SJØLVHJELPSGURU: Dale Carnegie (nr. to f.v.) skreiv «How to Win Friends and Influence People» i 1936. Her gjestar han ein hinduistisk koloni i 1939. Foto: CORBIS / NTB Scanpix.
SJØLVHJELPSGURU: Dale Carnegie (nr. to f.v.) skreiv «How to Win Friends and Influence People» i 1936. Her gjestar han ein hinduistisk koloni i 1939. Foto: CORBIS / NTB Scanpix.Vis mer

Denne mannen lærte oss at smisking er vegen opp og fram

I 1936 skreiv han alle sjølvhjelpsbøkers mor.

DET SKAL HANDLE om all moderne sjølvforbetringslitteraturs mor. Saft suse, berre tittelen: «How to Win Friends and Influence People». Rettmessig og regelmessig parodiert sidan boka kom ut i 1936; Lenny Bruce med sjølvbiografien «How to Talk Dirty and Influence People», Bob Dylans «Tombstone Blues» med linja «With a fantastic collection of stamps/To win friends and influence his uncle», David Letterman med Topp 10-lista «How to Shoot Friends and Influence People» etter Dick Cheneys jaktulykke og så vidare.

ALT SOM FINST på marknaden av suksesslitteratur er små vulgariserte variasjonar over Carnegies tema: Korleis vinne fram i verda ved å lure folk til å like deg? Som jo er interessant nok, kven ønsker vel ikkje å bli likt? Det som skil dagens sjølvhjelp frå denne er at ein er nøydd til å la seg sjarmere av Dale Carnegies 1930-talssjargong og ukuelege optimisme, som får han til å minne om ein Disney-figur. Mest truleg den energiske kaninen Trampe i «Bambi», som blir innprenta av mor si frå fødselen av: Kan du ikkje seie noko hyggeleg, så ikkje sei noko i det heile.

Agnes Ravatn er journalist og forfatter. Hun presenterer klassikere innen selvhjelpslitteraturen i Dagbladet én gang i måneden.
Agnes Ravatn er journalist og forfatter. Hun presenterer klassikere innen selvhjelpslitteraturen i Dagbladet én gang i måneden. Vis mer

DÉT ER TILFELDIGVIS òg hovudbodskapen i «How to Win...»: Smil. Køyr på med kompliment. Få folk til å føle seg viktige. Smisk deg innpå dei — men for all del, gjer det på ein ektefølt og oppriktig måte (men korleis det skal bli ektefølt får me aldri vite). Ikkje kritiser. Ikkje klag. Sei du tar feil sjølv om du veit du har rett. Unngå diskusjonar for ein kvar pris. Slikt blir det ikkje mange Gjørv-kommisjonar av, og utan brysame, kritiske og vanskelege personar ville jorda framleis vore flat. Det er ikkje kvar dag eg les ei bok som appellerer såpass sterkt til min indre spyttslikkar. Boka ber samstundes preg av å vere skriven i ei tid som lenge var forbi, men som no er delvis tilbake og gir boka ekstra aktualitet: Den store depresjonen. Det var om å gjere å skaffe seg vennskap, jobb, nyttige kontaktar og å overleve.

EG KAN DESSVERRE ikkje underslå at boka er ein fenomenal studie i menneskeleg svikt. Dale Carnegies viktigaste innsikt er: «Når ein har med folk å gjere, la oss hugse at me ikkje har å gjere med logiske vesen. Me har å gjere med kjenslestyrte vesen, vesen som brusar av fordommar og som lar seg motivere av stoltheit og forfengelegheit.» Det er presist. Det er uhyre enkelt å bli likt av andre menneske om ein berre innser at folk flest faktisk er svake for smiger, uansett kor intelligente dei måtte vere.

