Jaa9 (36). (Foto: Ihne Pedersen.)
Jaa9 (36). (Foto: Ihne Pedersen.)Vis mer

Vekas Vers:

Det er vår tids største musikksjanger

Hip-hop er ikkje akkurat tidlaust.

Og vinnaren er rapp, vår tids største musikksjanger. Om me tar med all musikk som har noko hip-hop i seg, er hegemoniet no bortimot totalt.

Denne mest postmoderne av alle store musikksjangrar vart fødd ut av tjuveri og intertekstualitet på syttitalet. Hip-hopen utviklar seg heile tida, han står aldri stille, men har eit komplekst forhold til tid. Hip-hopen spring fort framover, mens han ser seg tilbake; han er full av nostalgi, kommentarar til samtida, og framtidsoptimisme.

Hip-hopen og tidsånda har følgt og påverka kvarandre opp gjennom åra, begge med like stor begeistring for teknologi, retorikk og store ego.

Der rock- og poptekstar ofte har universelle og evige tema og bodskap, handlar rapptekstar som regel om rapparen sjølv. Alt tek utgangspunkt i eg-et. Slik sett er rapp alltid personleg, sjølv kor mykje humor og skryt rapparen klarer å presse inn. Tekstane har også ofte eit du, men det er som regel ikkje du, kjære lesar og lyttar. Det er oftast motstandaren i denne imaginære battlen som eg-et alltid er i. Det kan også vere dei som er problemet. Dei er som kjent nokre fæle folk.

Det er kanskje ikkje så rart at hip-hopen vann. Samtida er rapp; sterk individualisme, og ein overflod av tekst og informasjon. Mange er i dag skuffa over at informasjonstidsalderen ikkje fekk den demokratiserande effekten som enkelte spådde. Nokre er sikkert også skuffa over at denne skriftspråk-revolusjonen vart litt annleis enn tenkt. Me skriv rett nok meir enn nokosinne, men me skriv talespråk. Her på Vestlandet finst det snart ikkje ein ungdom igjen som skriv nynorsk, dei skriv på dialekt (det er ikkje så mange vaksne heller, for den del). Og sjølv om mange framleis ytrar seg på eit av skriftspråka i Noreg, så driv me mest med skriftleg snakking, i sms-ar og på nettet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rapp ligg òg ein plass mellom det skrivne og det talte. Rapp er ei munnleg uttrykksform, men teksten må fyrst skrivast – med alt som høyrer til av formulering og tenking og omformulering. Ein plass mellom synging og snakking, mellom poesi og prosa, mellom det personlege og det allmenne, føregår rapp på eit språk som folk ikkje berre forstår, men òg snakkar sjølve. Det er notidas språk. Ein singer-songwriter skriv brev, ein rappar chattar.

Grunna dagens teknologi og hip-hopens mangel på respekt for eigedomsrett, kan ein brygge ihop låtar ganske kjapt. Såleis kan ei sak frå nyheitene i går verte tema for ein låt som vert lagt ut i dag. Kanskje ikkje så rart at internettet elskar hip-hop – og omvendt.

Ein av norsk rapps ringrevar, den 36 år gamle syttenåringen Johnny Silseth frå Lillehammer, best kjend som Jaa9, har nettopp gitt ut sin fyrste ekte solosingel. Jaa9 & OnklP og resten av Dirty Oppland såg tidleg potensialet i internettet. Tidleg på 2000-talet la dei ut megabyte på megabyte med beats og rim til folket, og låtane var allereie då proppfulle av det som seinare vart deira store varemerke: vittige punchlines om samtida – eller rapptekstens meme, om du vil.

Den nye låten heiter «Oppi her», og Jaa9 fyrer som alltid av skot i alle retningar. I det fyrste verset, som berre er på 12 linjer, når han innom Visjon Norge og Jan Hanvold, Sylvi Listhaug, høgre-venstre-aksens ubrukelegheit, og Trine Skei Grande og ein viss syttenåring. (Fun fact, som me seier på nettet: Same dag som «Oppi her» kom ut (23. mars), kom òg Bøbbens singel «Æå» med denne linja: «føle mæ søtten, du e Skei Grande».)

Slik held både gamle Jaa9 og den endå eldre hip-hopen seg unge og relevante: Dei vert aldri tidlause. Dei syng og skriv ikkje om det evige; dei rappar og snakkar om det som skjer no. Talespråket endrar seg òg mykje fortare enn skriftspråket.

I resten av låten når Jaa9 innom både ulvar og dick pics på Instagram, og både du og dei vert dissa og sett på plass. Rapparen drysser personlege pronomen og tidsmarkørar med raus hand utover taktene, og i refrenget heiter det:

Jepp, nå ere mi tid, ikke sekundet for tidlig / På tide noen sier det som det er

Sant, det. Det er alltid på tide i hip-hop.