Marvelous Mosell. (Promobilde.)
Marvelous Mosell. (Promobilde.)Vis mer

Vekas Vers:

Denne dansken er «Magisk Mytisk Mageløs»

Danmarks beste rappar akkurat no rappar leikande lett, mens han fortvilt prøver å halde vatn i hendene.

Tida går, og lyden av populærmusikk endrar seg fort, kanskje fortare enn noka anna kunstform. Låtane seier stort sett det same som alltid, og me jobbar framleis med vers og refreng og andre repetisjonar, men instrument og maskinar vert bytta ut eller vert brukt på nye måtar, og lydbiletet endrar karakter, farge og temperatur.

Det har ofte slått meg når eg har sett eldre amerikanske mainstream-filmar, til dømes frå nittitalet. Når ei scene bruker ein av samtida sine poplåtar, eller kanskje til og med hiten frå filmen kjem på, tenker eg «oi, er filmen så gammal?» Musikken opplevast som eldre enn filmen, for musikken sin stil og lyd har endra seg mykje meir enn filmspråket sidan den gongen.

Tida går, men nokre gidd ikkje å vere med. Ein av dansk rapps aller mest spennande kunstnarar dei siste åra, er ein slik raring frå ei anna tid. Marvelous Mosell kallar han seg, og har frå 2013 hatt stor suksess med sine heimelaga musikkvideoar på YouTube. Låtane har han for det meste laga ved å rappe over kjende og ukjende disco- og funklåtar, og videoane er strikka ihop av stillbilete, enkel grafikk og ein masse klipp frå film, tv og reklamar, det meste frå åtti- og nittitalet. Rappestilen og tematikken er også old school, enkel, og framfor alt, vittig. Låtane kan til dømes handle om dansing, Teenage Mutant Ninja Turtles, romantikk, superheltar, eller om å kose seg heime på sofaen når ein er sjuk. Mange av låtane er òg prima historieforteljing, den fyrste videoen la han ut allereie i 2010, og er ein dansk versjon av Slick Ricks store klassikar, «Children’s story» (omtalt tidlegare i denne spalta).

Artikkelen fortsetter under annonsen

Marvelous Mosell er den type rappar som gjer lyttaren i stuss. Kva er dette? Kvifor rappar denne Petter Pan-aktige figuren så rart? Er det eigentleg barnemusikk, eller er det berre kitsch? Men han rappar så inderleg, originalt og bra at det kan umogleg vere kødd.

Rapparen viste seg etter kvart også som ein eminent underhaldar på scena, i fargerike joggedressar eller andre gammaldagse klede, smykker og solbriller, og ikkje minst med sikker levering av både sine udiskutable rap skills og lekre dansetrinn.

Etter å ha herja konsertscener og YouTube i årevis, er han no endeleg klar med sitt heilt eige album, «Magisk Mytisk Mageløs» – og det fungerer forbløffande bra. Stilen er som før, men musikken er produsert til formålet på lovleg vis av meisterprodusent Tue Track frå Malk de Koijn. Tekstane har igjen rause mengder med humor, skryt, dans, aerobic og romvesen. Og albumtittelen er forresten heilt sann. Som ei tidsreise med ein litt uklar start og heilt uviss destinasjon, er reiseleiar Mosell både ein magikar, ein mytisk skikkelse, og heilt utan make.

Referansar til populærkultur og kjende folk og figurar haglar, men han nemner ingen frå vår eiga tid. Ikkje eingong internettet finst i universet til denne rapparen, som starta karrieren sin på YouTube. (I tillegg til musikkvideoar, har han lagt ut nokre flotte «dance tutorials» på kanalen sin, men på plata seier han: «Danseskoler drejede nøglen om / da mine lektioner udkom på cd-rom».) Etter to nøye gjennomlyttingar av albumet, har eg funne éin einaste tidsmarkør frå dette tusenåret, og den er ikkje eingong særleg prangande: Han nemner ein smiley som restaurantar får tildelt for god hygiene. Dette begynte den danske Fødevarstyrelsen med i 2001. Elles er det altså åtti- og nittitalet heile vegen.

