RAUDT VEKS: Vi veks fordi vi står på lag med vanlege arbeidsfolk. Det er dei som blir ramma av den nyliberale politikken til høgresida, skriv artikkelforfattaren. Bildet er av Bjørnar Moxnes (Rødt) og Une Bastholm (MDG) under en partilederdebatt i Vandrehallen. Foto: Berit Roald / NTB Scanpix
RAUDT VEKS: Vi veks fordi vi står på lag med vanlege arbeidsfolk. Det er dei som blir ramma av den nyliberale politikken til høgresida, skriv artikkelforfattaren. Bildet er av Bjørnar Moxnes (Rødt) og Une Bastholm (MDG) under en partilederdebatt i Vandrehallen. Foto: Berit Roald / NTB ScanpixVis mer

Politikk:

Derfor veks Raudt forbi MDG

MDG må gjerne halde fram med vinglinga si.

Meninger

Raudt er i vinden for tida. I dette høvet har skribentar i fleire aviser gått til åtak på partiet og den sosialistiske idetradisjonen vi har røtar i. At borgarlege redaktørar lar seg sjokkere av at Raudt veks, er ikkje rart - det er noko meir overraskande at leiaren i Grøne Studentar har valt å kaste seg på denne medietrenden. Signe Johannessen tilhøyrer nemlig også eit parti som kjem «utanfrå» etablert norsk politikk og seier seg kritisk til det økonomiske systemet vi har i dag som set profitt framfor omsynet til folk og miljø.

Johannessens kritikk av forsvarspolitikken til Raudt kjem på høveleg tidspunkt. I oktober startar NATO-øvinga Trident Juncture, med Noreg som vertsnasjon. I denne krigsøvinga deltar 35.000 soldatar frå 30 land, som skal ta utgangspunkt i ein tenkt krig med Russland. For under tre månadar sidan gjekk ein USA-leia koalisjon til åtak på Syria, noko som kunne ha utløyst storkrig i regionen om Russland svara på åtaka.

Kort tid etter denne geopolitiske skandalen, skal NATO få leke krig på norsk område – i provokasjon mot Russland – mens det globale spenningsbiletet liknar den kalde krigen på det verste. Er det dette dei kallar «sikkerheitspolitikk»? Alternativet til NATO er eit forsvarssamarbeid med dei nordiske nabolanda våre. Alternativet til å kjøpe amerikanske F-35 - som er laga for å brukast i utlandet - men dårleg eigna til å verne om norsk luftrom – er å ruste opp det norske heimevernet. Dette kallar eg ein røynleg sikkerheitspolitikk.

Raudt meiner at Noreg bør melde seg ut av EØS-avtala, og heller inngå ein bilateral handelsavtale med EU. Johannessen meiner at dette tyder på «alvorlig mangel på forankring i virkeligheten». Eg vil då minne om at den norske befolkninga har stemt nei til EU to gongar.

Den EØS-avtala Noreg er ein del av er langt meir omfattande enn det vi stemte over i 1973 og 1994 - eit standpunkt mot EØS er derfor eit standpunkt for folkestyret. I staden valde MDG tidlegare i år å stille seg mot grunnplanet i fagrørsla og fleirtalet i befolkninga og stemme for tilslutning til EUs energiunion, og dermed gi EU frie tøylar til å diktere norsk kraftpolitikk. Er dette ein del av forklaringa på korfor arbeidarveljarane ikkje står i kø for å stemme MDG, samtidig som Raudt gjer det stadig betre i nasjonale meiningsmålingar?

Hovudpoenget til Johannessen er at dei som stemmer Raudt i dag heller bør stemme på Dei Grøne. I staden for å føre eit overtydande argument, viser ho heller kor grunnleggjande forskjellige dei to partia er. Vi veks fordi vi står på lag med vanlege arbeidsfolk. Det er dei som blir ramma av den nyliberale politikken til høgresida. Det er dei som får erfare Forskjells-Noreg på kroppen, og som har sett korleis EØS-avtala holar ut folkestyret og undergrev dei rettane fagrørsla har brukt mange tiår på å kjempe fram.

«Blokkuavhengighet» vil seie å ikkje ta stilling til dette. MDG må gjerne halde fram med vinglinga si – vi har derimot valt side og er klare for lokalval i 2019.