Desentralisering av skulen?

Skulen er eit viktig politisk område som er av stor interesse for alle. Politikarane må difor gjere det klart kva det er som skal leggjast til grunn når dei skal realisere dei politiske måla og ideala i skulepolitikken.

Korleis vil dei grunngje vala sine, og kva vekt vil dei leggje på ulike prinsipp? Er det dei faglege argumenta, konsekvensanalysar eller reine maktpolitiske faktorar som skal telje sterkast i den politiske avgjerdsprosessen?

Ei sak som no har dukka opp att, er spørsmålet om å overføre forhandlingsansvaret for lærarane frå staten til Kommunenes Sentralforbund (KS). KS har starta ein ny offensiv for å få dette til, og somme parti går aktivt ut og støttar utspelet.

Norsk Lærarlag har engasjert seg sterkt og gjennom lang tid mot ei slik overføring. For oss er dette ein kamp om å ta vare på overordna nasjonale skulepolitiske mål og ein kamp for dei tariffavtalene som no gjeld for tilsette i skuleverket. Andre meiner ei overføring til KS er ei logisk oppfølging av den omfattande desentraliseringa som har prega utviklinga i Noreg dei seinare åra. Dette blir marknadsført som vegen til meir demokrati og medråderett, og blir dermed automatisk knytt til noko positivt. Ei vurdering av dei djuptgripande endringane som desentraliseringsprosessen fører med seg, blir underordna omsynet til «lokaldemokratiet».

Norsk Lærarlag har tidlegare dokumentert dei negative konsekvensane innføring av det nye inntektssystemet for kommunane og fylkeskommunane - med auka og stor kommunal fridom til å prioritere - har fått for skulesituasjonen i Noreg. Vi har åtvara sterkt mot å gå vidare før ein har analysert og vurdert dei praktiske konsekvensane av ytterlegare desentralisering.

Det er særleg på tre felt ei overføring til KS kan få negative konsekvensar. Det eine er at det kan bli vanskelegare å koordinere og realisere ein heilskapleg nasjonal skulepolitikk. At lønns- og arbeidsvilkåra for det pedagogiske personalet blir avtalt sentralt, er ein viktig strategisk styringsreiskap for å sikre ein heilskapleg skulepolitikk.

Arbeidsvilkåra for lærarane er nedfelte i eit sett av lover, reglar og tariffavtaler. Skulelovene, som fastset dei overordna måla for skulen, er det Stortinget som vedtek. Med heimel i desse lovene fastset departementet instruksar, retningsliner, føresegner og reglar for lærarane sine arbeidsvilkår og for korleis skulen skal organiserast for at ein skal nå sentrale mål. Desse rammevilkåra, og det mandatet departementet har, blir i praksis realiserte gjennom forhandlingar og avtaleverk. Lønnsvilkåra blir fastlagde gjennom sentrale lønnsforhandlingar med staten.

Avtaleverket femner om viktige område som undervisningsplikt, tidsbruk til andre oppgåver som samarbeid med foreldre og sosialpedagogisk arbeid, etterutdanning, leiarutvikling og leiarvilkår i skulen. Gjennom avtalene om lønns- og arbeidsvilkår har såleis staten eit sterkt instrument til å styre utviklinga og endringsprosessane i skuleverket.

Stortingsvedtak om mål, verdigrunnlag og innhald i skulen kan bli utan meining dersom sentrale styresmakter ikkje har dei naudsynte verkemidla til å gjennomføre vedtaka. Sentrale styresmakter må difor vere direkte med i forhandlingsprosessen. Eller sagt på ein annan måte: Dersom det overordna målet er ein heilskapleg nasjonal skulepolitikk, finst det ingen legitim grunn for at KS skal inn som eit ekstra, kompliserande ledd i forhandlingsbiletet.

Det andre som uroar oss, er at overføring av forhandlingsansvaret til KS vil svekkje einskapsskulen og prinsippet om det likeverdige skuletilbodet. Likeverdige skuletilbod, utan omsyn til lokal økonomi og geografi, er nedfelt i norsk lov og er ein del av verdigrunnlaget i kulturen vår. Likeverdsprinsippet har nok i praksis vorte relativt uthola, men full kommunalisering av skulen kan føre til at det blir sett heilt til sides.

