandidat til prisen for årets mest mislukka historiske samanlikning. «Hitlers soldater gikk i krigen med slagordet 'Gott mit uns' på uniformen. Vi er fortsatt ikke tilhengere av politiske aktører som hevder å ha Vårherre på sin side», skriv Dagbladet med adresse til KrF. Av alle sleivspark avisa har hatt til Dagfinn Høybråten er dette det mest stupide.

Å ta monopol på Gud slik nazistane gjorde med sitt slagord, er noko heilt anna enn å meine at det er fruktbart å byggje samfunnet på verdiar som menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar, slik KrF gjer. Dette veit Dagbladet.

KrF har aldri hevda å representere Guds vilje i politikken. KrF er eit politisk parti, ikkje ein kyrkjelyd. Politiske val er ofte verdival - men aldri val for eller imot Gud. For kristne og andre truande er trusgrunnlaget noko som ligg fast. Den praktiske politikken er derimot omskifteleg. Tru inspirerer mange politikarar, men Bibelen er ikkje eit politisk oppslagsverk. Derfor er det naturleg at der er kristne veljarar og tillitsvalde i alle parti. Dette veit Dagbladet.

Fascismens samfunnssyn (rasisme og diktatur) er det motsette av det kristendemokratiske samfunnssynet (likeverd;og demokrati) til KrF og våre;systerparti i andre land. Dette veit Dagbladet.

Så kvifor kjem avisa med eit malplassert sleivspark mot betre vitande? Dagbladet har godt orienterte lesarar. Dei fortener betre.

Utforsk andre nettsteder fra Aller Media