Den nye biofriheten

SOM EIT INNLEGG

i Mehmet-saka seier Aanderaa i Dagbladet 1. april at foreldre alltid har hatt formål med ungane. Ofte står bestemte livsbanar med skolegang og yrker og ventar på barna. Men dette kan det nye individet gjøra opprør mot. Ein kan aldri sjå bort fra mogligheten av psykologiske og sosiale frigjøringsprosessar, noko som individet vokser og utviklar seg på. Men formål som er nedfelt i genene, ligger der for godt. Dei er vilkår for eksistensen som individet sjølv ikkje kan endra. Ein trenger langt fra vera gen-determinist for å sjå at dette kan skapa ein ny tvang og problem for den individuelle friheten. I Dagbladet sin kampanje har den individuelle valgfriheten vore ein styrande verdi enten det har handla om ultralyd eller pre-implantasjonsdiagnostikk. Meir alment er individuell autonomi ein kulturell verdi som har fått stadig større oppslutning. Korfor skal dei kommande menneskene, selektert eller konstruert gjennom medisinsk teknologi, vera ekskludert fra denne verdie ?

Dagbladet har fokusert på statlege forbod. Dette har skygga for andre typar tvang: foreldra si styring av ungen sin genetikk og medisinen si medvirkning gjennom å frista med moglighetar, tilby midler og setta eit autoritativt stempel på det heile. Me har ein ny variant av den klassiske situasjonen kor nokre mennesker sin frihet undergraver andre sin. Ofte skal forbod sørga for ei fordeling av friheten.

I Mehmet-saka skal den potensielle ungen vera medisin. Men seleksjon av befrukta egg er ei svak forming i forhold til andre moglige, framtidige teknikkar som kloning og manipulering av kjønnsceller. I dag er det forbode i dei fleste land med lovverk på området å bruka disse til å skapa nye mennesker. Men slikt vil komma under press fra gode hensikter, som det blir vanskeleg å opponera mot utan å framstå som kynisk. Men det er ikkje dei framtidige ungane sine hensikter. Likevel må dei finna seg i å få forrige generasjon sine formål ingravert i genene. Kva meiner me t.d. om dei offisielle, gode hensiktene som dominerte samfunnet på 30-, 40- og 50-talla?

Ungar som ikkje er født, manglar ansikt og faller utanfor den emosjonelle journalistikken sitt fokus. Etikk handlar om å sjå slike blindsoner.