Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Les mer

Kultur

Mer
Min side Logg ut

Den som ler sist, er best

Den nye, «unge» humoren er 69-arane sin ultimate hevn over 68-arane. Humoristane fødde på slutten av 60-talet har funne opp eit språk og ei form som bryt med alt foreldra deira lærte barna sine, og blir dermed oppfatta som eit alvorleg trugsmål mot etablerte generasjonar og konvensjonar. Og det er akkurat det det er.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Åpen post, Mandagsklubben og P3-miljøa har blitt kritisert for å eksponera ein kald og rå humor som både er plump og poenglaus. Dagbladet slår opp på si førsteside at 100000 sjåarar ikkje ville sjå Harald Eia sitt sladda, nakne underliv på fjernsyn - og skrudde av Åpen post. Kristopher Schaus utsagn på Mandagsklubben om Arve Opsahls «slankekur»-amputasjon fekk mange til å reagera med avsky. Då Espen Thoresen i XL meinte ein måtte kunna snakka om hudstrukturen til ein mann som er så oppteken av andre menneske sin hud(farge), og sa at Oslo FrPs Einar Lonstad ser ut som ein saccosekk i trynet, hausta han storm for det.

Dermed er plutseleg dei unge galningane å sjå i seriøse debattprogram, der velmeinande programleiarar prøver å få dei til å snakka alvorleg om seg sjølv og si eiga rolle. Knut Olsen prøver i Redaksjon 21 å få Harald Eia til å oppføra seg som den sosiologen han tross alt er, og prøver å få Eia til å sjå analytisk på seg sjølv. Forsøket mislukkast sjølvsagt totalt, fordi Eia nektar å gå inn i ei slik konvensjonell debattrolle. Eia fortset å tøysa - sjølv i eit program der alle som deltar skal vera seriøse. Det er kjempeforvirrande.

Samtidig illustrerer Espen Thoresen det den danna Aftenposten-journalisten Sturle Scholz Nærø allereie har påpeikt i debatten, nemleg at Thoresen er ei bølle. Thoresen står nemleg der og snakkar i munnen på alle og skrik at Nærø er ein tosk. Så langt har det altså kome.

Det er fullt forståeleg at den nye humoren vekker reaksjonar. Men det er ikkje heilt uvesentleg kor reaksjonane kjem frå. Reaksjonane kjem nemleg ikkje frå dei unge sjølv, men frå foreldre- og besteforeldregenerasjonen (pluss enkelte som skulle ønska dei var over 50, og dermed oppfører seg deretter - som unge gamlingar).

Grunnen er openbar: 50-åringane oppfattar ikkje kodane og tek ikkje poenga. Dei er dermed kontant plassert på sidelinja av noko dei ikkje forstår og følgjeleg ikkje anar korleis dei skal forhalda seg til, svara på eller verja seg mot.

90-talshumoren er sånn sett kanskje noko av det mest vellukka generasjonsopprøret og -prosjektet på lang tid, sjølv om det ikkje er noko gjennomtenkt prosjekt: Ein generasjon har kome med eit språk og ei form som effektivt ekskluderer alle som ikkje automatisk skjønar kodane - og det er ein føresetnad at ein tilhøyrer eit visst alderssjikt for å skjøna dei. Den særeigne og eksklusive måten å kommunisera på forsterkar i sin tur identiteten til dei som er innanfor, medan dei som står utanfor aldri har ein sjanse, verken til å forstå eller til å bli innlemma i fellesskapet.

Med tanke på at 50-åringane fyller alle sentrale posisjonar og dominerer det norske samfunnet totalt, er det ikkje trist - men vakkert - å sjå denne generasjonen mista kontroll over ein arena og bli plassert på sidelinja. Om enkelte vel vaksne kjenner seg ekskludert i møte med denne nye humoren, har dei bare godt av det. Og verre skal det bli.

Kva er det ved den nye humoren som er så spesielt og gjer den provoserande for alle som ikkje er «inne»? Jau, den sprenger heile den konvensjonelle lineære logikken som rår i resten av samfunnet. Me er lært opp til å sjå etter samanhengar, raude trådar, retning, relevans, meining og konsekvens. Dei unge humoristane byr på kaos, forvirring og inkonsekvens. Alt går i alle retningar heile tida, det finst ingen grenser, ingen hemningar, ingen tabu, ingen autoritetar og tilsynelatande inga meining. Sjåaren får i alle fall inga forklaring, oppklarande punchline eller «konklusjon» til slutt. Samtidig er det uklart kven poenga rettar seg mot og kven ein eigentleg ler av. Ler sjåaren av programleiaren, intervjuobjektet, rollefiguren i sketsjen - eller av seg sjølv?

