ENDRA KRITIKKEN Christopher Nolan endra ikkje berre superheltsjangren. Han gjorde også noko med forventningane til superheltfilmar og dermed også filmkritikken. Foto: The Walt Disney Company Nordic
ENDRA KRITIKKEN Christopher Nolan endra ikkje berre superheltsjangren. Han gjorde også noko med forventningane til superheltfilmar og dermed også filmkritikken. Foto: The Walt Disney Company NordicVis mer

Det er ikkje Captain America det er noko i vegen med

Fiktive karakterar må ikkje ha psykiske problem for å vera interessante.

Meninger

«Captain America the Winter Soldier» har fått gode kritikkar i norske medier. Dagbladet gav filmen terningkast fire. BT, Aftenposten, VG og NRK P3, gav alle filmen ein femmar.

Til og med hipsterpublikasjonen Natt&Dag meinte filmen fortente fem prikkar på terningen (eller mellomstort smilefjes, som dei bruker), sjølv om dei nokre veker før lista den opp i artikkelen «Dette gruer vi oss til på filmfroten i mars».

Dette er good news for oss som er superheltnerdar, fordi det understrekar at det finnes ei rekkje verkeleg gode forteljingar innfor denne sjangeren, og ein treng ikkje vera fanboy for å korkje anerkjenna eller nyta fenomenet. Kritikken som institusjon blir ofte skulda for å ha ein elitistisk blindskap for kvalitet i møte med actionfilmsjangeren, og femmarane styrker difor på eit vis legitimiteten til norsk filmkritikk.

FØLG DAGBLADET MENINGER PÅ TWITTER OG FACEBOOK

Captain America er ein manifistering av fråsegna «land of the free, home of the brave», og han spring rundt i ei drakt som er basert på det amerikanske flagget. Ein femmar til dette konseptet viser at det meste kan få femmarar, så lenge det er godt laga.

Det er likevel noko underleg med argumentasjonen i mange av kritikkane.

Captain America blir nemleg omtalt som ein keisam og uinteressant filmkarakter fordi han ikkje er prega av indre strid og psykisk uro.

Dette meiner eg er eit symptom på eit større problem i moderne populrækulturkritikk, nemleg ei manglande evne til å identifisera kontemporære trendar i populærkulturen, og til å ta eit kritisk steg attende. For at argumentasjonen ikkje skal verta for omfattande vil eg halda fram med å bruka supeheltfilmen og deria karakterar som utgangspunkt her.

Då Ang Lee regisserte «Hulk» i 2003 revolusjonerte han superheltsjangeren ved å laga meir eit psykologisk drama enn det som var vanleg i tradisjonell actionfilm. Hovudkonflikten utspela seg inne i hovudet på den traumastiserte Bruce Banner (Hulk sitt alter ego), og dei eksterne konfliktane (som ofte er både grunnmuren, reisverket og interiøret i actionfilmar) var berre ei slags ramme for det over to timar lange psykologiske dramaet.

Lee fekk aldri den kredibiliteten han fortente, og hans alternative måte å tilnærma seg superheltsjangeren på, vart ikkje ein ny standard. «Hulk» er som ein flopp å rekne, og me er mange som undrar kvifor. Det at Lee ikkje estetisk sett matcha sitt mørke innhald, men i staden hadde ein del kitschy scener, er nok noko av grunnen. At dei eksterne, fysiske konfliktane verka litt lite gjennomarbeida, er nok også ein del av forklaringa. Dette skulle jo tross alt vera ein superheltfilm.

Kanskje var det difor det gjekk lettare for Christopher Nolan med Batman Begins i 2005. Der den førgåande Batman-filmen («Batman & Robin» 1997) var uhøgtidleg, fjollete og ignorerte den anarkjende Frank Miller-stilen, var Batman Begins estetisk, tematisk og psykologisk mørkare, meir alvorstynga, og langt meir kompleks.

Ikkje berre samanlikna med Batman and Robin, men med dei fleste superheltfilmar frå den tida generelt. Paradoksalt nok var «Batman Begins» også ein tradisjonell actionfilm med tydeleg eksterne konfliktar som vart løyste med nevekamp og skyting.

I dei to Batman-filmane som følgde var estetikken den samme. Det som var nytt var at helteaspektet vart tona ned parallelt med at dei indre, psykologiske konfliktane vart framheva. I «The Dark Knight» er det berre avslutningsvis at Batman får vera helt, og då ved å ta på seg skulda for andre sine ugjerningar. Ikkje med nevekamp og skyting.

I «The Dark Knight Rises» står det enno verre til. Her er Batman udugeleg som tradisjonell superhelt, og det er bifigurarane som ordnar opp i dei eksterne konfliktane.  Forsåvidt eit artig konsept, og Nolan skal ha ros for å både bryta med sjangerforventningar (slik også Ang Lee gjorde) óg laga eit produkt som tiltalar ei brei målgruppe (slik Ang Lee ikkje klarte)

Men Nolan endra ikkje berre superheltsjangren. Han gjorde også noko med forventningane til superheltfilmar og dermed også filmkritikken.

Dette ser me når Nolan sin Batman-serie stadig blir brukt som målestokk i filmkritikkar. Og det er vesentleg å påpeika at det truleg er måten Nolan endra Batman på som har gitt han så stor definisjonsmakt. Hadde han til dømes teke steget i motsett retning av det som var tilfellet, og laga noko campy greier ala Batman-serien frå 60-talet (den med Adam West og Burt Ward), ville nok tilhøva vore annleis.

Det var heilt klart grepet med å la helten få bryna seg på ei identitetskrise og ei indre reise, i tillegg til ein røffare estetikk, som var suksessoppskrifta.

