Den litterære kvaliteten

Etter at Kulturrådet foreslo at romanen «Mea Culpa» av Anne Holt og Torgrim Eggens «Den nye Dylan» ikkje skulle nyte godt av innkjøpsordninga, har me fått ein debatt om «nullinga» til Kulturrådet.

Dei har vorte skulda for at det er heilt andre årsaker enn mangelfull litterær kvalitet som gjer at desse bøkene vartunderkjende, og at dei med denne avgjersla snarara tek stilling til ei sak i kulturdebatten. Det har vore eit prinsipp hjå Kulturrådet at dei ikkje gir ei utførleg grunngjeving på kvifor dei vel å underkjenne bøker. I tilrådinga frå Ankenemnda gjeldande dei nulla bøkene står dette standardformularet: «Boka har ikke tilstrekkelig dikterisk preg til å komme inn under innkjøpsordningen». Kva som er meint med «dikterisk preg» kjem ikkje fram av tilrådinga, men det fordel likevel at dei må ha gjort seg opp ei meinig om kva som er bra litteratur. I og med at ikkje Kulturrådet grunngir avgjerslene sine, er det lett for at det oppstår spekulasjoner om årsakene til «nulling». Eg trur likevel ikkje at ei betre grunngjeving vile vere noko løysing på problemet.

Vurderingsutvalet og enkenemnda er statlege oppnemnde organ, og konsulentverksemd i høve til forfattarane, er ansvarsområde som forlaga bør ta seg av, elles kan resultatet verte eit statleg normativt litteratursyn som sier korleis ein god roman skal vere. Ei slik utvikling er korkje forfattarane, forlaga eller litteraturen tente med.

I hovudfagsavhandlinga mi i Nordisk ved Universitetet i Bergen om «nulla» og prisbelønte barnebøker, ser eg på kva den litterære institusjonen definerer som «bra» og «dårleg» barnelitteratur, og i dette høvet har eg freista å finne kva for kriterium dei definerer på grunnlag av. Sjølv om dette handlar om barnelitteratur, der det kanskje er andre aspekt som påverka vurderinga til Kulturrådet, meinrr eg det også kan ha relevans for vurderinga av litteratur generelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvalitetsomgrepet varierer og er avhengig av dei aktørane som til kvar tid okkuperer dei ulike posisjonane i det som Pierre Bourdieu kaller «litterære feltet». Kultursosiologen Bourdieu meinte at den sosiale formasjonen er samansett av ulike felt, der kvart felt har sine eigne strukturar og lover. Dei kulturelle felta skil seg ut frå dei økonomiske, da ein her ikkje måler verdien i økonomisk kapital, men i det som han kallar kulturell og symbolsk kapital (generell kulturell kunnskap og kompetanse) ein har. Det litterære feltet er dynamisk. Det er ingen konstante lover og sannignar om litterær kvalitet og verdi. Kva som er litterær kvalitet, vil variere etter kven som sit på maktposisjonane i det litterære feltet.

For det er ikkje berre Kulturrådet som er me på å definere den litterære kvaliteten. Forlaga og forlagskonsulentane er gså aktørar i den litterære institusjonen. Dei får inn mange manuskript, og dei fleste av desse vert refuserte. Dei vel ut nokre få manuskript som dei meiner det er verd å satse vidare på. Mange vonfulle forfattarspirar kjem ikkje lenger enn hit, på vegen til ein forfattarkarriere.

Også kritikarane er pådrivarar i å definere kva som er litterær kvalitet. Ein del av den litteraturen som kjem ut, får mykje merksemd av kritikarane. Deira utsegner kan vere styrande for kva bøker som får status som bøker av god kvalitet. Det er ikkje berre den eksplisitte omtalen av bøkene som gir signal om kvalitet. Det at meldaren ikkje ser det naudsynt å kommentere boka i det heile, kan også vere ei negativ form for kritikk.

Litteraturprisame er ein måte å premiere forfattarat på som merkjer seg ut når det gjeld kvalitet. Kulturdepartementet har sidan 1948 delt ut pengepremiar til forfattarar som dei meiner har gitt ut bøker med særskilt høg kvalitet. Departementet var skulda for å ikkje vere open for det eksperimentelle, og Litteraturkritikerlaget oppretta Kritikerprisen i 1978. Dei som deler ut dei litterære prisane, er med på å prege oppfatninga av litterær kvalitet, og disse prisane har vore viktig for utviklinga av litteraturen. Det er prestisje i prisane, og det er god reklame både for forlaga og forfattarane å vinne slike prisar.

