Mennesker på flukt:

Det einaste dei desperate foreldra visste, var at det var farlegare å bli att

Eg blir ståande og sjå på den gebrekkelege armadaen. Ein av båtane full av vatn. I ferd med å synke. Dei cruisar ikkje akkurat på fyrste klasse, desse flyktningane.

Foto: Mirjam Wåge Jensen
Foto: Mirjam Wåge JensenVis mer
Meninger

Det ligg nokre båtar i Arguineguin hamn. Arguineguin på Gran Canaria. Forresten. Å kalle dei båtar er vel ei fornærming mot sjølve omgrepet båt. Nokre vastrukne baljar er meir presist. Mindre enn ein norsk færing. Farkostar ein knapt ville våge setje over Måløysundet med om ein er glad i livet.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Kvar einaste ein av dei har trassa elementa og kryssa endelause havstrekningar frå Afrika sin vestkyst, på veg til det forgjetta landet. Tilsaman nærmare 200 kilometer i alt. «Umuleg», tenkjer vi alle som ser dei. «Fysisk umuleg.»

Foto: Mirjam Wåge Jensen
Foto: Mirjam Wåge Jensen Vis mer

Ein av båtane heiter Leyla. Kven Leyla er? Ja, sei det. Ei kjær mor, dotter, kjærast? Eigentleg uvesentleg. Det som tel, er at ti-femten menneskje stolte på at Leyla sitt skrøpelege skrog skulle klare å ta dei velberga over havet. Fleire ungdommar. Vaksne. Foreldre som kasta alt i potten. Tok med seg det aller kjæraste og mest dyrebare dei åtte, barna sine, og la ut på denne galskapen av ein vanvittig seglas. Vel vitande om at sjansane for å forlise og drukne var uomtvistelege.

At dei hadde alle odds imot seg. «Var det ingen som stoppa dei?» spør du. «Fanst det ikkje eit barnevern? Tenk å spele hasard med sine eigne ungar på den måten!»

Det einaste dei desperate foreldra visste, var at det var farlegare å la dei bli att. Skulle dei klare å redde barna sine, måtte dei setje liva på spel for å prøve å finne vegen til denne hamna der ute ein stad.

I ein av dei andre båtane ligg det att eit rosa og svart sjal. Aidia sitt, kanskje? Det ho fekk til tolvårsdagen av bestemor si?

Foto: Mirjam Wåge Jensen
Foto: Mirjam Wåge Jensen Vis mer

Eg blir ståande og sjå på den gebrekkelege armadaen. Ein av båtane full av vatn. I ferd med å synke. Om bord i ein annan holk; ein kjølebag utan lokk. Sikkert til nøye porsjonerte niste- og vassrasjonar til overfarten. Lastekapasiteten var ikkje akkurat overveldande med oppimot tjue menneske på dei mest overfylte. Ein plastduk over ei tofte. Brukt som vern mot stikkande sol om dagen og kjølege vindar om natta. Ein fånyttes skjerm mot sjøar som vaska over båten.

Eg står og ser på den gebrekkelege armadaen, og eg tenkjer: «Dei cruisar ikkje akkurat på fyrste klasse, desse flyktningane.» Eller «lykkejegarane» og «velferdsprofitørane» som enkelte av våre leiande kvinner og menn så forakteleg kallar dei.

Kvar dei er no, dei overlevande? Ja, sei det. Kanskje i eit mottak? Sitjande i uendeleg spenning. Ventande på den endelege domen frå spanske myndigheiter. Asyl eller retur?

Det står ei rekke med fly laina opp på Las Palmas lufthamn. Las Palmas på Gran Canaria. Nokre av dei som i hundretal kjem frå heile Europa og set hjula fjærlett på soløya si jord.

Enkelte av dei norske. Der i frå kjem det mange kvar einaste dag. Stappfulle av forventningsfulle solturistar på veg for å nyte Gran Canaria sin gåvmilde, nesten-evige sommar. Gamlisar på flukt frå kulde og lårbeinsbrotsesong. Med eigd eller leigd husvere i norsk ghetto god som nokon.

Dei som berre har ei veke eller to, lever fort og intenst. Må få med seg mest muleg i time-outen frå plikter og kjas og mas. Pensjonistane, med månader å ta av, kan leve i rullatortempo, vel vitande om at sola vil skine på dei i morgon òg.

Snart skal flya på Las Palmas Lufthamn fyllast opp att av soltilbedarar og ta dei med heimatt dit dei kom i frå. Stinne av paella, sangria, paraplydrinkar og steinrike på nye opplevingar som dei genrøst deler med dei dei tilfeldig hamnar ved sidan av på seterada. Solbrune, sunne, glade. Overtydde om at det langt frå siste gong dei skal besøke denne øya vest for Afrika sin kyst.

På eitt av flya er stemninga annleis. Stille. Forknytt. I seteradene nokre av dei som blei vegde og funne for lette. Ei gruppe menneske som nettopp har fått framtida knust. Flyet er «ready for take off». Skal ta dei tilbake over havet dit dei kom i frå. Siste reis.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.