Den store stillheten

VENSTRESIDA: Herr Steffenak har i ein debattartikkel 15. januar funne eit sitat frå mi hand der eg har uttala meg positivt om ei side ved DDRs politikk. Sitatet er frå om lag femti år tilbake. Det hadde bakgrunn i ein viss optimisme om utviklinga i Aust-Europa under Krustsjov-perioden. Sidan skjedde mykje. Det viste seg diverre at optimismen var ugrunna. Sidan var eg innom DDR eit par gonger mange år seinare for å halda kontakt med krinsar som arbeidde illegalt for fred og menneskerettar i opposisjon mot styret. Særleg heroisk var ikkje dette, men nyttig for dei det galdt. STASI lika det ikkje. Eg fekk for ei tid sidan ein kopi av det dei hadde i STASI-arkivet om slik aktivitet frå mi side.Det er mykje interessant å skriva om den alliansefrie venstresida under den kalde krigen. Mykje er verd diskusjon i ettertid. Men grunnlaget må vera kjelder, tid og kontekst.