Norske kommunar har svært ulik økonomi og greier ikkje løyse alle oppgåvene dei ønskjer. Dette har mykje å seie for dei økonomiske disposisjonane og kva oppgåver som blir prioriterte, noko som har vist seg å føre til store variasjonar i skuletilbodet.

Kommunalisering av skulen vil føre til at skuletilbodet blir endå meir avhengig av at kommunane har evne til og vilje til å investere naudsynte midlar under den årlege budsjettkampen. Og sjølv om viljen er der, vil mange kommunar ikkje vere i stand til å prioritere skulen i samsvar med dei nasjonale måla for utdanningstilbodet. Dei sentrale styresmaktene vil ikkje ha høve til å setje i verk sanksjonar dersom intensjonane deira ikkje blir følgde.

For det tredje vil overføring av forhandlingsansvaret få store distriktspolitiske konsekvensar. Distriktspolitikken har vore og er ein viktig faktor i samfunnsutviklinga. Men distriktspolitikk krev klare prioriteringar på sentralt hald og ein heilskapleg og overordna politikk. KS handlar ut frå lønsemd, administrasjonsomsyn og dei særskilde interessene kommunane har i augneblinken. KS har korkje makt eller fullmakt til å fordele ressursar slik sentrale styresmakter gjer ut frå distriktspolitiske omsyn.

Økonomiske sparetiltak har ført til større klasser og færre undervisningstimar. Det minstelønnssystemet som KS har innført for kommunalt tilsette, vil gjere at også lønnsnivået til lærarane blir avhengig av kommunal prioritering. Dermed vil dei kommunane som betaler best, få dei best kvalifiserte lærarane. Vil det vere i samsvar med distriktspolitiske og skulepolitiske mål?

KS har tidlegare sagt at skulen bør kunne overføre midlar til andre kommunale sektorar. Å overføre forhandlingsansvaret til KS vil føre til endå større nedbygging av skuletilbodet og meir skulesentralisering. Men ikkje alle stadar. Somme kommunar vil ha høve til framleis å prioritere skulen. Kvaliteten på skuletilbodet vil bli heilt avhengig av kva for ein kommune ein bur i.

For ordens skuld: Eventuelle tiltak for å rekruttere lærarar til område med høge bu- og levekostnader kan godt ordnast utan KS. Alt i dag har vi i visse område såkalla verkemiddeltiltak for å få tilsett utdanna lærarar. Desse tiltaka kan vi sjå nærare på.

Tidlegare regjeringar - også med ulikt parlamentarisk grunnlag - har valt å ikkje overføre lærarane til KS. Kan årsaka vere at dei har sett samanhengen mellom den nasjonale skulepolitikken og lærarane sine lønns- og arbeidsvilkår? Sett at det er både teoretisk og praktisk uråd å skilje det overordna ansvaret som staten har for eit heilskapleg skuleverk, frå ansvaret for lønns- og arbeidsvilkåra for dei tilsette? Skal slike omsyn framleis vere overordna, eller er det fare for at ein no vil gje etter for presset frå KS?

Kva omsyn skal leggjast til grunn når vi skal realisere politiske ideal? Vi må kunne vente ein kritisk analyse og ei grundig vurdering av desentralisering som politisk prosess. Kva mål har ein hatt for desentraliseringsprosessen - og har forventningane vorte innfridde? Kven er det som først og fremst ønskjer denne omfattande desentraliseringa - folket eller politikarane?

Retten til like gode skuletilbod over heile landet er grunnleggjande. Blir rammevilkåra for dei tilsette i skuleverket desentraliserte, vil dette kunne føre til større problem med å få rekruttert kvalifiserte lærarar og dermed til endå større kommunale skilnader i opplæringstilbodet til elevane. Kommunepolitikarane si løysing når dei står overfor ressurskrevjande oppgåver, er gjerne å overlate drifta til «spesielle einingar», og etter kvart også private, for å spare pengar. Er innsparing og privatisering det viktigaste politiske idealet ein har for norsk skule i dag?