AGENDA: Senterpartiet sin agenda med å stemple miljøaktivistar som del av ein elite kan vanskeleg vere anna enn å sørgje for at det skal halde fram på akkurat denne måten. Å bli kalt ein elite, undergrev legitimiteten. Ein seier indirekte at dei ikkje representerer Det ekte folket, skriv innsendaren. Foto: NTB Scanpix
AGENDA: Senterpartiet sin agenda med å stemple miljøaktivistar som del av ein elite kan vanskeleg vere anna enn å sørgje for at det skal halde fram på akkurat denne måten. Å bli kalt ein elite, undergrev legitimiteten. Ein seier indirekte at dei ikkje representerer Det ekte folket, skriv innsendaren. Foto: NTB ScanpixVis mer

Debatt: Sp og miljøkampen

Den mektige miljøeliten

Senterpartiets Geir Pollestad har snikra seg ein fin stråmann. Den heiter «miljøeliten», og har ein hittil ukjent kontroll over norsk samfunnsliv.

Meninger

I eit innlegg i Dagbladet 18. februar fyrer stortingsrepresentant Geir Pollestad av den eine salva etter den andre mot det kan kallar «miljøeliten». Denne eliten har visst stor likskap med ekstreme religiøse sekter, den er udemokratisk, den driv med tungetale, og er dessutan både humørlaus og dobbeltmoralsk.

Det kan vere god grunn til å kritisere miljøeliten. Mot «Det ekte folkets» vilje, har nemleg denne eliten tvunge storsamfunnet til å drastisk redusere oljeaktiviteten, verne fjordane mot gruveslam, bremse flytrafikken, avvikle kjøttproduksjon og doble prisen på bensin.

Problemet er berre at slik er det ikkje. Og eit slags minstemål for å bli kalt ein «elite» må vel vere at ein har stor makt? Sjølv om mange miljøorganisasjonar er flinke til å kome i media, og engasjerer mange menneske, ville det vore synd å seie at dei er veldig mektige.

Realiteten er at sjølv om miljørørsla har vunne nokre kampar, har dei i eit historisk perspektiv som regel måtte gi tapt mot næringsinteresser. Anten det er tale om oljeindustrien, bilprodusentar, jordbruket eller gruveselskap. Det gjeld i Noreg, og det gjeld i alle andre land i verda. Viss ikkje hadde vi neppe no opplevd ei global oppvarming som går i rekordfart, eller eit biologisk mangfald som regelrett er truga av masseutrydding.

Senterpartiet sin agenda med å stemple miljøaktivistar som del av ein elite kan vanskeleg vere nokon annan enn å sørgje for at det skal halde fram på akkurat denne måten. Når ein plasserer nokon som del av ein elite, undergrev ein legitimiteten dei har som deltakarar i samfunnsdebatten. Ein seier indirekte at dei ikkje representerer Det ekte folket. Dette er eit velkjent grep for populistar i alle land. Og det funkar.

Så når Gunhild Stordalen argumenterer for at lågare kjøtforbruk er ein viktig del av klimaløysinga, kritiserer Pollestad henne i staden for å fly for mykje. Så slepp han å forhalde seg til argumenta.

Og når Zero og Bellona jobbar for å få ned utsleppa frå luftfarten, kritiserer Pollestad dei for å vere stiftelsar, ikkje medlemsorganisasjonar. Så slepp han å forhalde seg til argumenta.

Og når klima- og miljøminister Ola Elvestuen forsøker å forklare det kompliserte i å få på plass ein internasjonal klimaavtale i FN, kritiserer Pollestad han for å drive med tungetale. Så slepp han å forhalde seg til argumenta.

Vi er mange som går på jobb kvar einaste dag for miljøet. For å kutte klimagassutsleppa. For å ta vare på naturen. Dei færraste av oss er perfekte kommunikatorar, lever fullstendig karbonnøytrale liv eller er blinde for at omsyn kan stå mot kvarandre. Men vi forsøker å legge vekt på miljøinteresser likevel. Eg kan i farten ikkje hugse sist gong Senterpartiet tok miljøet si side i ei einaste politisk sak.

Vi veit mykje om kva miljøtiltak Senterpartiet er mot. Det vere seg høgare avgifter på flyreiser, dyrare fossilt drivstoff, å ta vare på rovdyra våre, å verne fjordane mot gruveslam, å hindre nedbygging av myr, å kutte kjøtforbruket, å bruke elsykkel eller å eksportere fornybar energi.

Kanskje Senterpartiet snart kunne fortalt oss kva miljøtiltak dei er for? Eller er det eit privilegium som er forbeholdt eliten?

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.