SOM I «RINGENES HERRE»: «Peder Jensen samanliknar vår verd med fantasiverda i «Ringenes herre», og muslimar med dei avskyelege orkane,» skriv artikkelforfattaren. Foto: New Line Cinema
SOM I «RINGENES HERRE»: «Peder Jensen samanliknar vår verd med fantasiverda i «Ringenes herre», og muslimar med dei avskyelege orkane,» skriv artikkelforfattaren. Foto: New Line CinemaVis mer

Det Fjordman teier om

Forventar Jensen at å fysisk fjerne islam skal gå fredeleg for seg?

Peder Jensen prøver seg 18. november med eit svar til meg og fleire andre. Han seier at han står ved påstanden: «Er islamsk lære grunnleggende voldelig? Ja. Kan islam reformeres? Nei. Kan islam forenes med vår måte å leve på? Nei. Finnes det noe slikt som et moderat islam? Nei. Kan vi fortsette med å la muslimer bosette seg i våre land? Nei.»

Med andre ord meiner Jensen at verdas i dag rundt 1,5 milliardar muslimar, tilhengarar av ein nær 1400 år gammal religion, representerer ei fullstendig monolittisk og valdeleg tankeretning.

Ei meir radikal fråkjenning av ei så stor menneskegruppe si evne til uavhengig tenking og fredelege intensjonar har eg knappast sett. Men det passar godt inn med andre ting Jensen har sagt, der han systematisk fråskriv muslimar gode eigenskapar, og portretterer dei som stereotype, vonde skapningar.

Han kom til dømes etter kvart til følgjande konklusjon om muslimar: «Eg har samanlikna islam med filmen «The Matrix», der folk blir gjort til slavar gjennom å leva i ei kunstig verd, laga for å halde dei i trelldom. I filmen er alle som ikkje er fullstendig avkopla frå denne kunstige verda ein potensiell agent for systemet. Eg har kome til konklusjonen at dette òg er den mest fornuftige måten å sjå på muslimar.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han samanliknar òg vår verd med fantasiverda i «Ringenes herre», og muslimar med dei avskyelege orkane: «I det reelle Vesten ... ville me invitert millionar av orkar til å bu i storbyane våre og lært barna våre om orkane sin rike kultur.» Ja, Jensen ser ut til å elske slike fiksjonskampar der ein kan forholde seg til enkle fiendebilete: «Kvifor likar så mange «Ringenes herre»? Eg mistenkjer at ein grunn er den forfriskande tanken om å verna sin sivilisasjon og sitt land mot vondskapen.»

Men endå meir avslørande enn det Jensen svarar på i innlegget sitt, er kva han ikkje seier noko om. Korleis tenkjer Jensen at han kan sameina det han sa etter 22. juli, nemleg at «jeg har heller aldri tatt til orde for vold i mine tekster», med ønsket om å «fysisk fjerne islam og muslimar frå Europa»?

Forventar Jensen at alt dette skal gå fredeleg for seg? Kva inneber det, Jensen, når du seier at «me treng å forstå at demokrati er eit verkty for å oppnå eit spesifikt mål, ikkje eit mål i seg sjølv?» Kva inneber det når du ser deg budd til å sjå på lovene som illegitime og å «gjera det som trengst for å verna om eigen tryggleik og sikra nasjonal overleving?»

Eg vonar at Jensen vil svare på desse spørsmåla. Elles får ein vel berre konkludere med at han ikkje sjølv lever opp til idealet sitt om å «si sannheten, selv når denne er ubehagelig.»