JUL DET' COOL: Omslaget til singelen (7"-versjon).
JUL DET' COOL: Omslaget til singelen (7"-versjon).Vis mer

Vekas Vers:

Den mest populære julesongen i Danmark er om «spritkørsel, utroskab og madsvineri»

Den mest populære julesongen i Danmark i år er ein rapplåt. Som året før, og året før der igjen.

Det er tre små ord det er vanskeleg å unngå her i førjulsstresset i København. Enten høyrer du dei i låten over anlegget i varemagasinet, eller ser dei på ein fjollete reklameplakat, eller får dei servert i ein small talk med ein festleg samtalepartnar som ikkje har meir å melde: «Jul, det’ cool».

MC Einar gav ut Skandinavia si fyrste rapplate på morsmålet, «Den nye stil» i 1988 og oppfølgaren «Arh dér!» allereie året etter. Hip-hop herja Danmark på slutten av åttitalet, med MC Einar og erkefiendane Rockers By Choice i front. Begge gruppene kom frå København. Der sistnemnde var gategutar frå arbeidarklassen på Amager, og var svært opptekne av å vere ekte hip-hoparar, var MC Einar ein gjeng ungdommar frå sentrum med ein meir sjølvironisk og uhøgtideleg stil. Faktisk var rapparen Einar eigentleg ikkje hip-hopar. Gruppa vart starta av to dj-ar, og sjølv om den eine, DJ Peyk var god til å skrive, var det ingen i gjengen som fekk til å rappe bra. Dei overtalte kompisen Einar til å prøve å rappe Peyk sine tekstar. Det fungerte, og så skreiv dei det fyrste og viktige kapittelet i dansk rapp-historie.

«Jeg provokerer, onanerer, ryger masser af hash / jeg drikker køkkensprit og sumper, sniffer lightergas». Slik opnar debutalbumet, som er ei god suppe av trommemaskinar, gitarar, klassisk musikk, funk, human beat box og blues. Tekstane er omtrent halvparten skryt og halvparten historieforteljingar. Den provokerende antihelten Einar rappar med overskot, sarkasme og tjukk ironi om seg sjølv og verda rundt seg. Denne verda såg heilt annleis ut enn verda til forbilda i New York, og Einar-gjengen forstod at dei måtte bruke seg sjølve og sine eigne liv om den harde rappen skulle fungere i ei litt snillare dansk verkelegheit.

Denne ironiske distansen som finst i mykje europeisk, og især nordisk hip-hop, kom altså tidleg, og me hadde bruk for han – for at musikken skulle verte ekte, ironisk nok. Teksten fortset slik: «Jeg er på bistandshjælp, og jeg går over for rødt / Jeg har været psykopat lige siden jeg blev født». Ein navar som går på raudt lys, altså. Så vilt var det å vere hip-hopar i det trygge Skandinavia på slutten av åttitalet.

Begge platene av MC Einar er bautaar i dansk rapp i dag, fleire av låtane er kanoniserte, og ord og vendingar frå tekstane har gått inn i det danske språket. Men deira største slager er framleis julesingelen dei gav ut mellom dei to albuma. «Jul det’ cool» kom den 24. november 1988, og ein julesong frå MC Einar måtte sjølvsagt verte ein anti-julelåt. Teksten er ein situasjonsrapport frå førjulstida; det handlar om folk som stressar og er sure, vêret som er dårleg, og den vulgærmaterialistiske forbruksfesten. Og det handlar om at me gjer det same om att og om att, år etter år, og at det kanskje nettopp er dét me likar best.


Musikken består av ein trommerytme, ein bass og litt scratch, men mest av alt: Ei grov sampling av den enormt glade og lette juleklassikaren «Sleigh ride» (du kjenner kanskje ikkje tittelen, men du kjenner igjen melodien etter eitt sekund). Paradokset er tydeleg: Noko av det som får denne antimaterialistiske julesongen til å fungere, er den materialistiske lyden. Det geniale samplet og alle bjellene gir låten ein lyd av bekymringslaus, god og glorete amerikansk forbrukarkultur – som er det me likar. Det er gjenkjenneleg og trygt. «Jul det’ cool» høyrest ut som ein julefilm frå Hollywood, der alt går bra til slutt.

Tekstane har alltid vore tette, poengerte og gode hos MC Einar, men denne er ikkje deira beste. Her er godt formulerte – om enn litt opplagde – observasjonar frå samtida, men det er venstrehandsarbeid utan den vanlege finessen. Låtens kvalitet ligg mest i sjølve punchlinen «jul, det’ cool», som både innleier og avsluttar alle fire vers; det ligg både i musikaliteten i rimet, i utsegnet sitt tilbakelente innhald, og i det kulturkrasjet mellom det tradisjonelle og det moderne, som også ligg i desse tre små orda. Og både lyden av orda, og orda sin bodskap er så tiltalande at folk går rundt og seier det enno, snart 30 år seinare. «Jul det’ cool» har dessutan i årevis vore den mest spelte julelåten på Danmarks Radio, og 2008-12 var det den mest streama danske julelåten på Spotify. (Ingen danskar har dessverre vorte rike, ettersom det aller meste av pengane går til arvingane etter Leroy Anderson, som komponerte «Sleigh ride».)

MC Einar markerte starten på rapp på skandinavisk, og også starten på den ironiske og sjølvkritiske tilnærminga me har (eventuelt har hatt) i skandinavisk rapp. Det verkar naturleg at ein må tulle og leike litt med eit uttrykk før ein kan gjere det på alvor, men denne tilnærminga er kanskje òg eit utslag av tvisynet og kulturrelativismen (grensande til sjølvforakt) som står sterkt i Skandinavia, og det elsk/hat-forholdet til amerikansk kultur, som mange av oss har vakse opp med.

Eigentleg ligg vel heile nøkkelen i tittelen. Jul det’ cool. Eit dansk ord som rimar på eit amerikansk.