KROPPSPRESS: Vi tåler visst ikkje lenger synet av nakne kroppar og berr hud, skriv kronikkforfattaren. Foto: Johannes Grau / Plainpicture /  NTB Scanpix
KROPPSPRESS: Vi tåler visst ikkje lenger synet av nakne kroppar og berr hud, skriv kronikkforfattaren. Foto: Johannes Grau / Plainpicture / NTB ScanpixVis mer

Det brysame kjønnet

Unge blir utsette for kroppspress og toler visst ikkje lenger synet av nakne kroppar og berr hud. Er det greitt?

Meninger

No og då les eg artiklar om skular som ynskjer kjønnsdelt undervising. Meir presist dreier det seg om kjønnsdelte timar i symjing og gym. Bakgrunnen varierer: Nokre forlangar kjønnsdeling på grunn av religion. Skriftene aksepterer visstnok ikkje sveitte gutar og jenter i formtette gymklede under same taket. Gud forby. Andre att ynskjer kjønnsdelte timar av praktisk-kosmetiske og mentale årsaker: Prestasjonssamfunnet gjer sårbare ungdomar (jau, då, vi snakkar fyrst og fremst om jentene) endå meir sårbare. Dei er leie av å bli vurderte og analyserte, les eg. Kan hende slappar dei meir av i timane for seg sjølv, utan nærgåande blikk og sleivete kommentarar?

«Ta hensyn til jentene», seier feminist og debattant Sanna Sarromaa til Romsdals Budstikke 21. januar i år, i ei sak om kjønnsdelt symjeundervising ved Huseby skule i Trondheim. Å skilje gutar og jenter i undervisinga dreier seg om å vise omsyn i ein vanskeleg ungdomsperiode der kroppen endrar seg i stort tempo, seier ho. Dessutan gjer kjønnsdelt symjing at jentene konsentrerer seg meir om det dei skal: «Når gutter ikke er der og ser på, så kan jenter slutte å tenke hvordan de ser ut.» Kjønnsdelt undervising er som kroppsleg frigjering, skal vi tru Sarromaa.

I 2010 vart det innført kjønnsdelt gymundervising ved Borgtun skule i Tromsø. Ulovleg, meinte Fylkesmannen i Troms den gongen. I ei sak i Telemark Arbeiderblad 10. april i fjor står det at skulane i Skien, ifylgje Fylkesmannen, må ta religiøse omsyn. Vi skal vise respekt for kvarandre, og pliktar å legge til rette for kjønnsdelt undervising når nokon krev det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Progressive feministar har sidan 60-talet kjempa for dei frie kroppane, ein radikal aksept den gongen, men ei viktig plattform for notidstenkinga omkring kjønn og identitet. Det skal vi vere glade for. Men det var den gongen. Når feministar i dag forfektar kjønnsdelt undervising, er det eit overraskande gamaldags standpunkt i kjønnsdebatten, og sementerer slik sjølve problemet - eit vestleg forvrengt blikk på den normale kroppen.

La oss forfølgje synspunkta til Sarromaa: Er det slik at den kroppslege sjølvtilliten berre blir skapt og stadfesta fyrst i møte med vårt eige kjønn, med våre «eigne»? Er kjønnsdelte skuletimar med på å styrke den kroppslege sjølvtilliten vår? Og kva slags konsekvensar får eit meir og meir kjønnsdelt samfunn for fellesskapen, og for kjønna?

Ofte tenkjer eg på han (eller ho) som av ymse grunnar aldri fall inn i den definerte og tilsynelatande hyggelege kjønnsfellesskapen, han som kanskje aldri følte seg heime og trygg mellom sine «eigne», og som i staden fann trøyst og fellesskap hjå dei andre, hjå det motsette kjønnet der det ikkje vart stilt krav om kroppslengde, muskelmasse og six-pack.

