DANSELØVE: Partileder i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, på Kanalplassen i Arendal torsdag formiddag.
DANSELØVE: Partileder i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, på Kanalplassen i Arendal torsdag formiddag.Vis mer

Den skravlande klassen er ramma av Arendalsjuka

Sanninga i tredje øl.

Kommentar

DENNE VEKA har det politiske og mediale Norge vore kollektivt ramma av den smittsame Arendalsjuka. Interesseorganisasjonar og lobbyistar frå overhuset har vore plassert i same isolat. Til og med Riksrevisjonen var der - ikkje for å føra tilsyn med overskridingar og overdrivingar, men for å presentera seg sjøl. Det liknar på hostile overtake av ein akterutsegla småby. Men for den refuserte fylkesmannen Øystein Djupedal og den fiktive og oljelause kanalbyen ved Skagerrak, er vona at debattar skal bli den nye seglskutetida.

Mens TV2-kanalane har fylt alle sendeskjema med olympiske øvelsar som ingen har høyrt om, har Norsk Rikskringkasting stilt like utstyrstungt og mannsterkt i Arendal som på ein landskamp i fotball. Politisk Kvarter, Debatten og Dagsnytt 18, dei tre faste postane som sikrar NRK politisk legitimitet og lisenstrygd, flytta etter til kanalbyen. På den måten sparte dei taxi-utlegg til dei faste deltakarane som ikkje bur i gåavstand frå Marienlyst, eller som har behov for å demonstrera at dei vil skifta til grønt. Det er slikt som Riksrevisjonen liker. På den andre sida går den politiske klassen glipp av tilbakemeldingar frå folket bak rattet.

KLASSEKAMPENS venstrepopulistiske røvar Mímir Kristjánsson kom til Arendal frå Ingensteds for å kjempa mot vestkanttroll, jøtular og andre sagafigurar. Og for å formidla kva Trond Giske og andre politikarar heller ut av seg av folkeforakt når dei er eit stykke nede i den tredje ølla. Det galdt ikkje Senterpartiets danseløve Trygve Slagsvold Vedum, for han blei nekta adgang på grunn av støyande lått og lurvete antrekk.

KULTURRÅDETS innkjøpsordning har ingen post for røvarromanar. Kagge forlag håpar vel at anonyme og rettskafne finansfolk med spett i ryggraden kjøper inn 1.000 eksemplar av boka som gave til folkebiblioteka. Øystein Stray Spetalen blir ikkje blant dei, for han kjem ut som ein ynkelig voksfigur i boka.

Mímir Kristjánssons røvarroman begynner og sluttar på sofaen hos psykiateren Finn Skårderud, for det er han som i løyndom styrer alle leiarar i Arbeiderpartiet. Det er nok syltynt belegg for den uroa, men det skaper ein viss sult etter konspiratoriske komplott om verdipolitikarar som skal ut på andre reiser.

IDRETTSNORGE har fått ein ny helt, den taleføre sunnmøringen Karsten Warholm. Han gjorde det godt OL, men han kunne ha gjort det endå betre om han ikkje hadde blitt uroa i førebuingane til hekkeløpet av alle tomflaskene på Copacabana. Som sunnmøring måtte han bare plukka dei opp i dimna. Men etter løpet fekk han ete seg godt mett, for maten var gratis.

EI SJØLMELDING: Eg fekk Måtelig og strauk til artium i matematikk, også etter å ha kontinuert. Så eg har ingen ambisjonar om å kunna læra bort noe som helst. Der kjenner eg meg solidarisk med sju av 18 statsrådar som er på jakt etter den indre willochen i seg.