AP-TOPPER: Hadia Tajik og Mani Hussaini i 2015 - Arbeidepartiet avholder sitt landsstyremøte på Utøya. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
AP-TOPPER: Hadia Tajik og Mani Hussaini i 2015 - Arbeidepartiet avholder sitt landsstyremøte på Utøya. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixVis mer

Denne veka ville AUF-leiar Mani Hussaini ha fått ris på rumpa av moderpartiets nestleiar

Sarte kjeftesmeller.

Meninger

DENNE VEKA ville AUF-leiar Mani Hussaini ha fått ris på rumpa av moderpartiets nestleiar dersom det hadde vore tillatt med korporlig avstraffing i oppsedinga av unge kadrar.

1. MAI er ein fin dag for hagearbeid, hvori opptatt raking og møkkaspreiing. Men å kalla utvisnings- og interneringsminister Sylvi Listhaug ei kjerring som må kastast på hue ut av regjeringa, var i overkant for Hadia Tajik, som likevel minte om at Høgrefolk på 80-talet omtalte Gro Harlem Brundtland som «Kjeftesmella fra Bygdøy» og brukte klistremerket «Bli kvitt'A».

HØGREFOLK skal ein aldri få la døy i gamle synder, men her er det nødvendig å ta dei i forsvar. Det var Dagbladets anonyme spaltist Crotale som innførte merkelappen «Kjeftesmella fra Bygdøy» på slutten av 70-talet. Vanærast den som vanærast bør.

KJEFTESMELLINGA førte til heftige protestar om kjønnsdiskriminering - også frå framståande feministar som «leppa fra Grorud» (Thorbjørn Berntsen) og «konfirmanten fra Namdalen» (Johan J. Jakobsen). Han hadde sitt å forsvara, for i ein runde om samarbeid mellom Høgre og Senterpartiet når Arbeiderpartiet var kasta ut av regjeringskontora, minte han om at ein ikkje skal selja skinnet før binna er skoten. Då blei han skulda for drapstrussel mot Gro Harlem Brundtland.

EIN SKAL VAKTA sine metaforar, særlig når ein har å gjera med sarte og fintfølande politikarar som dyrkar dei forsiktige utspela, den finslepne språkbruken og dei saklige og forskingsbaserte argumenta; dei som fører klar tale på ein slik måte at ingen skal vera i tvil om det uklare og grumsete sinnelaget som ligg like bak.

FISKERIMINISTEREN som snakkar som ein breiflabb og er glatt som ein ål, slakta avisa Fiskaren i striden om han hadde gitt ein verdifull konsesjon til ein omgangsvenn frå Senja som han møtte på Kanariøyane. Her har Per Sandberg noe å læra av sin største politiske siger: opphevinga av pokerforbodet. For det frisleppet er like strengt regulert som kystfisket. Det gjeld bare til inntekt for humanitære eller samfunnsnyttige føremål, eller i private heimar når det ikkje har eit organisert og profesjonelt preg. Lotteritilsynet definerer lovligheta slik: «Spillerne skal være personer i nær omgangskrets og innsatsen per person kan ikke overstige 1000 kroner på en kveld». Vis meg kven du spelar poker med, og eg skal seia deg kven som er dine venner.

I MORGON er det 8. mai. På erna solbergsk er det ein sorgfull dag, for Frigjeringsdagen er ved eit militærkupp gjort om til Veterandagen med utdeling av medaljar til Valhalla-krigarar og andre norske heltar frå kampanjar Langtvekkistan. Det kan bli fleire framover ettersom vi nå skal senda spesialsoldatar til Jordan for å delta i det kollektive sjølforsvaret av Irak og trena opp arabarar til å kriga betre i Syria. Det er litt uklart om vi skal slåss saman med CIA eller Pentagon sine protesjéar.

ÆRE OG GRATULASJON med himmelfarten til Leicester, alle underdogars frelsar på draumanes teater. Og stao pao til Sogndal, som hadde Rosenborg kne.