«Den norske modellen er som humla»

Den skulle ikke vært flygedyktig, men klarer seg, skriver Andreas Hompland.

SIVEBOM: Enten har Jensen dårlige rådgivarar som ikkje ville ha stått på opptaksprøve til statsborgarskap. Eller så har taleskrivarane bare valt ut små brokkar av pensum på Citiva-skulen, skriver Andreas Hompland om Frp-lederens angrep på den norske modellen. Foto: Nina Hansen.
SIVEBOM: Enten har Jensen dårlige rådgivarar som ikkje ville ha stått på opptaksprøve til statsborgarskap. Eller så har taleskrivarane bare valt ut små brokkar av pensum på Citiva-skulen, skriver Andreas Hompland om Frp-lederens angrep på den norske modellen. Foto: Nina Hansen.Vis mer

SØNDAGSKOMMENTAREN: Det går ikkje så bra for Fremskrittspartiet, 40 år etter at Anders Lange var lei av det meste. Partiet stuper på meiningsmålingane. Med eit skrik har Carl I. Hagen kome på banen igjen og begynt å furta. Mens Siv Jensen fuskar og freser. Ho bomma med 75 år og gjekk seg grovt vill i Statistisk sentralbyrå sine berekninga av kva innvandring kostar. Per år viser det seg å vera å samanlikna med det Frp vil kutta bompengane med. I slike reknestykke frå SSB er vi dessutan alle ein utgiftspost.

Då Jensens tabbe blei korrigert av statistikarane i SSB, kalla ho dei merkelig nok ikkje venstrevridde. Ho la seg flat. Men ikkje flatare enn at ho heldt fram med sitt klippe-klippe og skulda pressa for å vri og vrenga, ta alt i verste meining, henga seg opp i detaljar og ikkje ta på alvor hennar konkrete påpeikingar av at innvandringa fører til at det går til helvete i verdens beste land.

Dette er det liten grunn til å vera deeply shocked over. Det er som venta.

Då Kristin Halvorsen ein gong fekk for mye hornmusikk i brøstet og tok for hardt i, kom ho unna med å seia at ho hadde drukke for mye Møllers tran. Siv Jensen har nok tatt ein overdose Ayn Rand; dei gjer av og til det i Fremskrittspartiet, i alle fall dei som ikkje bare følgjer partilina og oppgir den russisk-amerikanske liberalisten og autoritære superindividualisten som politisk guru. Ulest. Hennar forfattarskap er ein høysang til rasjonell egoisme og politisk frihet som bare kan realiserast gjennom laissez-faire-kapitalisme. Dei som har vore nær den kildens utspring kjenner seg levande og trur dei kan bevega verden.

På landsmøtet slo Siv Jensen til med sine repetitive harangar om Den Norske Modellens brotsverk mot det norske folk. Då ho fekk ein Hundere Navarsete til svar («Du veit ikkje kva du snakkar om»), gjekk ho med på at ho nok heller burde ha sagt Arbeiderpartimodellen, Arbeiderpartistaten, Formynderstaten, Byråkratiet, Velferdsstaten eller Handlingsregelen. For ho dreiv systemkritikk og kamp mot systemet, må vita. Mens Arbeiderpartiet set modellane over enkeltmenneskas frie val i verdens rikaste land.

Men Siv Jensen og diverse Høgre-ideologar har rett i at det ikkje er så lett å skilja mellom parti og modell. For Arbeiderpartiet har gjort sitt beste for å ekspropriera ein variant av «den nordiske modellen», som er eit rimelig omforent begrep i internasjonal statsvitenskap. I Stoltenbergs retorikk er Den Norske Modellen ramme for og innhald i den politikk Arbeiderpartiet til ei kvar tid fører.

Det er også rett at Arbeiderpartiet er systemtru, for dei er vane med å tenka seg sjøl som systemets byggherre og forvaltar. Som Den Norske Modellens Narvestad, vaktmester i A-huset. Jens Stoltenbergs to mantra er: Mye er bra, men det kan bli endå betre. Vi har gjort mye, men vi skal gjera meir. Det blir ikkje mye samfunnskritikk i slike forsvarsposisjonar.

