Den store tausheita

Det er absurd at vi folkevalde kan ha grundige diskusjonar om nokre få millionar til ei avgift, medan avgjerda om norske soldatar i krig, om liv og død, ikkje kjem innom stortingssalen.

AFGHANISTAN: «Historia om norske soldatar i Afghanistan er historia om kvifor vi treng open debatt, kritisk journalistikk og sjølvstendig forsking om norsk krigsdeltaking», skriver Solhjell. Bildet viser norske soldater på patrulje i Faryab-provinsen. Foto: Forsvaret / NTB Scanpix
AFGHANISTAN: «Historia om norske soldatar i Afghanistan er historia om kvifor vi treng open debatt, kritisk journalistikk og sjølvstendig forsking om norsk krigsdeltaking», skriver Solhjell. Bildet viser norske soldater på patrulje i Faryab-provinsen. Foto: Forsvaret / NTB Scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Mens nordmenn les om andre verdskrig som aldri før, snakkar ein forbløffande lite om dei krigane Noreg har vore med i dei siste åra. Går du inn i ein tilfeldig norsk bokhandel, ligg det bøker om krig mange stadar. Ofte på topplistene. Desse bøkene handlar sjeldan om våre nye krigar, mykje oftare om 2. verdskrig. Det er eit sjukdomsteikn for den norske debatten om Afghanistan og Libya at interessa ikkje er større. Vi har mislukkast med å gjere dette til eit sentralt tema i norsk politikk.

I dag skal Stortinget diskutere utanriksminister Børge Brendes årlege redegjørelse om krigen i Afghanistan. Ved at debatten blir tatt i Stortinget i dag, sikrar vi at dei ulike oppfatningane kjem til syne. Det er bra. Eg skulle berre ynskje at dei kom til syne litt oftare, ikkje berre som eit fast rituale etter utanriksministeren si framstilling.

Det har vore ein tendens i fleire parti til å fokusere på dei positive hendingane i Afghanistan og mindre på dei negative. Samtidig som ein kan finne område der det har blitt betre i landet, som til dømes at fleire jenter kan gå på skule, er det mykje som peikar i gal retning. Tryggleikssituasjonen har blitt verre, narkotikaproduksjonen har auka og demokratiseringa har stoppa opp. Dei fleste spår i dag at Afghanistan står framfor store vanskar i åra som kjem.

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer