Pride:

Det er på tide å innsjå at Ropstad ikkje har noko i Pride å gjere

Folk må for guds skuld slutte å gnåle om at Ropstad skal stille i Pride-toget og vifte med regnbogeflagg.

Kan holde seg unna: Kjell Ingolf Ropstad har ikke noe i Pride å gjøre, skriver spaltist Jarl Wåge. Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
Kan holde seg unna: Kjell Ingolf Ropstad har ikke noe i Pride å gjøre, skriver spaltist Jarl Wåge. Foto: Carina Johansen / NTB ScanpixVis mer
Meninger

Vi har så vidt tatt steget inn i juni. Oslo Gay Pride-månaden. Snart skal titusenvis av skeive ut i gatene og skine i alle regnbogens fargar. Og her sit eg med akutt kronikkskrivekløe. I år òg.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Han som denne gongen har utløyst kløen, er Espen Ottosen; infoleiar i Misjonssambandet, teolog, filosof, tidlegare misjonær og skribent. Ein mann stadig rørande opptatt av og breiddfull av respekt for alle som elskar kven dei vil på tvers av det oppleste og vedtekne. Ikkje så full av respekt at han tykkjer det er greit at folk elskar kven dei vil, riktignok. Måtte gud forby. Eller det er vel nettopp det han har gjort. Gud altså. For fleire tusen år sidan.

26. mai publiserte Morgenbladet ein tekst der Ottosen spør om det er sikkert at dei som regnbogeflaggar for mangfald, sjølve tåler mangfald. Utgangspunktet for teksten er TV2-programmet Gullruten. Der kritiserte visst ein av prisvinnarane barne- og familieminister Kjell Inge Ropstad for at han ikkje vil delta i Pride-toget.

Ottosen tar ministeren i forsvar: «Er det noe Ropstad har sagt de siste månadene - både på inn- og utpust – så er det at han vil vere minister for alle typer familier.» Heilt riktig. Han har sagt det. Til det keisamelege.

Ropstad, som Ottosen, er imot at homofile skal få gifte seg i kyrkja. Homofile er ikkje verdige det framfor guden deira sitt åsyn. KrF-leiaren (sjølv om han som minister må fremje regjeringa sin politikk) vil heller ikkje at homofile skal få adoptere barn.

Difor kan Ropstad puste minister-for-alle-typar-familiar inn og ut til han blir blå i fjeset. Ein som stryk skeive familiar over det eine kinnet og klappar til det andre kinnet med flathanda, står ikkje til truande.

Men ein ting er eg einig med Ottosen i. Folk må for guds skuld slutte å gnåle om at Ropstad skal stille i Pride-toget og vifte med regnbogeflagg. Det er på tide å innsjå at han ikkje har noko der å gjere. Han vil kjenne seg mykje meir komfortabel i ein Jakob Sande-misjonskonering den dagen «og drikke kaffe medan drøset går om andelege ting».

Gay Pride klarer seg velsigna godt utan Ropstad og Ottosen. I år, som i fjor, som i forfjor og mykje lenger tilbake. Til slutten av 1970-talet, faktisk. Riktignok heitte det Homodagene den gongen då modige homofile våga seg ut i Oslo-gatene for å vise at dei var ein del av samfunnet. Den gongen som no, var det sjølvsagt folk som reagerte på disse «sodomimarsjane» som ein polsk minister nyleg kalla Pride.

I år, som i fjor, som i forfjor vil det vere vaksne som seier: «Jammen, dei har ingen klede på seg.» Og nokon, som truleg aldri har sett paraden, vil påstå at han er seksualisert og halvpornografisk.» Feil. Dei har klede på seg. Alle som ein. Nokre har riktignok tangatruser eller lendeklede a la Tarzan. Eller fjær, paljettar, stilettar og himmelhøgt hår. Men dei aller fleste er så påkledde at dei franstår som The Hamish People på marsj om vi samanliknar med til dømes karnevalet i Rio. Men det er det ingen som gjer, for då blir det sjikanerande i poenget borte.

Til alle som snakkar, men ikkje veit. Lat meg gje dykk ei augevitneskildring: Det blir i år, som i fjor, som i forfjor titusenvis som deltek. Enda fleire som ser på.

Stolte besteforeldre til skeive. Stolte skeive besteforeldre. Barnebarn, foreldre, barn. Fleire titalls politifolk i uniform. Fleire titalls brannfolk i uniform. Mange sjukepleiarar i uniform. Legar i legefrakk. Og utan. Fjellgruppe. Politiske parti. Machomenn. Transar. Skruller. Dykes on bikes. Songgrupper. «Flåtar» som i karneval. Med medlem i Bamseklubben humoristisk utkledde som til dømes steinaldermenn. Flåtar med dansarar. Med folk med handicap. Overalt; regnbogefargar, flagg, banner, byrgskap, engasjement, kampvilje. Og ikkje minst; livsglede. Over å få vere ein del av dette så mykje større enn ein sjølv.

Det heile med ein grunntone av alvor. For dei fleste som deltar, har det kosta å komme så langt. Prosessen med å komme ut av skapet, med å akseptere for seg sjølv kven ein er, er for mange både smertefull og krevjande. Alvor også fordi ein veit at kampen langt frå er vunnen.

«Spørsmålet er om de som (regnbue)flagger for mangfold, faktisk tåler mangfold?» skriv altså Espen Ottosen. Heilt sikkert ikkje. Folk er folk. Uansett legning. Faktum er at mange skeive, i likskap med Ropstad og Ottosen, aldri kunne tenkje seg å sette sine bein i ein homoparade. Dei skammar seg. Dei har kjøpt argumentasjonen til motstandarane om at dette er halvnakne skruller, tant og fjas og ingen ting anna. Dei om det.

Så får heller barrikadestormarane halde fram på barrikadane. Også når Gay Pride pakkar saman for denne gongen i slutten av juni. Kvar einaste dag i året. Ingen kampar er vunne ein gong for alle. «Vi har dei fridomane vi kjempar for og mistar dei vi ikkje forsvarer», sa Salman Rushdie.

Kampen er tosidig. Han handlar om å forsvare det som steg for steg har blitt kjempa fram. Samstundes veit vi at i store delar av verda er det å vere skeiv framleis livsfarleg. Bokstaveleg talt. Godt då at dei som regnbogeflaggar for mangfald, ein gong i året har Pride å hente energi, styrke og påfyll ifrå til nye slag, nye nederlag og nye sigrar.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook

Meninger rett i innboksen?

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta ukens viktigste saker fra Dagbladet Meninger hver fredag. Nyhetsbrevet kan inneholde annonser. Du kan når som helst melde deg av.