Men det viser seg (til dømes gjennom «nullinga» av bøker) at det ikkje alltid er samsvar mellom dei ulike aktørane i den litterære institusjonen, med kva dei oppfattar som god kvalitet. Det har til og med vist seg at bøker som ført vert innstilte til «nulling», sidan tek i mot ein pris frå Kulturdepartementet. I 1996 vart barneboka «Den store rød hunden» av Erlend Loe innstilt til «nulling», en mottok i 1997 ein pris for beste biletbok.

Det er ikkje Kulturrådets oppgåve å vere forfattaranes konsulentar. Men ein bør rette søkeljoset på kva kriterium dei legg vekt på. Diskusjonar om kva som er litterær kvalitet fremmer dynamikken i det litterære feltet, og gir plass for andre strukturar som igjen kan gi grobunn for nyskapingar.

Det er lite moderne litteratur om vurderingsteori og det vert nok sett på som litt gammaldags å snakke om dette i det moderne forskingsmiljøet. Ei årsak til deette kan kanskje vere at ein er redd for å utvikle ei normativ forsking som seier noko om korleis litteraturen bør vere, og på den måten fjerne det intuitive og spontane, sjølve fundamentet og drivkrafta til kunsten. Ein skal ikkje seie at ein type litteratur er betre enn andre typar, og ein avviser tanken om at det finst eit litterært hierarki. Påverklnad frå samfunnsvitskapleg og naturvitskapleg forskning har ført til idealet om «objektiv» forsking, og denne objektive vinklinga viser seg vanskeleg å kombinere med vurdering som ber ed seg ein stor grad av subjektivitet. Forskinga skal vere deksriptiv og ikkje normativ.

Sjølv om litteraturvitarar ikkje eksplisitt snakkar om kva som er «bra» og «dårleg» litteratur, er det i alleg høgaste grad relevant. Den litterære institusjonen har til kvar tid ei «meining» om kva som er gode bøker, og de er ulike former for vurderingar som ligg til grunn for kva bøker som får status som klassikarar av samtida. Den litterære kanon er eit resultat av slike vurderingar. Ligteraturforskarane styrer kva som vert oppfatta som kvalitetslitteratur. Det er illustrerande at det vert forska lite på «dårlege» bøker.

Eg trur det er viktig å gjere vurdering til noko meir enn subjektive meiningar, meir vitskapleg. Det burde vere mogeleg med ein vurderingsteori som strevar etter objektivitet og som er tufta på anna enn «synsing». Det er nok ei umogeleg oppgåve å kome fram til heilt objektive vurderingskriterium, men det burde vere mogeleg å seie noko om vurderingsgrunnlaget. Dette grunnlaget skal ikkje verte oppfatta normativt, som ein mal for korleis ei god bok bør skrivast, men som ein deskroptiv analyse av kva vurderingsformer som den litterære institusjonen støttar seg til i utveljinga.

Eg har ikkje lest romanane av Anne Holt og Torgrim Eggen og kan dermed ikkje ta stilling til avgjersla til Kulturrådet. men at Kulturrådet «nullar» bøker av kjende forfattarar kan også vere eit signal om at dei faktisk gjer jobben sin, vurderer den litterære kvaliteten uten å la seg påverke av mediefokusering og av om det er kjende forfattarar som har skrive bøkene.

Arbeidet til Vurdeeringsutvalget og Ankenemnda er viktig da det kan vere med på å hindre forlaga i å la seg styre av profitt, og heller let litterære kvalitet styre utveljinga.

sjølv om det ikkje er Kulturrådets oppgåve å definere den litterære kvaliteten, er det viktig med ein stadig debatt om kva omgrepet inneber, for dersom ein krev at litteratur som vitskap skal verte teken alvorleg, må ein også kunne seie noko om årsaka til at ein meiner noko er bra og anna er dårleg.

Tidlegar kronikkar:

22. januar:

Ambjørnsen/Christensen/Fosnes Hansen og Jacobsen: «Om null og tull».

sitKulturrådet
er ikkje
konsu-
lentar
sitDet vert
forska lite
på «dår-
lege» bøker