MAKTENS SENTRUM: Stortinget har liten kontakt med grasrota, mener artikkelforfatteren. Foto:  Vidar Ruud / NTB Scanpix
MAKTENS SENTRUM: Stortinget har liten kontakt med grasrota, mener artikkelforfatteren. Foto:  Vidar Ruud / NTB ScanpixVis mer

Det bles ein kald reformvind over landet

I det politiske maktsenteret i Oslo sit ansiktslause byråkratar og teiknar kart over eit terreng dei ikkje kjenner.

Meninger

Blenda av eige lys står dei fram som komponentar i ein abstrakt mekanisme som kan slå skeivt ut på grasrota. Deira mantra er store einingar og samanslåing, som helst bør skje over natta.

Tradisjonelle serviceinstitusjonar skal flyttast over fjord og fjell, om naudsynt med tvang, for med stor avstand vert alt så mykje betre. Folk i distrikta skjønnar ikkje alltid sitt eige beste, og kanskje framleis trur litt på julenissen.

Denne maktdemonstrasjonen kan få destruktive konsekvensar og etterlate seg eit sterilt lokalsamfunn utan ankerfeste i tradisjon, identitet, historie og mangfald. Ikkje minst for den eldre generasjonen som ikkje meistrar den digitale kvardagen, vil ein slik struktur skapa store vanskar.

I Nordland var det nyleg ein full mann som braut seg inn i eit hus midt på natta. Eigaren ringde politiet, men dei var milevis vekke. Då dei endeleg kom fram, var halve huset rasert.

Eit konkret signal om kva vi har i vente, og truleg mistar vi ein menneskeleg dimensjon med tryggleik og trivsel.