Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Den litterære arven

Skal ein overlete til tilfellet og den enkelte læraren å avgjera kva ein skal lesa i vidaregåande skole?

LIKE FØR NYTTÅR skreiv ein tysk avisredaktør at han nesten dagleg fekk bøker og andre skrifter i hendene, som fekk han til å tenke at «denne må eg sjå nærare på når eg får tid!» Men sjeldan og aldri fekk han tid, for neste dag kom nye bøker og baud seg fram og gjorde krav på interesse. Mi unge niese sa til meg at ho nesten ikkje våga å gå inn i ein bokhandel, ho ante ikkje kva ho skulle leite etter. Dei snakka om same sak. Den litterære samtidsarenaen er blitt ein skog utan vegmerke, der kven som helst kan gå seg vill.

Same dag som Dagbladet sette i gang serien om skolens litterære kanon, hadde eg sendt frå meg ei liste over dei bøkene eg held for å vera mest verdifulle, i verdslitteraturen og i den norske bokheimen. Lista var laga for deltakarane på eit leiarkurs. Eg vart utfordra til å peike ut mine litterære favorittar, og det kosta meg ein del hovudbry. For korleis rangerer vi all den leseglede som livet har gitt oss? Og korleis kan vi gjera lista så kort at den kan bli til nytte for andre?

I MIN TIDLEGE ungdom kom vestens litterære kanon under flengande kritikk. Den vart sett som uttrykk for eit ideologisk herredømme, skapt av kvite overklassemenn for at deira åndeleg overtak skulle forbi uangripeleg og evig. Det lukta så inderleg engelsk kostskole og patriarkat av alle tenkelege forsøk på å skapa orden i litteraturens univers! Det vart opprørsk og progressivt å rive kanon frå kvarandre, for at kvinnene, dei svarte og homofile skulle få sin rette plass saman med dei heterofile, mannlege og europeiske heltane. Kulturrevolusjonen i Kina forbaud sentrale klassikarar frå musikkhistoria og litteraturhistoria. Da eg i 1977 kom til Kina og Musikkinstituttet i Shanghai, spela dei Grieg der for første gong på ti år, og ingen av forfattarane eg møtte hadde høyrt namnet Bertolt Brecht . Ein ting var at litteraturen eine og aleine vart gjort til uttrykk for ideologi og bestemte klasseinteresser. Nedrivinga av kanon fekk også ein annan konsekvens som opprørarane ikkje innsåg: Vegen vart lagt open for ein nådelaus kommersialisme på litteraturens område, som medfører at bøker som Da Vinci-koden i ei nyleg avslutta førjulstid framstod som eit betydeleg litterært verk fordi så mange har late seg forføre! Marknadens lov får den autoritet som tidlegare låg i den historiske konsensus, i det at tida hadde sagt sin dom. Lesarane får stein for brød, og generasjonar av unge menneske får aldri ein smak av det alle ypparste i diktinga frå alle tider. Som ei venninne sa til meg: Dei som kjem etter oss, burde saksøke oss for ranet av dei store opplevingane!

SJØLVSAGT KAN verken den norske kanon eller verdslitteraturen rangerast ein gong for alle. Det er kvar ny tids privilegium å gjera opp status på nytt, og sjølve diskusjonen er viktigare enn den endelege lista. I vår tid, da verdsborgarskapet er viktigare enn kva nasjon vi høyrer til, spør eg meg sjølv om ikkje det globale perspektivet er langt viktigare enn det norske.

Svaret er sjølvsagt at ein må få vita om begge delar. For ein liten folkestamme med eige språk, har det alltid stor betydning å kjenne dei viktigaste bøkene i vår tradisjon. Ingen andre kan ta vare på dei. Men det er blitt like viktig at vi har del i det som er felleseige for alle menneske. På alle reiser og i alle møte med menneske verda over har det alltid vore ei særleg glede å snakke med menneske frå andre språksamfunn om felles leseerfaringar.

Det avgjerande møtet med eit stort verk blir eit minne for resten av levetida. Slik står det eit særleg lys om den dagen i ungdommen da eg las Homers Iliaden for første gong. Eller den januarsøndagen i 1970 da eg forsvann i Marquez\' Hundre års ensomhet . Det som var stort og grensesprengande for meg, har også vore stort for andre.

Uforgløymeleg var møtet med Mikhail Bulgakovs Meisteren og Margarita , med Kafkas Prosessen , med Brechts Den kaukasiske kritringen , med Karen Blixens afrikanske farm. Ei uerstatteleg ungdomstid gav meg smaken av Njåls saga , av Dantes Inferno , av Shakespeares Hamlet og Midtsommarnattsdraumen .

Dørene opna seg, ikkje i møte med det velkjende, det som handla om meg og mitt, men i det som Harold Bloom i si bok The Western Canon kalla the strangeness : Framandkjensla i møtet med den store litteraturen.

Det var ei tid for alt, og sympatiane skifta, men da eg på den transsibirske jernbanen las Dostojevskis Forbrytelse og straff , eller da eg i ein enda tidlegare ungdom slukte Thomas Manns Døden i Venedig , visste eg at dei aldri skulle forsvinne frå min litterære stjernehimmel. I lys av dette kunne også den norske kanon stige fram, med folkevisene og folkeeventyra, Petter Dass og Wergelands dødsdikt, Ibsens Peer Gynt , Bjørnsons beste kortdikt, bondefortellingane, spesielt Faderen , eller Kristin Lavransdatter , Fuglane og Lasso rundt fru Luna .

MEN KVA ER DET som skjer? Medan nyliberalismens totalitære profetar gjennomfører sitt systemskifte og avskaffar ein stor del av fellesskolen, overlet ein til tilfellet og den enkelte læraren å avgjera kva ein skal lesa i vidaregåande skole. Medan mat- og vinspaltene i det nyrike samfunnet får preg av å vera vegvisarar til sjølve sakramentet, er litteraturen blitt eit supermarked der umistelege perler er blitt usynlege mellom tredjerangs og fjerderangs bøker.

Den gamle norske kanon, som eg møtte i mi ungdomstid, med Olav Aukrust og Johan Bojer, vil aldri koma tilbake. Nordahl Rolfsens favorittar er heller ikkje tidlause, og litterære heltar som Peter Egge og Hans Aanrud har hatt si tid. Men Olav Nygard syng sin ungdoms smerte som Wergeland og dei andre unge døde. Olav Duun vil tala til den mogne lesaren som har smakt på livet. Amalie Skram og Cora Sandel vil nå nye generasjonar. Og Tusten i Fuglane vil halde fram med å avle litterært avkom i bøkene til unge forfattarar. Draumkvedet vil klinge så lenge det finst eit menneske som forstår norsk, og Vinjes songar til Griegs musikk er perler i den norske skattkista.

I MIN PERSONLEGE kanon lyser dei store forteljarane frå det tjuande hundreåret, som eg vart kjent med i tidlege ungdomsår i Molde: Faulkners Mørk august , John Steinbecks Om mus og menn , Carson Mccullers Hjertet er en ensom jeger , Hemingways Den gamle mannen og havet . Eg veit ikkje om dei står til alle tider. Men dei varer mi tid ut.

Og så er det vår eiga tid, som seint forsvinn mot horisonten, og vi ser at mangt av det som var stort for tretti år sidan i dag er uvesentleg og gløymt. Men noko står, og anten det er Fløgstads Fangliner eller Køltzows Hvem har ditt ansikt , eller Erlend Loes Naiv. Super - det var enkelte bøker som sette tidsskille i si samtid som vil vera der når den samtida er blitt støv og røyk.

Den litterære verdsarven må få sin plass for å motarbeide den viktigaste fordommen i vår tid: Samtidsprovinsialismen, det at vår tid er betre og klokare enn alle dei tidene som var før, at vi ser lenger, at vi forstår meir.

NÅR EIN HENTAR fram Verdensbiblioteket, vil ein sjå at det ikkje stemmer.

Den sorg og smerte vi kjenner, er ikkje berre vår eigen, og den fryd vi kjenner, heller ikkje er eineståande, at vi er som dei andre, og at dei som ein gong levde, var av same slag som oss.