Eg minnest det jo så godt sjølv: Dei vanskelege tenåra, korleis vi med spørjande blikk målte og samanlikna oss med kvarandre. I dusjen etter gymtimen. Langs bassengkanten. På bussen. I klasserommet. I slalåmbakken. Overalt: Kven som var komen lengst i puberteten, kven som hadde eit snev av skjeggvekst, eller det mest utvikla organet mellom føtene. Og korleis vi samstundes såg ned på jamaldringane som enno var som barn å rekne, der puberteten enno let vente på seg. Kor ofte var eg ikkje redd for å skilje meg ut, bli audmjuka eller støytt ut av dei andre gutane, av dei kroppsleg ferdigutvikla, dei som - medvite eller ikkje - gjorde sitt til at dei umodne kjende seg endå meir umodne. Kanskje var presset og dei kroppslege fordommane størst blant mine eigne, oss gutane imellom, dei vi naturleg kunne måle oss med?

Kjønn er eit biologisk faktum, og i tillegg ein sosial konstruksjon som det knyter seg kulturelle idear og forventingar til. Inndeling i kjønn er fyrst og fremst praktisk. Det gjev oss oversikt og orden. Og det er eit resultat av forventingar i tradisjonen. Men kanskje korresponderer ikkje kjønnsførestillingane alltid med sjølve røyndomen. Kanskje er ikkje kjønnsdelte skuleklassar eit konstruktivt verkemiddel for å styrke den kroppslege sjølvtilliten til ungane? Kjønn som sosial konstruksjon gjev oss derimot moglegheiter til å utforske kjønnsidentitet på nye måtar - og til å bryte opp stivna førestillingar om kva gutar og jenter skal vere. Å definere kvarandre ut ifrå kjønn er ein snever måte å sjå individet på. Vi er meir enn berre kjønnet vårt. Kanskje er vi fyrst og fremst alt anna?

Jentene kjempar mot kroppshysteri, seksualiserte blikk og slibrige kommentarar. Slik gutane kjempar om å ta seg best mogleg ut i konkurransen med andre gutar. Den pubertale kroppen er vår beste venn og verste fiende, og ommøblerer sjølvbiletet vårt til noko som ikkje er til å kjenne att. Og difor må vi legge forholda til rette, seier Sarromaa. Avgrense den kroppslege fellesskapen og dei kroppslege farane.

Det er slåande parallellar mellom vår tids redsle for kropp, hud, hår, og dei alltid repeterande diskusjonane om offentlege institusjonar og livssynsnøytralitet. Offentlege institusjonar skal ikkje smykke seg med kristne eller andre religiøse symbol, men vere fordomsfrie for alle trusretningar. Omsynssamfunnet vil oss vel, men gjer oss skjøre overfor det vi ikkje likar eller kan fordra, det som er farleg og ubehageleg, og som vi ynskjer å ta avstand frå, pakke bort, dekke til, nøytralisere. Som om fråværet av det ubehagelege gjer livet lettare for oss.

Det er ikkje samværet mellom gutar og jenter, mellom store og småe kroppar i badedrakt og gymbukse som i røynda er vanskeleg og problemfylt, men måtane vi taklar, handterer og snakkar om kroppane våre på. Kjønnsdelte klassar gjer oss utvilsamt godt, er ein forlokkande quick-fix der og då, slik botox gjer oss vakre - inntil han sluttar å verke.

Den kjønnsdelte undervisinga lindrar kan hende symptom, men er ikkje noko oppgjer med dei underliggjande kreftene som trugar normalsamvær mellom kjønna.

Kroppspress finst. Kanskje skal vi trasse presset, og i staden bli betre kjende med kroppane og mangfaldet i menneskenaturen? Torstein Lerhol er politikar og føredragshaldar. Og han er funksjonshemma. Ein journalist spurde han ein gong korleis det er å vere funksjonshemma, og fekk til svar: «Det er viktig å vere annleis. Viktigast for dei som ikkje er det.»

Dette er leiaren i siste utgåve av Syn og Segn