Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

CALIFORNIA (Dagbladet): Sidan gull-rushet har California i meir enn hundre år vore ein av dei aller mest attraktive stadene på kloden. Dit strøymer folk frå heile verda, både rike og fattige - for muligheter, for arbeid, for business, for kunnskap, for underhaldning. Til illusjonar og realitetar.

Det dragande med California var eit rikt og laid-back liv i behagelig klima og evig solskinn. California var solskinnstaten, og Sør-California var toppen. Nå er den aldrande beach boys-generasjonen det veksande kundegrunnlaget for dermatologar. Hudkreft er ein folkesjukdom som er påført av overforbruk av den sjenerøse og brennande sola. Det dragande er blitt det trugande. Den som vil vera moralsk ansvarlig og ta vare på helsa, gøymer seg innandørs eller bak tosifra faktorar utandørs for å unngå sola.

California er kontrafinalitetens triumf. California som var så tiltrekkande utandørs, er blitt innandørs-land. Varmen er også blitt ei plage ein prøver å unngå. Ruta går frå den luftkjølte bustaden til den overbygde og kjølige garasjen, i den luftkjølte bilen til neste kjølige garasje med heis til det luftkjølte kjøpesenteret eller kontoret. Avstandar blir ikkje rekna i gåtid og knapt i miles, men i kjøretid under gunstige trafikkforhold.

Det blir mye fedme av all kjøringa, og ettersom det er lågstatus å vera feit, er mange fanatisk opptatt av helsekost og skiftande moteretningar i slankekost og trening, men helst utan for stort fysisk ubehag. Sjøl driv eg og spring i California også, men det er ein ekstremt einsam stad å vera langdistanseløpar. 99 av 100 som driv med denslags, gjer det på tredemølle i luftkondisjonerte omgivelsar framfor ein vegg av flatskjermar. Fleirtalet av dei få som er å sjå i friluft utan at dei hastar for å koma ut av sola og inn i kulden, er hispanics frå Mexico og deromkring. Til dei slår seg opp og ser fram til å koma seg innandørs i neste generasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen

SØR-CALIFORNIA må vera eit av verdas mest kunstige habitat. Hadde skaparen meint at det skulle bu folk der, ville han ha gjort mye annleis. Han hadde late kontinentalplatene ligga i ro, for alle reknar med at det store og øydeleggande jordskjelvet kjem før eller seinare. Men først og fremst hadde han skapt vatn. Det svevar eit drag av kunstighet over ørken og halvørken som er gjort til frodig grønt. Utan kunstig vatning tørkar California ut og stoppar opp, slik landbruket nå gjer i sentrale delar av den bankerotte delstaten. Og så hadde skaparen late skogbrannane fullføra jobben sin med jamne mellomrom, slik at vegetasjonen kunne starta ein ny runde og ikkje enda som tørt kratt.

Det meste tyder altså på at det ikkje burde bu folk i California. Når det likevel gjer det, og når det blir sett som noe av beste liv i verda, viser det at naturlige føresetnader slett ikkje betyr alt for menneskelig busetting. Det er også eit vitnemål om at det meste er mulig i Amerika, så lenge Amerika dominerer verda og oljeenergien.

Amerika er god på mye, men det Amerika er aller best på, er illusjonar. Det ber amerikansk politikk, konsumisme og populærkultur preg av. Hollywood, der det forresten ikkje blir produsert filmar lenger, har vore den store draumefabrikken.

Men styrken i dei amerikanske illusjonane er at dei ikkje framstår som reine fantasibilde. Dei er kopla til håp: Your dreams may come true i mulighetenes land. «Hope» var ein kjerne i obamamanien. Dei amerikanske mønsterfortellingane handlar om at det er mulig å lykkast, og slik formar dei virkelighetsoppfatninga. Min favorittsosiolog, amerikanaren W.I. Thomas, formulerte sitt teorem slik: If men define situations as real, they are real - in their consequences. Det er utlagt: Vi handlar i forhold til slik vi forstår omgivelsane, og det får konsekvensar - om forståelsen er rett eller gal, god eller dårlig. Den ekstrem-amerikanske utgåva av teoremet ville vera at vi handlar i forhold til illusjonar, men du kan ikkje banna på at det ikkje av og til slår til.

Det legale grunnlaget for Las Vegas i Nevada er at gambling er forbode i California. Las Vegas er eit høgdepunkt i virtualitet, men det er meir enn det: It’s an illusion come true. I Las Vegas kan Fyrst Potemkin gå og legga seg i sine eigne kulissar.

Sjøl for ein som er utan dragning mot gambling, og som går gjennom dei kvadratmile store spelehallane som gjennom ein zoo og ser med undring på skapningane og dei held på med, er det like fascinerande som fråstøytande. Dei som spelar, gjer det i håp om å vinna, men dei fleste veit at dei aldri vil koma ut i pluss. Likevel er dei inne i illusjonen. Og om dei ikkje er det, spelar dei på den spenninga som illusjonen omgir seg med.

Las Vegas er bygd opp om og på illusjonar, men er også ein materialisert illusjon. Det er så glovarmt at ingen skulle tru at nokon kunne bu der, men det gjer dei altså. Midt ute i ørkenen, timevis frå næraste sivilisasjon, breier ein millionby seg utover. Dimensjonen er overveldande frå toppen av Stratosphere-tårnet (the tallest building west of Missisippi) når lystrådane strekker seg ut i alle retningar i kveldsmørket. Med karusell og rutsjebane på toppen som gir illusjonen av å sveva farefullt og vektlaust over det heile.

Illusjonane materialiserer seg kompakt i dei gigantiske og symbiotiske samvokstrane av hotell, kasino og kjøpesenter: Luxor, New York, Roma, Paris og Venezia ligg på rad og rekke. Venezia og Paris er mine favorittar, og dei er alltid på sitt mest perfekte: Den svale skumringstimen med tente gatelykter og ein mørknande himmel med kvite skyer, som i eit bilde av Magritte. I tillegg er det ikkje hastverk og bilar der, og heller ikkje tiggarar, fyll og forfall. Finn du ikkje ein restaurant du liker eller det klesplagget du er ute etter i Paris, er vegen kort til Venezia: Det er bare ein tur ut i varmen til du blir trekt inn i neste veltempererte by. Du er i illusjonen og du veit det, men det er lett gjort å gløyma det, for det er godt å vera i den behagelige og paradisiske illusjonen når det er eit brennande varmehelvete like utanfor. Og det er nok er bare eit spørsmål om tid og pengar før Vinterpalasset i St. Petersburg og Den himmelske freds plass med innebygd himmel kjem til og gjer illusjonen like global som kapitalen. Europeiske byar frå fortida var den nye verdas draum om det spennande og eksotiske. Framtida ligg i andre delar av verda.

BARACK OBAMAS globale appell var at han inkarnerte dei dragande bitane av den amerikanske draumen, både med sin personlige biografi og sin retorikk. Håpet var ei blanding av muligheter, tru og vilje. Det er slikt stoff illusjonar er laga av, og av og til også realitetar.

Obamamanien er i ferd med å legga seg i USA. Det måtte den. Når den definerte virkeligheta møter den virkelige virkeligheta, tynnest illusjonane. Men det er framleis mye av å ta av, både av reelle illusjonar og illustrative realitetar.