ULVEN STÅR OG HYLER: Blant illustrasjonene på Tines nye julemelkekartonger kan man se silhuetten av en ulv som hyler mot månen. Ulven har satt sinnene i kok, men Tine beholder likevel kartongene. Foto: Tore Meek / NTB scanpix
ULVEN STÅR OG HYLER: Blant illustrasjonene på Tines nye julemelkekartonger kan man se silhuetten av en ulv som hyler mot månen. Ulven har satt sinnene i kok, men Tine beholder likevel kartongene. Foto: Tore Meek / NTB scanpixVis mer

Snikulvifisering og julesongar:

Det er alarm! Tinemjølk har starta med snikulvifisering

Krenko(d)ramaskrik.

Meninger

Det er alarm. På vegne av vanvittig mange. Tinemjølk har starta med snikulvifisering. Midt blant alle julekossymbola på melkekartongane har dei sneke inn ein ulande ulv. Eller ein satan i ulveklede. Enkelte bønder er visst krenka til langt inn i innerste Finnskogen.

Spaltist

Jarl Wåge

er tidligere lærer ved Norsk Toppidrettsgymnas, skribent og forfatter. Han vant forteller-konkurransen «Storyslam» på Rockefeller i Oslo i november 2016. Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Vi kan bare tenkje oss ramaskrika (eller kan vi det?) om dei òg hadde tatt med teikning av Jesus-barnet, gjetarar og sauer.

Enkelte bønder hadde truleg blitt krenka då òg. Klaga Tine inn til Forbrukarrådet for å vere politisk vridde som ymtar frampå om at bønder bør gjete sauene sine i desse ulvetider.

For ikkje å snakke om heidningane. Vår tids læstadianarar. Dei hadde gått fullstendig over stag om Jesus hadde blitt melkekartongprofilert. Skreke opp om snikkristelegfisering, Om å lure Jesus inn med kumelka.

Om du hamnar i festleg lag som er i ferd med å miste trøkket, skal du bare nemne «skule» og «julesongar» i same setning. Og kvelden er redda. Eit stadig tilbakevendande tema i førjulstider. Eit tema med krenkefaktor på raudt nivå.

Skulle det dukke opp ein kristen julesong i skuletida, påstår heidningar at det er eit fordekt forsøk på å lokke ungar bakvegen inn i himmelriket. Kristne er krenka fordi dei ikkje syng nok julesongar. Muslimhatarar fordi dei trur muslimar får bestemme innhaldet i skulen. Og muslimar? Det kunne ikkje bry dei mindre.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skular har blitt skyteskive for alle jordas krenkte trellar. Trippar berøringsengstelege rundt på gummisålar. Livredde for å trakke på ømme tær. Så forsiktige at dei mistar særpreg og blir konturlause.

To år på rad har Nylund Skole i Stavanger prestert å få nasjonalt fokus på grunn av tragikomiske julesongutspel. I år skulle foreldre stemme over kva slags julesongar ungane skulle få synge.

«Slutt med tøvet og syng i veg,» seier eg. Robuste barnesinn får ikkje mên og varig svekka sjelsevner av at «eit barn er født i Betlehem, at han låg der med høy til pute, at moder tenner alle ljos eller at Guds himmel er prektig.»

I min oppvekst vest ved havet, i eit bygdesamfunn med tre hundre sjeler, var det kvart år fire juletrefestar. To barnefestar og to for store ungar og vaksne. Alle sydd over same lest. Den som etter kvart blei mest stas, var Fiskar- og musikkfesten. Der fekk du ikkje komme før du var tenåring. I gamleskulen. Matservering i kjellaren. Julebrød, julekaker og beisk kaffi.

Program og gang rundt juletreet oppe i skulestova. Alltid stinn brakke. Tre ringar kring treet, eine handa på ryggen for hen bak. Så tettpakka at vi måtte gå i takt. Time etter time. Song så det ljoma. Tostemt. Trestemt. Kunne alle tekstane. Snudde og gjekk i motsett retning etter kvart tredje vers. I ettertid ser eg at eg må ha tilbakelagt fleire kilometer i gang rundt treet.

Bygdefolket støtta opp om arrangementa. Bortsett frå Jehovas Vitner. Dei feira ikkje jul. Hadde det vore læstadianarar i bygda, hadde ikkje dei kome heller. Den gongen visste vi ikkje om heidningar. Anna enn i Afrika. Men eventuelle lokale utgåver av arten hadde vel uteblitt dei òg med slik overdosering av julesongar?

Framleis arrangerer dei juletrefestar i heimbygda mi. Over same lest. Med stort frammøte. Framleis uteblir tidlegare nemnte grupper. Det eg lurer på, er kva heidningar gjer i julemånaden. Kuttar dei, som læstadianarar, ut radioen? Der spelar dei kun julesongar. Kva med tv på julafta? Sølvguttene til dømes? Svart skjerm? Julegudsteneste? Svart skjerm? Alle andre juleprogram? Svart skjerm?

Stalin prøvde å fjerne Trotskij frå Sovjet sin revolusjonshistorie. Han gjorde det ved å få han retusjert bort frå alle bilde. Ved å få namnet fjerna frå alle historiebøker. Ved til slutt å få tatt han av dage. Men han klarte ikkje å fjerne minnet om han. Legenden. Historien om kva han utretta lever i beste velgåande.

Anten vi likar det eller ei; julefeiringa, songane, julebodskapen er ein del av kulturarven vår. Ei høgtid stappfull av symbol og tradisjonar. Dette blir ikkje borte om vi prøver å late som om det ikkje eksisterer. Vi kan ikkje retusjere det vekk frå historen. Og kvifor skal vi det? Det er verdifull kunnskap for ungane våre. Verdifulle bindeledd attende i historien. Til tidlegare generasjonar. Til livet slik det var då besteforeldre og oldeforeldre var barn.

Det er ikkje hjernevasking å la barna få del i dette. Det er ikkje eit trugsmål mot integriteten, sjølvstendet og evnen deira til å tenke sjølve. Barna våre skal gjere sine eigne val.

Eg brukte mykje tid i oppveksten i ei pinsemeinigheit i heimbygda mi. Var ikkje medlem. Var ikkje døypt der. Opplevde ei sekt på godt og vondt. Hadde ei solid gudstro. Gjekk på møte med bibel under armen. Ein miniprest.

«Ja, vel,» tenkjer du, «det forklarer alt. Ikkje rart han er blitt som han er blitt. Han har tatt skade på si sjel.» Pøh. I alle fall ikkje av det! Dessutan har eg, i likskap med dei som kallar seg heidningar, ikkje lenger ei gudstru. Men eg orkar ikkje vere så angstbitersk, så sneversynt.

Eg vil senke skuldrene. Hente det beste ut av historie og tradisjonar. Og det som i alle fall er sikkert, er at eg aldri meir skal inn i ei sekt. Ei heller ei fundamentalistisk heidningesekt.