Slik sett passar Nolan godt inn den visuelt og tematisk mørke trenden i moderne populærkultur, ein trend Nolan også har vore med på å etablera når det gjeld superhelt- og actionfilmar. Problemet er at kunstkritikken i liten synleg grad identifiserer og problematiserer dette gjeldane smaksparadigmet.

Sjå til TV-serien, sjå til musikken, sjå til litteraturen, sjå til dataspela. Fortellingar som også har eit vesentleg aspekt av indre konflikt, som er tematisk og estetisk mørke, som har utrivelege typar som gjer utriveleg ting, som tematiserer tvil og forvirring i møte med andre menneske og samfunnet sine forventningar, verkar forlokkande på publikum og kritikarar.

At publikum stadig går i denne fella, for så vera. Kritikarane kan då sjølvsagt også få lov til å bli oppglødde, men dei bør i tillegg ha evnen til å innta eit metaperspektiv og avdekka og forklara desse trendane.

«Captain America: The Winter Soldier» har rett nok eit noko brutalt uttrykk, i alle høve om ein samanliknar han med andre Marvel-filmar, som Iron Man eller The Avengers. Og det bør på eit vis vera slik fordi  Ed Brubaker og Steve Epting som høvesvis skreiv og teikna den opphavelege Winter Soldier-fortellinga (Captain America volum 5, nummer 1-14), valde eit hardt uttrykk.

Men Captain America er ingen anti-helt. Ikkje i filmen. Ikkje i teikneserien. Han er ikkje ein karakter som er prega av indre demonar, tvil eller identiteskrise. Han mista rette nok foreldra sine ung alder, men det er ikkje noko som har prega karakteren.

I staden er han ein MacGyver-type helt. God tvers igjennom, trygg på sine standpunkt, ofrar blod og svette for å gjera «the right thing». Han ranskar ikkje seg sjølv innvending, og er i påfallande liten grad prega av alle dei blodige konfliktane han har delteke i.

Konfliktane i filmen den siste Captain America-filmen som er av den ideologiske sorten, er heller ikkje framstilte som indre, psykologiske konfliktar, men som eksterne og veldig konkrete konfliktar.

Jo då, Steve Rogers (Captain America sitt alter ego) er i starten av filmen i tvil om han ynskjer å vera ein del av det militære systemet S.H.I.E.L.D., men det er ikkje fordi han tviler på si eiga rolle som symbolet Captain America. Overtydinga er like sterk som ho alltid har vore, og konflikten går raskt over til å dreia seg om å retta moralske feil ved det militæresystemet, ved bruk av nettopp dei verdiane CA er basert på.

Steve Rogers tviler med andre ord ikkje på kva som er rett og gale, eller kven Captain America er. Han tviler på at miltærsystemet er i stand til å ta viktige vurderingar utan at store mengde menneskeliv går tapt.

Det er altså snakk om ein karakter som agerar utelukkande på grunnlag av nokre prinsipp, som for denne karakteren nærast er banka i stein. Og heller enn den sjølvsranskande helten, får me ein altruistisk type.

Captain America er difor ofte er sett på som ein keisam type hovudperson. Ja, sjølv serieskapar Brubaker fann det meir interessant å fokusera på bi-karakterar (som Bucky og Sharon Carter) i teikneserien (volum 5). Når serieskapar Brukbaker og Russo-brørne (filmens regissørar) høvesvis lagar eit spanande actioneventyr av ein slik karakter, burde det vore kritikaren si oppgåve å undersøka fenomenet nærare. Ikkje berre slå fast at Captain America er ein streiting, og difor keisam.

Det er ikkje vanskeleg å henga med på denne logikken. Det gir meining at komplekse typar skal kunne gi grunnlag for spanande fortellingar. Ei kritisk tilnærming til trenden kan likevel vera viktig.

For må verkeleg ein helt vera prega av ei indre strid for å vera interessant? Må han vera ein antihelt med alvorlege issues? Må hindera han skal overkomma vera av ein slik art som kvar og ein av oss kan kjenna oss att i. Vil vi eigentleg ha Woody Allen  på steroider når vi går for sjå den siste Marvel-filmen?

Det er sentralt å understreka at eg med dette slett ikkje hevdar at filmkritikarar alltid forventar eit psykologisk aspekt ved alle superheltfilmar. Og eg seier heller ikkje at ein film absolutt må ha eit dysterte uttrykk for å få god kritikk. Det eg seier er at ein populærkulturkritikk som er namnet verdig, bør vera i stand til å innta eit kritisk perspektiv til eksisterande smaksparadigmer.

Kritikken må kunne peika på trendar og bruka dette som kontekstualisering i alle type kritikkar, også når kulturproduktet fell i smak. Med dagens idear av om kva som er god kvalitet vil dette til særleg gjelda når den n-te TVserien med antisosiale hovupersonar vert lansert, når dataspel nyttar blod og gørr for å skaffa seg kred, eller når nok eit skrangleband frå Bergen slepp ny EP.

No kan det verka snålt at eg bruker Captain America som utgangspunkt for denne kritikk-kritikken, sidan han fekk terningkast fem over nesten heile linja, og openbart fall i smak hjå kritikarane  Men det er altså argumentasjonen eg prøver å problematisera her, ikkje konklusjonane.

For om me manglar evne og vokabular til å beskriva, ikkje bere påpeika, normbrot, ikkje er medvitne om våre kvalitetskriterium, eller ikkje klarer å forklara kvalitetane ved godt besøkte, eindimensjonale popcornfilmar, men berre klarar å beskriva dei som nettopp det, er det eit heilt perspektiv som går tapt i filmkritikken.

(Merkand for spesielt informerte lesarar: Eg unngår medvite skillet mellom anmeldelsen og den akademiske kritikken, og brukar ordet kritikk her ukritisk.)