Likevel bomma Siv Jensen i sitt drapsforsøk på Den Norske Modellen, både retorisk og politisk, sjøl om det må vera fristande å vera mot det Arbeiderpartiet er for. Retorisk bomma ho fordi Frp-veljarar som sit på gjerdet, er veldig norske og mot det utanlandske. Å angripa ein norsk modell, er nærmast ei unasjonal handling. Politisk bomma ho fordi Frp sine kjerneveljarar vegeterer tungt på mange sider av Den Norske Modellen. Fremskrittspartiet er eit etatistisk parti i liberalistisk forkledning.

Enten har Jensen dårlige rådgivarar som ikkje ville ha stått på opptaksprøva til statsborgarskap. Eller så har taleskrivarane bare valt ut små brokkar av pensum på Civita-skulen.

Det er ikkje enkelt å forklara for folk frå andre samfunnsorganiseringar kordan dei nordiske systema kan overleva i ein globalisert verden. Og modellen er ei tvilsam eksportvare. Utan tolmod, tillit og transparens kan det enda i favorisering, farlige forbindelsar og korrupsjon.

Den Norske Modellen liknar på humla. Etter fysiologiske og aerodynamiske prinsipp skulle ikkje humla vera flygedyktig, men ho klarer seg. Slik er det med Den Norske Modellen også: Den har vist seg berekraftig — både som eit mantra og ein manifest størrelse og som. If it walks like a duck, looks like a duck and quacks like a duck, it is probably a duck!

Den norske modellen er som grunnfjellet, vil noen meina. Like uutryddelig som den norske historiske flaksen, nå i nyrik petro-utgave. Like fundamental som den protestantiske arbeidsmoralen og egaliteten. Dei fleste vil skryta av den, tala vel om den, slutta opp om den og halda seg trufast til den til Dovre faller.

Eller er det bare slik så lenge alle politiske retningar definerer modellen på sin måte og legg vekt på det som passar dei best når dei kappast om å gjera den til eit felleseige som ikkje noe parti har opphavsretten til og patent på?

For det er mange ulike fortellingar om Den Norske Modellen. Den er mest som eit folkeeventyr eller ei heltesegn som lever på folkemunne og i det politiske folkeminnet. Men det blir sprik når noen vil ta eigedomsrett til fortellinga og skriva ho ned med to strekar under. Då stivnar den åpne fortellinga — eventuelt i fleire og konkurrerande modellar. Mens Siv Jensen diktar på sin eigen.

Ved inngangen til stortingsvalkampen er Den Norske Modellen eit sentralt tema. Arbeiderpartiet har si tolking med hovudvekt på fordeling, brei deltaking, fagorganisering, offentlig styring, likhet, velferd og små forskjellar. Høgre krev medopphavsrett og har innlemma Den Norske Modellen i sitt repertoar. Dei vil gjerne ta regjeringsbolig i den, eventuelt med Fremskrittspartiet på låven. Dei meiner Arbeiderpartiet er grovt usaklige og teiknar eit skræmebilde av Høgre som eit trugsmål mot Den Norske Modellen. Dei minner om at privat næringsliv, rettsstat, produktivitet, omstilling og nyskaping også er sentrale berebjelkar.

Alt henger sammen med alt, sa Gro. Dei mest fundamentalistiske tolkarane av Den Norske Modellen seier gjerne det same. Den er ikkje ein à la carte-meny. Dersom det blir rokka ved ein bit av modellen, vil den bryta saman.

Eller er modellen eit nordisk modulsystem der ein kan flytta på og bytta ut og inn element utan at modellen bryt saman? Modellen har vist seg å vera ganske så fleksibel, både i ord og som reiskap. Den er ombygd og modernisert fleire gonger for å tilpassast eit nytt og mindre homogent Norge, med endra demografi, endra økonomi og endra arbeidsliv. Det er langt frå Gerhardsen til Stoltenberg, og eit godt stykke frå Willoch til Solberg. Mye er forskjellig, og det er ikkje bare utanpå.

Likevel er Den Norske Modellen seigliva. Sosialdemokratar over heile fjøla samlar seg i det verdikonservative slagordet: Forandre for å bevare. Det må ha noe med politisk kultur å gjera, og med grunnleggande tillitsforhold i det norske samfunnet. Når det kjem til stykket, er nok tillit den viktigaste kapitalen i Den Norske Modellen.