Det andre mennesket

Informativ portrettbok med mest vekt på diktinga.

Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

BOK: Jan Olav Gatland har si styrke i fokuseringa på forfattarskapen til Åsmund Sveen, på forhold til forlag og mottakinga av bøkene.

Han gjer fleire analysar av Sveen sine dikt og får fram nokre nye tolkingar når han legg vekt på dei homoerotiske aspekta som eit tilbakevendande tema. Han får ikkje minst fram korleis Sveen i si dikting bryt grenser når han skriv dikt med erotiske tema.

Gatland, som fleire gonger har teke for seg homofile tema i norsk litteratur, er sjølvsagt også oppteken av dette aspektet ved livet og lagnaden til Sveen, som var sambuar med fotografen Conrad Binge i tjue år.

Bare ein gong dreg Gatland dette litt langt; når han tenkjar seg at Sveen sin dragning mot sufimystikken er grunna på hans seksuelle legning. Då ser han bort frå den omfattande interessa Sveen hadde for zenbuddhisme og mystisk poesi innanfor den katolske kyrkja, og ikkje minst hans eiga visjonære dikting. Verken Gatland eller Steinnes klarar å formidla nokon innsikt i mystikken som opptek Sveen. Men kven kan det?

Hjå Steinnes ser ein eit totalt avslappa forhold til den homoseksuelle livsstilen og den inngår naturleg i karakteristikken som eit av mange særtrekk ved poeten. Begge biografane skildrar undertrykkinga hjå folk og fagfolk i Noreg på denne tida, og hjå nazistane, som var merkeleg doble i høve til homoseksuelle.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

Dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker informasjonskapsler (cookies) og dine data til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer