Den planlagde poesien

Øystein Hauge har tidlegare publisert ei sympatisk bok med haiku. I år er han ute med andreboka og han stadfestar dessverre den gamle soga om at andreboka er problematisk.

Han har laga seg ein mal for dei fleste av desse nye dikta. Dei bør slutta med eit sitat eller ei vising til noko ein kjend person, gjerne ein kulturpersonlegdom, har sagt eller gjort. Sitatet kan ha litt avstand til det som står ovanfor, slik at slutten vert gåtefull og rar, men likevel slik at han gjerne kastar eit nytt lys over det som før er sagt.

Av og til vert det som står til slutt nærast inkjeseiande i motsetnad til det meiningsfulle som står ovanfor, andre gongar er det som står først nærast inkjeseiande i høve til det som står til slutt. Eller eg får bare ikkje tak i samanhengen. Av og til forfell det heile til kjekkaseri og ordspel, som at «vi heldt eit helvete i himmelsenga», som svekker diktet uoppretteleg.

Prosjektet er rett og slett lite vellykka. Likevel finst det ein del plussteikn i margen på den gjennomlesne boka eg har. For Hauge viser også her si evne til å formulera fine ting med få ord. Han har sin styrke i fortetta formuleringar.

ho er ein amerikansk bil like før regn

Men mykje er her øydelagt av tenking og planlegging. Det er ein oppsøkt tyngde og ein vilja visdom som får mange av tekstene til å falla til jorda som fragment som ikkje har fått det naturlege festemiddelet til kvarandre. Det som oppstår når noko anna enn planer og tankar tek over skrivinga. Det som han har vist før at han har taket på.