Den nynorske kampviljen

«Det nynorske blikket» vil seie den nynorske måten å sjå verda på. Blikket rettar seg mot historia, litteraturen, språket og kulturen, mot det statistiske grunnlaget for dette språket, og mot slengen i den nynorske tenkje- og veremåten.

Det er ei morosam bok. Grepstad skriv drivande, uventa, med innfall, utfall, på omvegar og fjellstigar, slik det høver seg ein etterkomar av dei lunefulle og motseiingsfylte fjellgeitene på 1800-tallet, som skapte det målet han nå boltrar seg i.

Helteepos

På mange måtar er «Det nynorske blikket» eit helteepos frå den store kamptida då nynorskingane erobra Troja og skipa ordbøker, teater, songlag, forlag, aviser, organisasjonar, for ikkje å snakke om kaffistover, som har fått eit stort og løgleg kapittel i boka.

Heltane er mange. Frå den ukjende Lars Stavnheim, redaktør i Fedraheimen eit stutt bel i 1888, til Berge Furre, som vert rekna blant heroldane i den nynorske fylkinga.

Grepstad knip ikkje på orda når han skildrar dei nynorske krigsmennene. Steinar Schjøtt, Johs. Aanderaa og andre vert skildra som framifrå glupe karar, utan at Grepstad vert sakral i røysta av den grunn. Han veit å nyansere språket slik at ein ser både retta og ranga på livsens vev og samstundes oppdagar alle dei ulike renningane i den nynorske levemåten. Dette er kulturhistorie, og då fell lyset skarpast på dei store hovdingane Aasen og Garborg - særleg i portrettet av den sistnemnde har Grepstad teikna mange nye sjatteringar.

Manifest

Sjølvsagt er boka også eit språkpolitisk manifest, og som nynorskingar flest er Grepstad mest oppteken av å kveikje kampviljen og telja dei slaga som er vunne. Dei er mange, men dei fleste høyrer fortida til. Ein kan sjølvsagt trøyste seg med dei nynorske salmane, kyrkjespråket, kommunane, sidemålsstilen og Det Norske Samlaget, som lever i dag. Men i lengda vil nok nynorskingane likevel merke den kalde motvinden frå urbaniseringa, kommersialiseringa, fråflyttinga og sentraliseringa som trugar livsgrunnlaget til dette språket. Ein skriv ikkje nynorsk i bankane, dei store avisene, dei store forlaga, dei store konserna.

Ein umisteleg del

I ei tid da alt skal bli større, er det vanskeleg å vere eit språk for dei små. Om eg hadde vore nynorsking, hadde eg blitt desperat og hadde brukt ljåen på utviklinga.

Til lukke for oss alle gjer ikkje Grepstad det. Heller ikkje forfattarar som Einar Økland, Kjartan Fløgstad, Jon Fosse, Rønnaug Kleiva eller andre av dei nynorske forfattarane som gjer denne delen av litteraturen til ein umisteleg del av norsk bokheim. Dei skapar det nynorske rommet først og fremst gjennom stilen sin, språket sitt og innhaldet i det dei set på prent, slik som Grepstad gjer. Så kan vi andre som berre svermar på fråstand, grave oss ned i dommedagsvisjonar. Vi får vone vi tek i miss.