Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Meninger

Mer
Min side Logg ut

Den noble strid

Sorgen og gleden de vandrer til hope.

KANDIDATAR?: Det er tradisjon for å dela Nobels fredspris mellom fiendar.. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB Scanpix
KANDIDATAR?: Det er tradisjon for å dela Nobels fredspris mellom fiendar.. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB Scanpix Vis mer
Kommentar

DENNE VEKA sette den noble Geir Lundestad alle andre i skuggen, både Malala og indaren som takka den norske regjeringa for fredsprisen, den meksikanske studenten, gallakjolen til May-Britt Moser og det kjente trippelmennesket Thorbjørn Jagland. Men ikkje eingong vonde og ubekrefta rykte frå Harald Stanghelle kan få det til at Lundestad er betalt av First House eller andre kinesiske interesser. Om det kjem fleire bakhaldsangrep på den kreativt og uforutsigbart engelsktalande Jagland nå, er sannsynligheta over 36,9 prosent for at han blir varig verna. Det einaste som kan få han til å gå av frivillig, er utsikten til at han og Europarådet blir kandidat til fredsprisen.

TYSKE DIE ZEIT siterte for noen år sidan Geir Lundestad slik som svar på spørsmålet om hans ultimate ambisjon: «Å få Nobels fredspris». Det er ikkje umulig, for innavl og dobbelroller er ikkje ukjent i Nobelkomiteens historie. Den norske fredsprisvinnararen i 1921, Christian Lous Lange, far til den evige utanriksminister Halvard Lange, var direktør, sekretær, bibliotekar og forretningsførar ved Nobelinstituttet før han blei generalsekretær ved Den interparlamentariske union og seinare medlem av Nobelkomiteen.

DET ER TRADISJON for å dela Nobels fredspris mellom fiendar. Så Jagland og Lundestad er kandidatar dersom dei går i Yasir Arafats fotspor, set seg ned saman, ser ein film med Tom og Jerry og forsonar seg. Særlig om dei også tar med hemnaren frå First House, Morten Wetland, som Jagland degraderte i si tid som statsminister.

EIN PARENTES i Aftenpostens intervju med Geir Lundestad er merkelig nok ikkje følgt opp med gravande og grafsande journalistikk. Som ein djuci smakebit frå boka han skal skriva, fortalte historieprofessoren at kontoret hans i si tid var elskovsrede for dottera til ein tidligare direktør. Det er ikkje så mange å ta av, for mellom Lange og Lundestad var det bare Ragnvald Moe i 36 år, August Julius Casse Schou i 27 år, Tim Greve og Jakob Sverdrup.

SE OG HØR er eit dannelsesblad som tar tempen på den norske folkesjela. Hovudoppslaget i siste nummer, som eg sjølsagt las på eit venterom, var om alle svigerfedrars draum, Therese Johaug: «Endelig er de lykkelige». Men først etter at ho mista vennen og kjærasten hadde vore overvektig mobbeoffer. Elles på forsida: Etter tøff kamp har den lykkelige Farmen-vinnaren lært å leva med sonens sjukdom; ein åpenhjertig Jon Eikemo har gode minne om den døde eksen frå 20 år sidan, og ei tvillingjente i Larvik som var fødd i feil kropp, skal bli lykkelig som mann.

SALMEBOKA minutt for minutt ga oss same livsmoral: Inga sann lykke utan liding først. Til dømes i Thomas Kingos tekst som har nummer 436 og er plassert under temaet «Trengsel og trøst»:

Sorgen og gleden de vandrer til hope,

lykke og ulykke kommer på rad.

Medgang så ofte på motgang vil rope,

solskinn og skyer de følges òg ad.