Å vere retro og nostalgisk er det mange som liker å vere no til dags, men det er sjeldan nok å namedroppe gamle heltar, og rappe om at ein ser på VHS-kassettar. Om ein gjer dét, levert med dagens språk, får me ofte berre den ironiske distansen. Men Mosell unngår heile distansen ved å unngå dagens språk. Han bruker ikkje moderne slang, har til tider ein nærast arkaisk måte å ordlegge seg på, og han bannar svært lite, og aldri stygt. Han fortel at Batman ikkje kan flyge, men: «Det' da klart at han kan hoppe fra en høj trappe / Og i den forbindelse måske svæve med sin kappe». Og kor mange rapparar ville summere opp ein god kveld på denne måten? «Festen var henrivende / Personligt må jeg sige den var yderst givende». Nok berre éin.

Sjølv om den velformulerte og ofte høflege tonen kanskje høyrer heime på femti- og sekstitalet, og musikken og estetikken er frå åtti- og nittitalet, er 2017 også med. Det han har frå vår tid, er fascinasjonen og det romantiserande blikket bakover i tid. Slik innkapslar Marvelous Mosell mange epokar, og resultatet er eit univers som er heilt hans eige.

I tillegg kan me òg sjå figuren Mosell som ei innkapsling av mange epokar i eitt menneske. Han er både ein eldre og høfleg herre, ein vaksen mann som er oppteken av hushaldning og økonomi, ein ungdom som likar å danse og feste, og kanskje aller mest, ein unge som elskar å flykte inn i ei verd av teikneseriar og heimelaga superheltehistorier. I låten «Mosells fede ferie rap» får me kjensla av å sjå inn i eit av rapparens eigne barndomsminne: «Møder en ven midt i ferien / Hva’ så, hvor har du været henne? / Ok, du har festet med damer, drukket Alabama Slammer / sutteflaske-fodret baby-bavianer / Jamen, jeg har lånt Asterix på biblioteket / og talt alle blomsterne på tapetet». På dette humoristiske viset får me sympati med ein einsam outsider, utan at han framstiller seg sjølv som stakkarsleg.

Som den rappguden han er, har Marvelous Mosell sjølvsagt draget på damene, men også her er tilnærminga hans heilt infantil: «De kommer i mange former og farver / det' som at vælge sin yndlingsdinosaur» rappar han på ein av platas sterkaste låtar, «Parfumen hænger fast». Det er lite alkohol i tekstane hans, men han har eit bra utval av brus å byde jentene: «Fanta, danskvand, Coca-Cola Light / Nestea, Pepsi, SevenUp, Sprite / Du kan ta' præcis hvad du vil ha' / Undtagen Squash, der' kun én tilbage».

På siste låt på plata, skjer det noko uventa. Me får ein meir alvorleg tekst, som kort og godt heiter «Visdom». Mosell rappar med den same stemma, og det same flowet som elles, men i ein meir bekymra tone. Han tullar ikkje når han opnar låten slik: «Smilende ansigter, ingen vansmægter / så længe jeg er på, for teksterne har nektar / Når jeg ikke taler, sidder jeg i et / hjørne og dvæler ved virkelighedens regler». Den einsame og utilpassa klovnen som observerer dei andre, og synest verkelegheita er merkeleg; eit passande om ikkje veldig originalt emne for ein rappar som Marvelous Mosell. Men allereie i dei neste linjene faldar hovudtemaet seg ut: alle tings forgjengelegdom, og død.

Dagene går, intet kan ændre det / at prøve at holde dem fast, er som at holde vand i hænderne

For ein som helst vil bu på guterommet for alltid, er den største sorga og frykta at tida faktisk går.

Heldigvis kan me berre snu plata, og begynne på nytt.