DEBATT

Flyktninger:

Det einaste eg vil ha er menneskeverdet mitt

Det var ikkje dette eg drøymde om då eg klarte å flykte frå ein krig som riv landet mitt i fillebitar.

DIKT: Oversatt dikt frå ein flyktningleir i Lesvos. Ein ung mann har skreve noko han håpte kunne nå ut til mange, skriv Jarl Wåge. Foto: Tore Meek / NTB scanpix
DIKT: Oversatt dikt frå ein flyktningleir i Lesvos. Ein ung mann har skreve noko han håpte kunne nå ut til mange, skriv Jarl Wåge. Foto: Tore Meek / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Eg fekk ein e-post frå ein tidlegare elev. «Kan du oversetje eit dikt frå engelsk til norsk for meg?» spurde ho. Ho hadde teke pause frå doktorgradstudium for å jobbe i ein flyktningleir på Lesvos. Der hadde ein ung mann frå Syria gjeve henne eit dikt han hadde skrive med ein bodskap han håpte kunne nå ut til mange.

Sjølvsagt tok eg oppdraget. Sidan dikt ikkje passar inn i kronikkformatet, har eg tillete meg å lage eit samandrag: «Fanga i ingenmannsland,» skriv Mohammed. «Det var ikkje dette eg drøymde om då eg klarte å flykte frå ein krig som riv landet mitt i fillebitar. Det var ikkje dette eg såg føre meg då eg kryssa havet i ein båt som ikkje var laga for å krysse hav. Det var ikkje dette eg trudde skulle skje då eg blei berga opp av sjøen og for fyrste gong sette beina på europeisk jord. Fridom var ordet eg gjentok ustanseleg under flukta. Fridom. Fridom. Som eit mantra.

I åtte månader har eg vore her no. Eg og tusenvis av andre. Åtte uverdige månader skrella av livet mitt. Ligg og flyt som søppel i lag med avfallet vi vassar rundt i. Til vi sjølve kjenner oss som søppel. Ribba for alt som heiter menneskeverd, Det er det einaste eg ber om, at eg får menneskeverdet mitt tilbake. Utan menneskeverd, kva blir vi då? Umenneskelege blir vi. Dyr. Eg vil ikkje ha almisser. Eg har ein sterk kropp og ein klok hjerne, Det er mi gåve til dykk. Mitt bidrag om de gjev meg ein sjanse. Om de vågar å opne dørene, rive ned stengslene, fjerne piggtråden mellom oss og eit fullverdig liv. Gjev meg menneskeverdet mitt. Og de får meg.»

For å fortsette å lese denne artikkelen må du logge inn

Denne artikkelen er over 100 dager gammel. Hvis du vil lese den må du logge inn.

Det koster ingen ting, men hjelper oss med å gi deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.

Vi bryr oss om ditt personvern

dagbladet er en del av Aller Media, som er ansvarlig for dine data. Vi bruker dataene til å forbedre og tilpasse tjenestene, tilbudene og annonsene våre.

Vil du vite mer om hvordan du kan endre dine innstillinger, gå til personverninnstillinger

Les mer