Kor vidt tittelen held det han lovar kjem an på kva slags venner du ønsker deg. Er du på jakt etter folk som treng å kjenne seg viktige? Som elskar lyden av sitt eige namn, som ikkje toler innvendingar, som ikkje kan innrømme at dei tar feil? Som spaserer rundt på jorda som levande Pollyanna-prinsipp (tendensen folk har til å vere veldig einige i positive karakteristikkar av seg sjølv)? Kort sagt, dei fleste av oss? Då er Dale Carnegie den første ein bør lytte til. Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glade, meiner han. Då vil dei nemleg gi deg noko tilbake. Ein kan berre tenke seg korleis det ville gått om Carnegie møtte Immanuel Kant, som i si tid hardnakka påsto at andre menneske er eit mål i seg sjølv, aldri eit middel. Carnegie hadde sjarmert Kant i senk og seld han ti eks av boka si. Alle er svake for hyggelege menneske, sjølv Kant.

I TILLEGG TIL ein stor del heilt konkrete triks i menneskeleg samhandling, er det aller meste som står her sunt bondevett. Men kva gjer vel det, så lenge sunt bondevett er noko folk flest manglar. Eg har likevel to åtvaringar. Den første baserer seg på mine eigne erfaringar. Carnegies teknikkar må kun nyttast for å aspirere oppover i hierarkiet, absolutt ikkje andre vegen (bortsett frå under valkamp).

Eg hamna ved sida av ein regelrett dust for nokre kveldar sidan og tenkte at no skal eg sanneleg praktisere mine nye evner: Ver ein god lyttar. Oppfordre den andre til å snakke om seg sjølv. Få den andre til å føle seg viktig. Snakk om det den andre interesserer seg for. Kva skjedde? Jo meir eg framstod som interessert i hans meiningslause liv, jo meir begynte han å oppføre seg som om det var eg som var den store dusten, og eg fekk aldri retta opp i denne misforståinga. Då han til slutt var blitt passeleg oppblåst av mi hemningslause dyrking av hans person, forlet han meg. Så hugs: Å krype overfor nokon under deg på hakkeordenen er sosialt sjølvmord.

DEN ANDRE ÅTVARINGA er historia om ein bekymra far som gav boka til sin 11-årige son for at han skulle skaffe seg fleire vener. Guten las boka og begynte å prøve ut dei ulike teknikkane. Han greidde å smigre seg heilt til topps i klassa ved å vere falskt hyggeleg og interessert i dei andre barna. Dei valde han til og med til elevrådsrepresentant. Problemet var berre at valet var katastrofalt. Han var utan leiarevner og representerte klassa på ein ukvalifisert og klanderverdig måte i elevrådet. Både dei andre elevane og læraren var misfornøgde med guten, heilt til læraren føreslo å, som ho kalla det, stille han for riksrett. Elevane var samde, og avsette han. Han sokk til botn av klassa att og vart aldri rehabilitert. Moralen er: Det kan vere livsøydeleggande å bli urettmessig populær.

Denne mannen lærte oss at smisking er vegen opp og fram

EG SKAL AVSLUTTE med ein av Carnegies anekdotar om å ikkje kritisere andre, som eg vart rørt til tårer av. Den berømte testpiloten og oppvisningsflygaren Bob Hoover var ein gong høgt oppi lufta mellom Los Angeles og San Diego då begge flymotorane brått stansa. Med naud og neppe greidde han å gjere ei nødlanding og både han og mannskapet kom frå det med livet i behold, men flyet var øydelagt. Det første han gjorde etter landinga var å undersøke drivstofftanken, og ganske riktig: flyet hans var blitt fylt med feil drivstoff.

Då Hoover kom tilbake til flyplassen, kvitglødande av raseri, ba han om sporenstreks å få snakke med mekanikaren som hadde fylt på tanken hans. Den unge mekanikaren var sjuk av sorg og angst over tabben som hadde øydelagt eit fly og nesten kosta tre menneske livet. Tårer rann nedover ansiktet hans då Hoover kom mot han. Då la Hoover ein stor arm rundt den unge mekanikaren, og sa: «Som bevis på at eg er heilt sikker på at du har lært av dette, vil eg at du skal gjere i stand F-51-flyet mitt til meg i morgon.»

AKK JA, eg ville nok ikkje gjort det same.

Agnes Ravatn er forfattar og journalist i Dag og Tid.