I eit slikt format er det like «meiningsfullt» for Kristopher Schau å stappa 147 Fishermans Friend i kjeften som det ein gong var at Leif Juster skar ein grimase og sa «mot normalt!» Schau er minst like morsom for dei som er fødde etter 1968 som Juster var for dei som er fødde før.

Dei aller fleste som har opplevd ein gymtime på barneskulen på 70-talet eller ein tysktime på ungdomsskulen på 70- 80-talet vil på same måte ha vel så stort utbytte av eit gjennomsnittleg Lille lørdag-sketsj eller Åpen post-episode som godt vaksne har av eit gjensyn med Wesensteens sketsjar.

Både Wesensteen og Juster er for så vidt morsomme også for unge. Ein kan le av korvidt Volvo Amazon er italiensk eller svensk uavhengig av kor gammal ein er. Og det er ikkje slik at alt som blir produsert av dei unge humoristane held like høg kvalitet og nødvendigvis er særleg vellukka (jf. Schaus plumpe Opsahl-poeng). Men det er altså noko med den nye dominerande humoren som får den til å appellera meir til unge enn til eldre menneske. Kvifor?

Dei unge humoristane speglar noko som er ein realitet i deira generasjon. Mange meiner det er negative trekk, men det er eg heilt ueinig i. Ironien, som er det grunnleggjande trekket ved den unge 90-talshumoren, forutset evne til distansert analyse både av seg sjølv og si eiga samtid. Ymse sosiologar snakkar om at me i dag lever i ein slag «refleksiv modernitet», der folk heile tida reflekterer over kven og kva dei sjølv er. Dei fortolkar altså seg sjølv både utanfrå og innanfrå samtidig - med ein heilt annan distanse og innsikt enn før.

At denne refleksjonen fører til andre svar og andre verdiar enn det foreldregenerasjonen vår kom til, er både positivt og logisk. Me har jo alle sett korleis det gjekk med 68-generasjonen; deira fremste bidrag til verda var eit klassisk eksempel på kor stor avstand det er mogleg å oppnå mellom teori og praksis - på deira veg frå idealisme til materialisme. Ein generasjon som så totalt har forkasta sine eigne ideal og prosjekt, har ingen autoritet som «life coach» for den yngre generasjonen.

Med foreldra sine i bakhovudet, er det fullt forståeleg at unge, tenkjande og ressurssterke menneske ikkje vil slutta å leika, ikkje vil bli «vaksne» (kva no enn det tyder), ikkje har respekt for autoritetar og konvensjonar, men har eit behov for å gjera tilsynelatande umotiverte og «rare» ting som det ikkje er særleg mål eller meining i. Det er altfor mykje mål og meining som det er her i verda.

Sett frå ein vanleg sjåar sitt standpunkt, som ikkje har andre føresetnader for å uttala seg enn at han tilhøyrer same generasjon som dei unge humoristane og faktisk ler av mykje av det dei gjer, er poenget med den nye humoren dermed ikkje å ha klare poeng, men å leika seg, eksperimentera, sprenga grenser, prøva det uprøvde, vera frie og definera sine eigne rammer. Poenget er ikkje å laga nok ein KLM-reprise, skapa nok eit «udødeleg» Chat Noir-nummer eller laga endå ein Olsenbanden-film. Poenget er å laga «si eiga greie» - så får det som er historie vera historie.

Den anarkistiske og respektlause måten å laga humor på må virka umåteleg irriterande for generasjonar av snusfornuftige, som krev at det skal vera ei meining med alt ein gjer, og at eikvar handling skal ha eit formål.

Når ein bryt med ein slik instrumentell og lineær logikk, utfordrar ein i siste instans mykje av fundamentet for heile samfunnet. Korleis skulle det gå om folk gjekk rundt og tøysa heile tida?

Til dei som no sit i sofaen og ergrar seg over Åpen post, XLTV og Mandagsklubben, og bekymrar seg over at alt no bare har blitt tøys, fjas og kald ironi: Kva trur de vil framstå som det mest tøysete tiåret i eit historisk lys: det «opprørske» men akk så naive 60-talet, det politisk korrekte og sjølvhøgtidelege 70-talet, det materialistiske, smaklause og minst like sjølvhøgtidelege 80-talet - eller det ironiske, distanserte og tøysete 90-talet, tiåret då ein heil generasjon viste at det også er mogleg å le av seg sjølv?

<B>KVEN LER AV KVEN - </B>og kvifor ler dei? Her Harald Eia og Bård Tufte Johansen i Åpen post.