MANN MED PLASTIKKPOSE: Emile The Duke. (Foto: Erik Zeiner Hansen)
MANN MED PLASTIKKPOSE: Emile The Duke. (Foto: Erik Zeiner Hansen)Vis mer

Den tilfeldige turist

Det gjeng an å leve i kvardagen òg. Nei då, sjølvsagt ikkje.

Emile Leon Aasen frå Oslo har gitt ut låtar, mixtapes og minialbum i over fem år no. Han kallar seg Emile The Duke, og rappar på engelsk med sin eigen stil og si eiga stemme — i si heilt eiga verd. I starten knabba han for det meste musikken frå andre, og la på vokal, no lagar han all musikken sjølv. Emiles evner innan trommeprogrammering og tangentar kan og burde ein skrive mykje om, men no handlar det som alltid om tekst.

Tidlegare i år kom Emile overraskande nok med ei plate på norsk, eit friskt og morosamt konseptalbum om livet som tilsett i Oslo kommune. Her snakkar og syng han seg gjennom forteljingane som ei slags åttitals synth/funk-utgåve av Odd Børretzen, og plata er oppkalla etter hovudpersonen, «Aasen». På den nye plata, som plutseleg kom ut forrige helg, er Emile tilbake som The Duke, og leverer åtte nye meditasjonar over livet som seg sjølv.

Hertugen skriv om kvardagslege ting. Mykje skjer i heimen; i stova, på kjøkenet, på badet, i heimestudioet. Han går til butikken, han lagar mat, ser mange amerikanske filmar, vandrar gatelangs, tar seg av sin personlege hygiene, lagar musikk.

Og så er det dei konstante rørslene vekk frå kvardagen, både ved å gjere dei kvardagslege tinga til noko eventyrleg og fantastisk, men òg heilt konkret ved å reise vekk, og då gjerne til Frankrike eller New York. Estetikk og eskapisme! Han søker stimuli i god mat (gjerne med mykje ost), gode drinkar og gode synthesizerar. Er det for å flykte frå einsemda? Eller kanskje han tvert i mot flyktar mot einsemda? Det er eg ikkje sikker på, og det er kanskje ikkje viktig, heller. Det er berre greitt; Emile The Duke er åleine på jorda. Han er ikkje fysisk i lag med vener eller nokon andre. Dei han snakkar mest med, og som ofte vert omtalt i tekstane hans, er andre musikarar som Bill Evans, Steely Dan, Michael Jackson, Tony Bennett.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Emiles tekstar handlar altså i stor grad om å reise vekk, og om å drøyme seg vekk. Det handlar om å ta på seg dress og ein god parfyme sjølv om du ikkje skal noko spesielt. Det er tung hedonisme i ein frykteleg prosaisk kvardag. Det er melankoli, men med ein ukueleg optimisme, og humor. Emile rappar og syng på ein verdsvan og litt lat, men ikkje uinteressert måte. Det er ei merkeleg form for uttrykkslaus oppriktigheit. Og han er trass i alt fornøgd med seg sjølv, som han på tørt og poetisk vis slår fast i «Lucky 2 be»:

When I brush my teeth in the morning
I clean it out, I do it right
I smile, I think
How lucky I am to be me

Sjølv om han er ein internasjonal dandy med god smak, er han òg ærleg og nede på jorda; Emile The Duke er ein real og provinsiell kosmopolitt. Den gode maten kan like godt vere ein hamburgar frå McDonald's, og plassen han snakkar oftast om er Oslo, uttalt på engelsk, altså byen Emile Leon Aasen er frå. Slik slepp han oss inn, og lar oss forstå at han ikkje spelar ei rolle, men berre viser fram ei stilisert utgåve av seg sjølv. Han tar tak i kvardagen, og gjer han leveleg.

Sjølvsagt heiter Emiles nye plate «Plastiq bag». Kva er meir kvardagsleg enn ein plastikkpose? Dessutan kan ein pose innehalde kva som helst og brukast til kva som helst. Persongalleriet på plata består igjen berre av to personar: Emile sjølv og du, lyttaren — eller kanskje rettare sagt kikkaren. Nå ja, eitt unntak: kona til Emile dukkar òg opp i ein av låtane, men symptomatisk nok er ho ikkje nær han; ho er på telefonen, og lurer på om han kjem heim snart.

I tittellåten sit han der, som vanleg, åleine. Han les i eit magasin, drikk ein øl, og reinsar øyra sine med vattpinnar. Desse varene har han kjøpt i butikken på hjørnet, og dansa med dei heim i ein plastikkpose. Livet er ein fest. Livet er forresten òg ein pose med pistasjnøtter.

Posen er alle moglegheitene, men posen kan òg vere trusselen. Mot slutten av songen vert han forfølgd av ein pose på gata. Det er tydelegvis ein tom pose, det er rusk som vinden ber med seg, det er den kjedelege slags kvardag som innhentar han. Men igjen tar Emile kvardagen og forvandlar han til ei reise; han pakkar tre boksarshortsar i posen, og set seg på flyet til New York. Traveling light. Travel by night.

«Det gjeng an å leve i kvardagen òg», er ei kjend linje frå eit dikt av Olav H. Hauge. Men både Emile og Olav veit godt at dette berre er halve sanninga. Når du klarer å skrive fantastisk om kvardagen, har du klart å oppheve han; det er resten av sanninga. Som når du stavar plastikkpose med q.