PÅ LILLEHAMMER: Den syriske poeten Adonis er en av hovedgjestene på litteraturfestivalen på Lillehammer, og holder årets Bjørnsonforelesning i dag. Foto: NTB SCANPIX / AP Photo/Alexandre Meneghini
PÅ LILLEHAMMER: Den syriske poeten Adonis er en av hovedgjestene på litteraturfestivalen på Lillehammer, og holder årets Bjørnsonforelesning i dag. Foto: NTB SCANPIX / AP Photo/Alexandre MeneghiniVis mer

Den mystiske poesien er her!

Tre poetar av Nobelpris-klasse til Lillehammer.

Då den koreanske poeten Ko Un (fødd i 1933) var tolv år fann han ein dag ei diktsamling i vegkanten. Han vart sitjande oppe heile natta og lesa og opplevde ein sjokkerande energi som førte til at han sjølv byrja skriva dikt.

Den syriske poeten Adonis (fødd 1930) var eldst av seks barn i ein bondefamilie i landsbyen Al Quassabin i Syria. Faren lærte han å lesa og lærte han å memorera dikt medan dei jobba saman på garden. Fjorten år gammal sa Adonis fram eit dikt for presidenten som vitja ein naboby. Dette førte til at presidenten oppfylte ønsket Adonis hadde om å byrja på skule.

Då den polske poeten Adam Zagajewski (fødd 1945) var 12 år bestemte han seg for å verta poet. Då han var 17 år vitja den berømte poeten Zbigniew Herbert skulen der han gjekk, og det fekk stor innverknad på den unge poeten.

For alle dei tre høgt akta poetane som kjem til litteraturfestivalen på Lillehammer denne veka, byrja altså interessa for poesi svært tidleg i livet. Dei har alle seinare vore produktive og skrive tekstar av mange slag, og kvar for seg motteke ei lang rekkje høgthengjande prisar. Nå er alle tre namn som dukkar opp når Nobelprisen i litteratur skal delast ut.

Sjølv om det er tre svært individuelle diktarrøyster, og sjølv om dei kjem frå ulike himmelstrok og har lange diktarliv bak seg, kan ein finna klare likskapar.

I tillegg til den intense skapande verksemda har dei alle drive med formidling og undervising og alle tre har arbeidd i tidsskrift. Dei har òg vore i opposisjon i ein slik grad at både Adonis og Ko Un har vorte fengsla. Zagajewski har opplevd publiseringsforbod. Han drog i eksil til Paris i 1982. Han har sjølv kalla det erotisk eksil, då han der gifta seg med psykoanalytikaren Maya Wodecka.

Men lat oss konsentrera oss her om eit sætrekk ved deira tilnærming til sjølve omgrepet poesi; poesien som inngang til den mystiske erfaringa.

Adam Zagajewski har vorte kalla ein moderne mystikar fordi dei seinare dikta hans er prega av ein sanseleg mystikk med rot i kvardagslivet. Då han prenta sitt dikt «Prøv å prisa den øydelagde verda» på baksida av The New Yorker like etter 11. september, rørte dette ved mange lesarar. Diktet byrjar slik:

Prøv å prisa den øydelagde verda.
Hugs dei lange dagane i juni,
og villjordbæra, dropar av rosévin, doggen.

I eit intervju om dette seier Zagajewski:

«Poesi som litteratur, som språk, oppdagar i verda eit sjikt av røynda som har vore uobservert, og ved å gjera det, endrar dette noko i liva våre, utvidar det rommet som fortel kva me er. Så ja, poesien har kraft til å gjenoppretta det øydelagde, sjølv om ingen statistikk nokon gong har vist det.»

I 1997 gav Adam Zagajewski ut ei diktsamling som heitte «Mystikk for begynnarar». Der har han eit dikt som heiter «Sjela». Det byrjar slik: «Me veit at me ikkje har lov å nytta namnet ditt.» og «Me veit — eller har i det minste vorte fortalde - /at du ikkje eksisterer i det heile, nokon stad.»

PÅ LILLEHAMMER:  Ko Un. Foto: NTB SCANPIX / REUTERS/Lee Jae-Won
PÅ LILLEHAMMER: Ko Un. Foto: NTB SCANPIX / REUTERS/Lee Jae-Won Vis mer

Ei tilnærming til poesien som nærmar seg mystikken, finn me òg hjå Adonis, ein leiande poet innan arabisk poesi, som har kalla seg sjølv ein heidensk mystikar. Han har òg skrive ei oppsiktsvekkjande bok om likskapane mellom den muslimske mystikken sufisme og surrealismen. «Poesi kan ikkje tilpassast verken religion eller ideologiar» har han sagt.

For Adonis er ikkje poesi bare ein sjanger eller ei form for kunst, men ein måte å tenkja på, noko som minner om ei mystisk openbaring.

«Eg ventar på den guden som skal koma sveipt i eld» heiter det i eit av hans dikt. Mange av dikta til Adonis er krevjande og noko av det første ein merker er at dei krev at ein tek det roleg. Det er kanskje poesien sitt viktigaste krav i vår tid: Ro deg ned, les sakte, kople deg av straumen av raske inntrykk og la orda verka over tid. Verkeleg poesi krev at lesaren òg vert ein poet, har Adonis sagt. I eit dikt skriv han:

Ein lovnad:
Du vil vera daggry,
og Tid vil vera balkongar for draumane våre
Alt er nytt på Jorda; alfabetet er flammar

Ko Un fekk alt som tjueåring interesse for mystikken og levde då i ti år som munk i eit Zen-kloster. Han fekk viktige posisjonar der. Men så gjekk han ut att i verda og førte ein periode eit liv prega av dyster nihilisme og store mengder alkohol. Dette kulminerte med at han i 1970 prøvde å ta sitt eige liv.

Man han kom seg ovanpå att og vart leiar for kunstnarar som var i opposisjon mot Yushinreformane og styresmaktene. Opp gjennom åttitalet vart han arrestert fleire gonger, og i fengselet tok han opp att Zen-meditasjonen. Dette har ført til ei rekkje bøker med Zen-dikt, som samlinga «Kva!» (1991) og ei samling som har kome på engelsk med tittelen «Beyond self» (1997). I likskap med Adam Zagajewski og Adonis har Ko Un fått eit internasjonalt renommé og er gjendikta på ei lang rekkje språk. Zen-dikta har gjort inntrykk på poetar over heile verda. I eit dikt skriv han:

Til slutt kastar elva av seg åsane
kastar av seg millionar av gamle blinde menn
ferskenblomane ved foten av fjellet
kastar til slutt av seg vekta av tempelet.

Ting som lever, ting som har døydd
har nå alle vorte eitt.

Alle desse tre poetane har endra seg og skrive mykje av ulik karakter. Å kalla dei mystikarar er ei forenkling som utelét viktige sider av verka deira. Det er likevel ein påfallande likskap mellom nett desse tre.

I si nyaste essaysamling «Eit forsvar for pasjon» skriv Adam Zagajewski at metafysisk alvor og religiøs lengt straks vert mistenkeleggjort i dag, medan eit «skeptisk landskap» har triumfert. Den ironiske tonen, den låge, lunkne stilen og kynismen vinn fram. Han skriv:

«Me går då ikkje til poesien for å finna sarkasme og ironi, kritisk distanse, lærd dialektikk eller flinke vitsar. (...) I poesien søkjer me visjonen, elden, flammen som følgjer den spirituelle openbaringa. Kort sagt, av poesi forventar me poesi.»