RIK FOR Å BU I OSLO: Det kokar ned til eit spørsmål: «Kva slags Oslo ynskje me oss?». Fortset denne utviklinga, må ein vere rik for å kunne bu i Oslo. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
RIK FOR Å BU I OSLO: Det kokar ned til eit spørsmål: «Kva slags Oslo ynskje me oss?». Fortset denne utviklinga, må ein vere rik for å kunne bu i Oslo. Foto: Berit Roald / NTB ScanpixVis mer

Der ingen skulle tru at mange kunne bu

Korleis er Oslo om ti år? Ein stad for rike og utbyggjare, for berre næringsliv?

Innarst i Oslofjorden ligg der ein by. Ein by kjend for nærleik til skog og mark, for rikt plante- og dyreliv. Innarst i Oslofjorden ligg Oslo. Mange menneskjer bur i Oslo, øver 613 000. Den største byen i Noreg, men ho er full no. Oslo treng fleire bustadar. Oslo er byen, der inga skulle tru at mange kunne bu.

Kapasiteten til leige- og eigemarknaden er sprengt. Det er eit velkjend faktum at me allereie har bustadmangel i Oslo. Og byen veks. Verknaden kan ein sjå på prisane. Gjennomsnittleg kvadratpris på eigebustad er 41 750 kroner, kjøpar du ein leilegheit på 40 km2 vil den då kosta deg 1 670 000 kroner. Det er mykje pengar. Den gjennomsnittlege leigeprisen i Oslo er 8898 kroner. Det er mykje pengar. Det kokar ned til eit spørsmål: «Kva slags Oslo ynskje me oss?». Fortset denne utviklinga, må ein vere rik for å kunne bu i Oslo. Gløym byen med mangfald, gløym byen med variert kultur, gløym byen med det store hjartet.

Eg flytta frå bygda til Oslo for å studere, di ho var den beste byen å studere i, for meg. Åra gjekk, eg flytta ikkje heim att. Eg er glad i Oslo. Så glad, at eg har vorte politisk aktiv for å verne ho frå dei som er ute etter å selje ho for mest mogleg pengar. Ho har vore styrt av blå hegemoni, fyrst av Høgre og Frp, no Høgre og Venstre. Utbyggjare og næringsliv har vore prioritert framfor borgarane. Ho treng politikare som bryr seg om menneskjer. Ho treng Dei Grøne.

Miljøpartiet Dei Grøne vil at alle som ynskje å bu i Oslo, skal få lov til det. Narkomane, småbornsfamiliar, studentar, rike. Me må tenkje nytt, ikkje verte motlause av politikken som førast no. Dei Grøne vil at 25 prosent av nye leilegheiter i Oslo skal vere ikkje-kommersielle og kommunalt eigde. Byrådet skal ikkje kunne selje unna eigendomar for å dekke underskot i budsjettet, kommunale eigendomar skal verte teken hand om av ein uavhengig bustadstiftelse. Bustadstiftelsen skal leige leilegheitene ut rimeleg. Dei skal ikkje vere sosial-bustadar, dette er tilbod til menneskjer som ikkje ynskje å eige, utan at ein betalar skjorta av seg for å leige. Me vonar at dette au førar til ein prisdemping av leigemarket.

Finanstilsynet har kome med eit krav om å ha 15 prosent av prisen i eigekapital når ein kjøpar bustad. For å kjøpe ein leilegheit for 1 670 000 kroner, treng ein 250 000. Det er mykje pengar. Tiltaket frå Finanstilsynet verkar som eit ledd for å sikre marknaden frå finanskrisa og trygge økonomien vår, men han er urettferdig. Vanlege menneskjer har ikkje stelt i stand finanskrisa, menneskjer som spekulerer utanfor realverdien har skulda. I aksjar, valuta, bustad, mellom anna, økonomien vår har gange øver styr di nokre menneskjer har gambla i stor stil. Kapitalkravet vernar ikkje folket mot bustadspekulantar, den gjer bustadkjøp vanskelegare for vanlege menneskjer. For fyrstegongkjøpare utan kjøpesterke foreldre. Framfor å setje eit kapitalkrav som rammar unge og fattige, kan ein vurdere eigedomsskatt på bustadar ein eig utan å bu i dei sjølv. Denne type skatt vil i fyrste omgong ramme dei som ynskje å tene pengar på at andre treng ein stad å bu, framfor vanlige folk.

Korleis er Oslo om ti år. Er det ein harmonisk by av mangfald, liv og variert kultur, ein stad ein er stolt øver? Eller ein stad for rike og utbyggjare, for berre næringsliv. Bustadstiftelsen er eit av mange tiltak ein må setje i gong med for å meistre bustadskrisa. Me må bu høgare, tettare. Me må prioritere bolig og kollektivtrafikk framfor parkeringshus og kjøpesentre. Med rett politikk kan Oslo verte, ein plass der mange kan bu.