Oslo  20180827.
Tidligere justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp) snakker med pressen etter åpen høring i Stortingets kontroll-og konstitusjonskomite i riksrevisjonens undersøkelse av oppfølging av objektsikring.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Oslo 20180827. Tidligere justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp) snakker med pressen etter åpen høring i Stortingets kontroll-og konstitusjonskomite i riksrevisjonens undersøkelse av oppfølging av objektsikring. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixVis mer

Antisemittisme:

Det er ytterst alvorleg at Per-Willy Amundsen prøver å skrive om historien

Det er så ein kan mistenke Amundsen for å ha skulka historietimane når han ikkje fattar at retorikken hans er eit ekko av den som var dominerande i Tyskland på 1930-talet.

Meninger

I Oslo har dei støypt «snublesteinar» i fortauet utanfor mange bygårdar. I form av firkanta messingplater med namn på ulike personar, samt fødselsdato og -år. Nei, det er ikkje eit forsøk på å lage eit slags Los Angelesk Walk Of Fame. Dette er eit Oslosk Walk Of Shame. På messingplatene står det òg: «Deportert.» Og dato for deportasjonen.

Spaltist

Jarl Wåge

er debattant, skribent og tidligere vinner av forteller-konkurransen «Storyslam». Foto: Sunniva Halvorsen

Siste publiserte innlegg

Det skjær i hjartet å gå forbi desse snublesteinane. Kvar messingplate eit minne om personar som budde i gårdane og som brått og brutalt blei rivne ut av kvardagslivet og omgåande deporterte til konsentrasjonsleirar i Tyskland. Der omkom dei aller fleste etter umenneskelege levetilhøve, brutal tortur eller massedrap i gasskammer. Dei blei ikkje henta fordi dei var kriminelle, terroristar eller krigsforbrytarar. Men fordi dei var den dei var: Jøde.

Jødane blei offer for ein pervers og barbarisk ideologi tufta på glødande, blindt hat. En ideologi som rangerte folk etter raser og kalla dei som hamna nederst på rangstigen for «Untermenschen». Dei lavaste av dei lavaste var jødane, som i Hitler sitt forstyrra sinn til og med var mindre verdt enn skadedyr og difor måtte utryddast.

Nyleg blei Krystallnatta markert på ulike stader i Noreg. Til minne om natt til 10. november 1938, då nazistar i Tyskland gjekk laus på jødiske eigedomar. Dei knuste og raserte synagoger, butikkar og boligar. I tillegg rana dei med seg alt dei kunne komme over av verdiar. Ingen greip inn eller forsøkte å stanse herjingane. Mobben kunne trygt gjere som dei ville fordi Nürnberglovene av 1935 hadde tatt frå jødane alle rettar som tyske borgarar.

I samband med markeringane skreiv Per-Willy Amundsen følgjande på Facebook: «Det er særlig muslimer, marxister og venstreradikale som nærer hatet mot Israel. Derfor er det absurd at Palestinakomiteen og andre venstrevridde organiserer markeringen av Krystallnatten i Tromsø.»

«Kunnskap skal styre rike og land,» skreiv A.O Vinje. Det er forstemmande at Erna Solberg inviterte denne mannen, så historie- og kunnskapslaus, til å sitte som justisminister ved kongens bord. Det var ikkje Israel som skulle markerast forrige veke, men fryktelege overgrep mot eit folk som seinare blei forsøkt utrydda av ein mann som òg prøvde å utrydde marxistar og venstreradikale.

Det er så ein kan mistenke Amundsen for å ha skulka historietimane når han ikkje fattar at retorikken hans er eit ekko av den som var dominerande i Tyskland på 1930-talet. Den gongen sa dei riktignok «jødar» i staden for «muslimar», men narrativet var det same: Nemnte folkegruppe konspirerer med sosialistar og marxistar for å øydelegge verda slik vi kjenner henne.

Det er underleg at Amundsen unnlet å nemne at høgreekstreme og nazistar framleis nærer eit intenst hat mot jødar. Det burde vere eit tankekors at etter at Trump (som Amundsen forresten har vore med på å nominere til Nobels fredspris) kom til makta, har jødehatet skote til vers i USA. I ein massakre i ei synagoge i Pittsburgh, Pennsylvania, blei elleve drept og seks skada av ein høgreekstremist for bare nokre dagar sidan.

Vi ser i aukande grad eit lett gjennomskueleg forsøk på å vaske jødeblod av hendene til høgreekstreme og kline det på «venstrevridde» i staden. At Hitler forbaud både det kommunistiske og sosialdemokratiske partiet og at mange av medlema blei sendt i konsentrasjonsleirar, ser ut til å vere fullstendig irrelevant for Amundsen og hans meiningsfellar. At Der Führer og nazisympatisørar hata sosialistar og marxistar nesten like intenst som jødar, passar ikkje inn i deira historieskriving, så det avfeier dei med eit skuldertrekk.

Som historielærar tok eg to gongar med klasse med De hvite bussene til Auschwitz, Sachsenhausen og Birkenau. Før avreise gjorde vi grundige førebuingar. Mellom anna arrangerte vi lese-vake på skulen sitt bibliotek. Der låg elevane på flatsenger medan eg leste høgt for dei til langt på natt frå Herman Sachnowitz si gripande bok «Det angår også deg». Ei bok om han og familien hans som blei deporterte til Auschwitz. Forfatteren kom heim til Noreg som einaste overlevande. Det vi hadde som overskrift for klassereisa, var: «Aldri gløyme». Eg trur ikkje desse elevane nokon gong gløymer.

Folk kan kalle meg kva dei vil (og gjer det) i kommentarfelt til tekstar eg skriv. Bare ikkje antisemitt! Då freser eg på Navarsete-vis: «Du veit ikkje kva du snakkar om!» Jau, då. Eg kritiserer Israel. Fordi dei har okkupert meir og meir av områda Palestina blei tildelte av FN. Fordi dei har gjort Gazastripen til eit fengsel med ein diger mur. Fordi dei drep palestinske barn med rakettar. Det gjer meg IKKJE til antisemitt, Amundsen. Eg kritiserer òg USA, Saudi-Arabia og Kina for deira politikk. Det gjer meg ikkje til antiamerikanar, antisaudiaraber eller antikinesar

Vi må slutte å fragmentere ekstremisme som meir eller mindre akseptabel. Det finst ingen pusete, ufarlege ekstremismer. Same kva som er drivkrafta; dei er alen av same stykke. Om den er politisk eller religiøs motivert; fundamentet er beksvart hat. Eit hat så farleg at det genererer radikalisering som igjen fører til absurde og groteske handlingar.

Det er ytterst alvorleg at politikarar som Per-Willy Amundsen prøver å skrive om historien etter sitt eige hovud og omskape verda i sitt bilde. I ei av brakkene i Auschwitz heng følgjande sitat: «Den som gløymer historien, vil måtte leve den på nytt.» Det forstod elevane mine. Gjer du, Per-Willy Amundsen?