Nok barn: Det er plass til flere barn i Norge. Statsministeren bør slippe inn flere trengende barn inn i landet. Her med Unge Høyres leder, Sandra Bruflot t.v.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Nok barn: Det er plass til flere barn i Norge. Statsministeren bør slippe inn flere trengende barn inn i landet. Her med Unge Høyres leder, Sandra Bruflot t.v. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixVis mer

Lav fødselsrate

Det er overflod av barn

Erna Solberg har sjølvsagt rett. Noreg treng barn. Titusenvis av barn.

Meninger

Det var sonen min sin tur å ta den litt vanskelege, lett pinlege samtalen med sin son om korleis ein lagar barn. Etter kvart som forklaringa skreid fram, var det tydeleg at dette var ein metode som slett ikkje appellerte til yngstemann. «Og viss det e` to unger, må en gjør det to ganger då?» spurde han nesten forskrekka. Då det blei bekrefta, blei han sitjande lenge og tenke seg om. Så sa han mens det gjekk eit grøss gjennom kroppen: «Men tenk på Morten og de som e` åtte unger!»

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

At «Morten og de» er åtte, hjelper visst ikkje stort. Muslimske kvinner som, i fylgje ytre høgre-narrativet, er veritable fødemaskinar og får åtte til ti ungar kvar som eit ledd i islamiseringa av Noreg, klarer heller ikkje å få fødselsraten opp. Raten er alarmerande lav. På ca 1,7. Varer dette ved, vil folketalet i Noreg gå ned, og det vil ikkje vere nok folk til å halde samfunnsmaskineriet i gang på det nivået det er i dag.

Då Harry Hansen var ordførar i Bergen på 1960-talet, var Trondheim i ferd med å få fleire innbyggjarar enn vestlandshovudstaden og bli Noregs nest største by. Den legendariske ordføraren kom difor med følgjande oppmoding til sine bysbarn: «Ligg dokker sammen og gjørr nokke.»

No har vår bergenske statsminister kome med ei liknande oppfordring. Ho bruker riktignok ikkje dei orda, men bodskapen er den same. Det må ein dugnad til. Ei nasjonal reisning. Alle må ut i skogen, opp i trea, under dyna i ein slags pul-for-framtida-aksjon.

Unge og gamle av alle slag (Ikkje så gamle som eg, håper eg.) må trå til. Studentar slepp heller ikkje unna. Med skikkeleg familieplanlegging bør dei kunne få til ein fødsel eller to mellom Bachelor og Master.

Rike som fattige; alle skal til pers. Det med fattige er forresten eit tveegga sverd. Mange føler at masseproduksjon av barn blir for dyrt.

Erna Solberg veit råd. Før jul lærte ho oss at den beste måten vi kan få del i velstanden på, er å spare i fond og skaffe oss ein aksjeportefølje. Dette er så genialt og enkelt at ein kan lure på kvifor ingen har kome på det før. Har ein spart ein million i fond og har tilsvarande i aksjar, vil avkastinga hjelpe markant på økonomien.

«Du må huske å spare frå lokket,» sa far min alltid når eg fekk pengar. «Det nyttar ikkje å vente til du er på botnen av pengeskrinet.» Det er pinadø på tide at fattige tek seg dette ad notam. Kva med å byrje med dei 83 kronene dei får i auka barnetrygd per månad? Det kan fort bli råd til eitt og anna barn av slikt.

No er det langt frå slik at barn er mangelvare i verda. Snarare tvert imot. Det er overflod av barn. Millionar svelt, lever i krigssoner eller på flukt frå krig og fattigdom. Mange er foreldrelause og i ein evig, einsam og brutal kamp for tilveret.

Heroiske hjelpearbeidarar med hjartet på rette staden bruker av fritida si for å hjelpe flyktningar der dei er. Dei dreg til dømes til leirar i Hellas der flyktningane er fanga fordi ingen land i Europa vil ta imot dei. Det kjem fortvila rapportar frå desse leirane om umenneskelege, uverdige tilhøve. Mange av dei som er der, er barn som er åleine i verda. Barn som frys, svelt, blir misbrukte, driv med sjølvskading og mistar alt håp. Også i leirar som er sponsa av Noreg. Sponsa for å halde flyktningane der dei er.

Innstendige bøner om hjelp og appellar til kristne og humanistiske verdiar ser ut til å prelle av. Vi lever i ei tid då høgrepopulismen er på rask frammarsj både i Europa og USA. Med President Trump som sjølvaste lokomotivet. Dette er ei nasjonalistisk (MAGA) og isolasjonistisk rørsle som forvekslar humanisme med å vere seg sjølv nok. Ei rørsle som ikkje har hjartet på rette staden og absolutt ikkje vil sleppe framande innover grensene sine. Ikkje ein gong barn i den ytterste naud. I alle fall ikkje så lenge dei, i deira auge, ikkje har dei riktige genene, rett hudfarge eller trur på den einaste, sanne gud.

Høgrepopulismen har fått legge premissane for innvandringspolitikken i land etter land. Det er ikkje bare Trump som vil stengje folk ute med hundrevis av kilometer med murar. Vi har fått ei Festung Europa. Ikkje med så mange fysiske stengsler, men med imaginære festningsverk som effektivt stenger ute folk som bankar på.

Erna Solberg har sjølvsagt rett. Noreg treng barn. Titusenvis av barn. Harry Hansen nådde ikkje fram med si oppfordring til bergensarar om å «ligge seg sammen». Dei måtte adoptere nabokommunar for at Bergen skulle forbli større enn Trondheim.

Det er muleg at Solberg vil klare å få opp fødselstala om ho legg tilhøva til rette for det. Men det er eit faktum at småbarnsfamiliar i Noreg allereie i dag har verdas best tilrettelagde tilbod.

Likevel har fødselsraten i årevis vore nedadgåande. Så det skal uendeleg mykje til for å snu utviklinga radikalt. Det som eigentleg må til, er både å «ligge seg sammen» og, i beste humanistiske tradisjon, opne dørene bitte litt på gløtt for desse våre minste små som har flykta frå eitt helvete og hamna i eit nytt.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.