SENSUR: Facebook sensurerer ikoniske bilder og politiske meninger. Foto: Nick Ut/Ap photo
SENSUR: Facebook sensurerer ikoniske bilder og politiske meninger. Foto: Nick Ut/Ap photoVis mer

Det er på tide å ta tilbake Internett frå algoritmane

Gjentakande sensur frå Facebook visar at dei nok ikkje fortenar den tilliten dei får.

Meninger

Nick Ut sitt legendariske bilete frå Vietnamkrigen har blitt sensurert vekk frå Facebook ved fleire høve dei siste dagane. I Sverige blei eit innlegg med bileta av dei franske politimennene og den muslimske kvinna på stranda fjerna. No er det på tide at vi diskuterar sensur på Internett, og korleis algoritmar påverkar ytringsfridommen vår.

Tale Haukbjørk Østrådal
Tale Haukbjørk Østrådal Vis mer

Omtrent kvar einaste av oss er registert på Facebook, og vi sjekkar ofte innom fleire gonger om dagen. Dei sosiale nettverka er våre virtuelle kaféar, torg og klubbhus. Dei er den staden på Internett kor det er lettast å diskutere med andre. Vi set vår lit til at dei store sosiale nettverk som Facebook òg er gode, trygge diskusjonsplattformar. Gjentakande sensur frå Facebook visar at dei nok ikkje fortenar den tilliten dei får.

Facebook har så mange medlem at for å kunne utføre redaktørjobben må dei simpelthen la datakode gjøre jobben. Difor brukast det algoritmer for å styre kven som ser kva, slik avisar brukar menneskelege redaktørar til å styre det same.

Det finst mange eksempel der algoritmar har sensurert nyheitsartiklar til tross for legitimt innhald. Ein link til ein artikkel frå The Guardian om Julian Assange kunne ikkje bli delt på Facebook. Etter 48 timar med protestar blei blokkeringa heva. Eit anna eksempel er BDS-aktivistar over heile verda som opplever at deira kritikk av Israel utan vidare blir slett eller ikkje visast til vener eller medlem i Facebook-gruppar.

Òg gjennom rapportering kan desse algoritmane utnyttas frå utsida. Det siste året har vi eit utal gonger sett at uskuldeg innhald rapporteras til Facebook av nokon som har til hensikt å få ei gruppe, ei side eller ein enkeltperson blokkert av Facebook.

Hege Storhaug opplevde i november i fjor å få den private Facebook-profilen sin deaktivert. Dei som rapporterer kan òg manipulere dei automatiske systemane med hensikt å hindre aktivistar å dele deira syn på t.d. TTIP, TiSA eller CETA.

Algoritmar kan med andre ord fungere partisk, noko som igjen resulterar i sensur. Ofte opplever vi at Facebook svarar på kritikk med å seie at det var ein teknisk feil. Når dei gjer det skyldar dei på algoritmane og slipper dermed unna med det faktum at Facebook har økonomiske interessar, som igjen kan påverke innhaldet i feeden din. For i vår svimlande ferd ned Facebook-feeden har vi ikkje tid til å tenke over at det er våre tankar og opplevingar som er inntektskjelda til Facebook.

Eg trur vi har gitt Facebook for mykje makt. For nokre årsida blogga norske debattantar så tastaturknottane fauk. No har så godt som heile samfunnsdebatten flytta inn i Facebooks hengande hagar, med ei usagt einigheit om at Facebook er Internett. Men Internett er så mykje meir! Det finst så mange stader på Internett der vi kan utveksle idear og synspunkt. Det finst desentraliserte sosiale nettverk, der brukarane er sjefane.

Det vanlegaste argumentet mot å bruke sosiale nettverk Diaspora, Quitter eller Friendica er at venene våre ikkje er der. Det er særs få som lar være å bruke desse nettverka fordi dei ikkje har feeds med algoritmegenerert innhald, eller fordi dei ikkje har reklame.

Likevel blir dei fleste av oss på Facebook, der algoritmar og dårlege brukarvilkår regjerar. Har vi verkeleg gløymd at vi har fridommen til å velje sjølv kor vi skriv på Internett?

Eg skal ikkje moralisere og seie at dei som har blitt sensurerte på Facebook har seg sjølv å takke. Det er ikkje poenget. Poenget er at vi som nettbrukarar har definisjonsmakta, og at det er på høg tid at vi visar nettgigantane at vi kan ta den makta tilbake. Vi kan velge å vere ein annan stad.

Det er vi, brukarane, som veljer korleis vi vil ytre oss på nettet. Det er på tide å ta tilbake Internett frå algoritmane.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook