MAT: Norsk landbruk er fantastisk, mener artikkelforfatteren. Foto: Pål Hermansen / NN / Samfoto / NTB Scanpix
MAT: Norsk landbruk er fantastisk, mener artikkelforfatteren. Foto: Pål Hermansen / NN / Samfoto / NTB ScanpixVis mer

Det er trist at regjeringa meiner det er greitt at bonden har ei inntektsutvikling som er svakare enn andre grupper

Det er bonden som gjer oss mat.

Meninger

Norsk landbruk og mat er fantastisk. Norske bønder produserer rein og trygg mat over heile landet. Eit mangfald av små og store bruk gjer dette mogleg. Me nytter knappe og vanskeleg tilgjengelege ressursar for å produsera maten vår. Det er mogleg fordi det har vore ein vilje til å satsa på landbruket.

Det er bonden som gjer oss mat. Det er bonden som står grytidleg opp om morgonen for å gå i fjoset og stelle dyra. Det er difor trist at regjeringa meiner det er greitt at bonden har ei inntektsutvikling som er svakare enn andre grupper. Det var det som vart resultatet av årets jordbruksoppgjer.

Stadig fleire er opptekne av at me skal produsere mat med lite bruk av sprøytemidler og medikamenter. Folk er opptekne av at dyra skal ha det godt. Norsk matproduksjon er langt framme på alle desse områda. Skal me framover produsera meir av verdas beste mat må me satse på jordbruket og gje bonden ei inntekt til å leve av.

Matproduksjon og tryggleik for framtidig matproduksjon er ikkje fyrst og fremst ein bondesak. Bonden vil nok alltid verte mett. Det er dei som bur høgast oppe i etasjane i dei største byane våre som bør vera mest opptekne av at me tek i bruk ressursane våre til å produsera mat.

Det er få som vert rike av å produsera mat. Har ein lyst å jobbe lite og tene mykje, så er definitivt ikkje bondeyrket eit godt val. Det er likevel naudsynt å ha moglegheit til å få ei anstendig inntekt frå garden. Dette er særskilt viktig for å få ungdom til å ta over garden.

No skal stortinget handsame jordbruksoppgjeret. Senterpartiet sitt mål er å få med fleirtalet på Stortinget på eit forpliktande opptrappingsvedtak for å gje bonden langt betre økonomi. På den måten kan me sikre at også våre barn og barnebarn kan seie: Norsk landbruk er fantastisk.

Lik Dagbladet Meninger på Facebook