Den norsk boligpolitikken har abdisert

Andreas Hompland om dårlig byggeskikk og jakten på forbilledlige boligprosjekt.

GOD RAMMEPLAN: Pilestredet Park midt i Oslo sentrum fekk prisen i 2007. Det er ein kombinasjon av bustader, nærings- og undervisningsbygg på kremtomta til det gamle Rikshospitalet. Foto: Husbanken.no
GOD RAMMEPLAN: Pilestredet Park midt i Oslo sentrum fekk prisen i 2007. Det er ein kombinasjon av bustader, nærings- og undervisningsbygg på kremtomta til det gamle Rikshospitalet. Foto: Husbanken.noVis mer
Meninger

SØNDAGSKOMMENTAREN: Byggeskikk er ein mangetydig størrelse. Det er noe anna og meir - eller mindre - enn reine estetiske og arkitektoniske kvalitetar ved enkeltbygg. Det er hinsides pent og stygt. Det kan vera tilpassing og tradisjon, men også kontrast og brot. Skikken kan smyga seg inn i bygde omgivelsar, men kan også skilla seg ut. Men det må ha kvalitet og vera skikkelig og omsorgsfullt tenkt og gjort. Og viktigast av alt: Det må vera godt for menneske å leva og bu der, for elles er det ikkje byggeskikkelig.

LETTARE BLIR DET ikkje ettersom fleire kjenneteikn på god byggeskikk stadig blir lagde til, i tråd med skiftande politiske signal, nye omsyn og fleire honnørord: estetikk, universell utforming, stedsutvikling, berekraft, energiøkonomisering. Det er jo alltid eit kjenneteikn med slike pålegg frå byråkrati og styresmakter, at nye kjem til utan at andre blir tatt bort. Uansett er det mye intuisjon som må til dersom alle slike krav skal vegast mot kvarandre, for det kan neppe oppdrivast eit byggverk som vil tilfredstilla heile buketten av krav.

I ÅTTE ÅR på begynnelsen av 2000-talet var eg medlem av juryen for Statens Byggeskikkpris. Vi var eit slags omreisande seminar som drog rundt og inspiserte og vurderte verdige og uverdige kandidatar. Vi kryssa samvitsfullt av på lister og prøvde å balansera ulike omsyn, men juryering kan aldri bli ein eksakt og objektiv vitenskap, og særlig ikkje når målet er såpass fleksibelt og bevegelig som god byggeskikk. Eg kom etter kvart fram til at det narrative må vera ein viktig del av byggeskikken. Dersom god byggeskikk skal vera forbilledlig og inspirerande, må den også vera ei god fortelling.

KVART EINASTE ÅR starta vi prosessen med det overordna målet å finna fram til eit stort eller lite boligprosjekt som kunne løftast fram og rosast som så forbilledlig at andre hadde mye å læra. Ikkje bare fordi oppdragsgivaren var Husbanken og Kommunaldepartementet, som også er boligdepartement, men også fordi bustadbygging er den viktigaste, næraste og mest varige delen av det allmenne byggeriet for folk flest.

VI LEITTE IVRIG, men etter kvart ganske fortvila, etter gode boligprosjekt, for år etter år kom vi tomhendte tilbake. Det var lettare å finna avskrekkande eksempel enn gode føredøme. Vi såg noen flotte signalbygg, arkitektoniske godbitar og særeigne enkelthus, men ikkje større boligprosjekt som kunne tena som lærerike eksempel for andre.

Det blei faktisk vanskeligare år for år å finna forbilledlige boligprosjekt med høg kvalitet. Med eit hissigare og stadig sterkare meklarstyrt marked, har kvaliteten falle - både innomhus og utomhus. Det blei tettare, høgare, trongare og mindre forseggjort. Når betalingsviljen og etterspørselen er stor og tilbodet knapt, kan utbyggarane justera ned byggekostnader og kvalitet og likevel vera sikre på å få kjøparar.

LISTA OVER VINNARAR av byggeskikkprisen på 2000-talet er derfor som ein katalog over byggherrar i stat og kommune. Det er mange signalbygg og transformasjonsprosjekt i offentlig og halv-offentlig regi: staselige bygg, bygd av Statsbygg. I mi jurytid begynte det med Sametinget og enda med Operaen. Sjøl argumenterte eg mot Operaen - ikkje fordi den ikkje er eit fascinerande og fantastisk byggverk og eit sterkt grep i stedsutviklinga i Oslo, men fordi den er så unik og ragar så høgt at den blir for fjern som forbilde for allment byggeri, akkurat som Sametinget. Dei stiller utanfor totalisatoren, for å seia det med terminologi frå veddeløpsbanen.

PILESTREDET PARK midt i Oslo sentrum fekk prisen i 2007. Det er ein kombinasjon av bustader, nærings- og undervisningsbygg på kremtomta til det gamle Rikshospitalet. Vi følgde prosjektet i spenning i fleire år, men bustadkvaliteten fall for kvart nybygg. Så då prisen til slutt hamna der, var det ikkje til utbyggarane for forbilledlig boligkvalitet, men til Oslo kommune og Staten. Dei fekk prisen for den kommunale rammeplanen og for den konsekvente gjennomføringa av miljøkonseptet og det transformatoriske totalgrepet. Det var ein byplan med sterke føringar, og der Staten som opprinnelig grunneigar stilte klare krav og hadde ein organisasjon for å følgja opp det underjordiske og utvendige, men ikkje det innvendige i leilighetene.

OPPSUMMERINGA VÅR til departementet var at dei fleste av dei byggeskikkelige prosjekta hadde vore i offentlig regi, eller med styrande program frå det offentlige. Derfor meinte vi at det offentlige burde ta støre ansvar for å påverka marknaden og byggebransjen, både ved å vera ein grundigare regulator og bestillar, og ved å utarbeida gode og ambisiøse program. Og følgja dei opp.

Poenget er at staten må opptre som Staten og kommunen som Kommunen. På vegne av fellesskapet. At Myndighetene bruker myndighet og tar grep. At stat og Kommune ikkje reduserer seg til grunneigarar med avkastning som viktigaste kriterium. At dei ikkje gir frå seg styringsgrep og muligheter til private eigedomsutviklarar, og heller ikkje til ustyrlige statlige og kommunale eigedomsselskap som ofte opptrer grovare enn noen andre på markedet - i hav og havn og på gamle jernbanetomter.

Balansen mellom offentlig og privat må bli betre. Utan kapital og utbyggarar blir det ingenting, men utan samla og overordna planar og vilje og evne til styring, endar det i grimhet og kaos. Utan entreprenørskap kjem ein ikkje langt, men utan offentlig vilje blir det heller ikkje bra.

EIT AV FAVORITTPROSJEKTA mine fekk aldri byggeskikkprisen, men hedrande omtale, etter at vi endra ordbruken frå det litt nedlatande «hederlig omtale». Det var eit sjølbyggarfelt med rekkehus på Søra Bråde i Madla bydel i Stavanger kommune. Det er bygd for, og i ikkje liten grad av, yngre boligsøkarar, for eigeninnsatsen var betydelig, både i grunnarbeid og sluttfinish. Den berande ideen var at unge og relativt ubemidla familiar skulle kunna skaffa seg eigen bolig etter ein økonomisk og sosial modell ved sida av den private bustadmarknaden med høg terskel og stor risiko.

Det er blitt eit velforma naboskap og nærmiljø for 60 familiar. Boligane er designa og bygde etter besnærande enkle og robuste planprinsipp som gir stor bruksmessig variasjon etter slik folk vil ha det sjøl. Det er lagt mye omtanke i overgangane mellom offentlige, halvoffentlig, halvprivate og private soner for kvart hus, med felles grøntområde og aktivitetsareal med møteplassar for barn og vaksne.

Juryen meinte at dette prosjektet har klar overføringsverdi til det allmenne boligbyggeriet og til kommunal boligpolitikk - uavhengig av spesielle målgrupper.

PROBLEMET med overføringseffekten frå dette forbilledlige prosjektet, som var Rettedal-Høgres konservative og kooperative vidareføring av halv-kommunistiske dugnads- og sjølbyggarprosjekt frå etterkrigstida, er at det blei det siste i sitt slag i Stavanger. Modellen blei klaga inn for ESA for konkurransevriding fordi tomtene var subsidierte, fordi kommunen bidrog med kompetanse og teknisk hjelp, og fordi det var strenge restriksjonar på omsettelighet.

DET FORBILLEDLIGE enda som ein forboden forretningsmodell.

ÅRETS VINNER: Stavanger kulturskole og Stavanger katedralskole vant Statens byggeskikkpris for 2013. Foto: Jiri Havran/Husbanken
ÅRETS VINNER: Stavanger kulturskole og Stavanger katedralskole vant Statens byggeskikkpris for 2013. Foto: Jiri Havran/Husbanken Vis mer
Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.